JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Suksess og fall

Det hende noko høgst uvanleg i Wien den 3. desember i år. Tilsynelatande på toppen av ein glitrande politikarkarriere melde Sebastian Kurz at han ville forlate politikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

10526
20211217

Austerrike

Den første republikken vart grunnlagd i 1920 og vara til 1938. Då overtok Tyskland landet (Anschluss), og Austerrike vart ein del av det tredje riket.

Den andre republikken vart grunnlagd i 1945 og er Austerrike av i dag. Det er ein forbundsstat samansett av ni «Länder» (delstatar).

Frå 1945 har landet for det meste vore styrt av to store parti, Österreichische Volkspartei (ÖVP) og Sozialdemokratische Partei Österreichs (SPÖ), i praksis eit topartisystem.

arnfinnse@yahoo.no

Kurz hadde fått ein son, den førstefødde, og tida var inne for å ta omsorg for han. Det var viktigare enn politikk, og han ville derfor ta heilt avskil med austerriksk politikk. Kort tid før, den 11. oktober, var han blitt tvinga til å gå av som forbundskanslar i Austerrike i ein alder av 35 år. Han hadde då fire år som forbundskanslar bak seg, og var i to periodar den yngste statssjefen i Europa. Kva låg bak?

Han hadde hatt ein eineståande karriere. Som svært ung kom han 2011 inn i regjeringsapparatet: Han vart statssekretær for integrasjon 24 år gammal, utanriksminister i 2013 27 år gammal, som den yngste i verda, og kanslar som 31-åring. Eit politisk vedunderbarn, ein pen ung mann og ein svigermorsdraum. Kva hadde hendt?

Politiske parti

Vi må først sjå det store biletet av styringa av Austerrike, «den andre republikken», grunnlagd i 1945. Landet har heile tida hatt to store «styringsparti», SPÖ – Sozialdemokratische Partei Österreichs og ÖVP – Österreichische Volkspartei. Dei har styrt landet og delt makta mellom seg, skiftevis det eine og det andre partiet, i heile etterkrigstida.

Oftast og lengst har SPÖ sete, gjerne i koalisjon. Særleg kjent er perioden til Bruno Kreisky (SPÖ) i 1980-åra. Men denne maktdelinga har ført til ei slags «monopolisering» av makta, slik at politiske og også andre stillingar i samfunnet er blitt fordelte etter ein «Proporz» (proporsjonalitet) i tilhøvet mellom partia. Systemet er blitt svekt med åra, men ligg enno som ein ryggmerg i samfunnet, og andre utanom dei to partia har hatt vanskar med å sleppe til.

Opposisjon mot denne maktdelinga har vore der lenge og er særleg målboren av partiet FPÖ (Freiheitliche Partei Österreichs). Partiet er symbolisert gjennom fargen blå. Frå tidleg av har SPÖ fargen raud og ÖVP fargen svart (som CDU i Tyskland).

Legg merke til nemninga freiheitlich. Fridom for og frå noko, men FPÖ hadde i si første tid sterke innslag av nazistiske eller nazinære talsmenn. Denne arven har lenge hange ved partiet og er der kanskje enno. Særleg kjend er Jörg Haider frå 1990–2000-åra. Berre to gonger har partiet blitt teke inn i varmen, inn i regjeringa (1983–1986 og 2000–2003).

Partiet blir i utlandet forstått som eit ekstremt høgreparti og eit slags utanforparti. Innanriks må ein også sjå partiet som eit fridomsparti, fritt frå og i opposisjon til dei to store dominante parti. Det er til dømes imot vaksinetvang no, og leiaren – Herbert Kickl ­– har nettopp uttala seg sterkt.

Småparti finst også, særleg må nemnast Die Grünen (Dei grøne). Presidenten sidan 2017, Alexander Van der Bellen, er frå det partiet. Der er også eit lite, liberalt parti – Neos.

Innvandringskritisk

Den dramatiske i avgangen til Kurz frå så vel regjering som politikk i det heile har røter i hendingar før og under valkampen til Nasjonalrådet (parlamentet) i 2017. Då styrte ein koalisjon av SPÖ og ÖVP med sosialisten Werner Faymann som kanslar (2008–2017) og Reinhold Mitterlehner frå ÖVP (partileiar 2014–2017) som visekanslar (2014–2017).

Situasjonen i ÖVP vart på den tida av mange oppfatta som stivna og litt gammalmodig, ein trong å tørke støv av «die alte Tante». I tida fram til 2017 var det også dårleg stemning fordi sosialdemokratane hadde hatt hovudansvaret for styringa lenge, heilt sidan 2008.

Men ÖVP var med i regjeringa og hadde nokre postar, blant desse utanriksminister Sebastian Kurz. Han hadde gjort seg synleg på fleire vis gjennom endringar i integreringspolitikken, framfor alt ved å skjerpe innvandringspolitikken då han braut med den tyske forbundskanslar Angela Merkels «wir schaffen das» (vi greier det). Kurz stengde «Balkanruta» under flyktningkrisa i 2015. Dermed nærma han seg FPÖ, som var sterkt innvandringskritisk.

I nasjonalrådsvalet i 2013 hadde både SPÖ og ÖVP gått markant tilbake, medan FPÖ hadde hatt stor framgang. Framfor valet 2017 var det uro.

Ein fot innanfor

Ei ung og ærgjerrig gruppe ungkonservative karar (die Burschen) omkring den svært unge Sebastian Kurz ville gjerne gå til åtak på det gamle partiet og fornye det. Alt i 2011 hadde gruppa vakse seg større, og Kurz hadde fått ein fot i regjeringa. I «Projekt Ballhausplatz» (gateadressa til kanslarkontora) frå 2016 var det planlagt først å overta leiarskapen i ÖVP og deretter med Kurz som spisskandidat vinne valet, slik at Kurz kunne bli kanslar.

Kurz var, medan dette vart planlagt, i posisjon som utanriksminister (sidan 2013) i den svart-raude regjeringa under sosialdemokraten Werner Faymann.

I løpet av vinteren 2016–17 fekk «gutane» ved hjelp av positive innlegg og arrangerte positive meiningsmålingar for Kurz i gratisavisa Österreich (utdelt i heile Austerrike) til slutt partileiar og visekanslar Reinhold Mitterlehner til å gi frå seg leiarskapen i partiet. Etter valet, som gjekk dårleg, var han også ute av regjeringa.

Korrupte meiningsmålingar og kjøpte medium hadde gjort arbeidet.

I nasjonalrådsvalet i 2017 fekk ÖVP flest stemmer (31,5 prosent, ein sterk auke), sosialdemokratane kom dernest med (26,9 prosent, eit stabilt stemmetal) og FPÖ like etter med 26,0 prosent av stemmene, også det ein sterk auke. Valvinnarar var ÖVP og FPÖ. ÖVP danna regjering med FPÖ som støtteparti og partileiar Heinz-Christian Strache vart visekanslar. Men å ta FPÖ med i regjering var kontroversielt.

Ei omvelting

Dette var ei omvelting på fleire vis. Først ved at ein for å friske opp ÖVPs profil med den tradisjonsbundne fargen svart tok i bruk turkis som ny partifarge og kalla partiet det Die neue Volkspartei (Det nye folkepartiet). Dernest ved at ein tok FPÖ inn i regjeringa. For mange var det utenkjeleg.

Regjeringstida 2017–19 viste seg å bli anstrengande. I 2019 «sprakk» ein stor skandale, det som sidan er blitt kalla Ibiza-affæren. På den spanske øya Ibiza hadde representantar for FPÖ vore på eit møte. Der hadde visekanslar Strache blitt løynleg filma (ei felle?) medan han tilbaud ei russisk (oligark)kvinne offentlege kontraktar mot pengar til FPÖ. Korrupsjon og muting. Det enda med at visekanslar Strache måtte gå av, og partiet gjekk også ut av regjeringa. I den påfølgjande regjeringsombygginga kom partiet Die Grünen inn, og den nye visekanslaren vart partileiar Werner Kogler.

Så kom ransakingane onsdag morgon 6. oktober 2021, eit sjokk og ein moralsk og politisk skandale. Det var det austerrikske økokrim og antikorrupsjonsorganet som gjekk til aksjon med ransakingar på forskjellige adresser i Wien: i kanslarkontora, i kontora til ÖVP, i finansministeriet og kontora til avisshuset Österreich, for å sikre seg elektroniske data, serverar, datamaskiner og mobiltelefonar. Noko slikt hadde ikkje hendt før i historia til den andre republikken.

Formålet var å undersøkje om det hadde gått føre seg korrupte handlingar ved hjelp av friserte og forfalska dokument i Sebastian Kurz’ tid som kanslar og før det som utanriksminister, og med Kurz som aktiv deltakar.

Går av

I løpet av onsdag og torsdag prøvde Kurz å bagatellisere det heile, han hadde ikkje gjort noko gale. Torsdag og fredag kom nye avsløringar, og visekanslar Kogler sa fredag at kanslaren ikkje lenger var «amtsfähig», ikkje eigna til å styre, dette til protest frå kanslar Kurz.

Laurdag var ikkje situasjonen lenger til å tole, og søndag melde Kurz at han skulle gå måndag. Utanriksminister Alexander Schallenberg blei vald til å overta, og tysdag 12. oktober vart han teken i eid som ny forbundskanslar.

Dette var ei veke utan sidestykke i austerriksk etterkrigspolitikk.

Vikaren

Etter avgangen til Kurz 12. oktober, og med Schallenberg som ny kanslar, heldt undersøkingane fram. Det er snakk om svære mengder materiale. Særleg interesse fekk utskriftene av telefonsamtalane og særleg dei talrike chattane, for dei fortalde mykje om den uformelle kommunikasjonen som hadde gått føre seg mellom Kurz og hans nære krins, og kommunikasjonen internt i krinsen.

Dette vart etter kvart svært belastande for dei impliserte. Kurz’ juridiske immunitet vart teken bort, og situasjonen vart lite haldbar. Då sonen dessutan vart fødd, såg Kurz det best å nytte høvet til gå av.

Schallenberg var blitt kanslar, nok mest av pliktkjensle for den gamle sjefen sin. Han vart gjerne omtala som Schattenkanzler (skuggekanslar), og i det austerrikske politikarmiljøet vart han nok oppfatta som ein vikar for Kurz, ikkje som ein rett kanslar. Han skulle berre halde posten inntil ting roa seg og Kurz kunne kome tilbake.

Kjedereaksjon

Då Kurz brått trekte seg frå politikken i desember, oppstod ein ny situasjon. Schallenberg tok konsekvensen og gjekk av, han òg. Ein kjedereaksjon kom, medlemer av Kurz-krinsen som var i ministerposisjonar, gjekk også raskt av. Det enda med omorganisering av regjeringa.

ÖVP peika ut den 49 år gamle innanriksministeren Karl Nehammer til kanslarposten, og han blei teken i eid 6. desember. I den omorganiserte regjeringa går Schallenberg tilbake til den gamle stillinga om utanriksminister, og tre andre ministrar kjem inn for dei som gjekk eller måtte gå ut.

I innsetjingstalen markerte den nye kanslar Nehammer klar politisk eigenidentitet med avstand frå systemet Kurz. Han er ein erfaren kar med tillit i partiet, og ikkje minst hos «landsfyrstane», leiarane av delstatane. Austerrike er ein føderal stat med sterk posisjon for dei ni delstatane.

Det vi no ser, er at delstatane tek til seg større innverknad på styringa, og at «gamlekarane og -kvinnene» i partiet ÖVP etablerer seg på nytt. Det er også på tale å ta tilbake det gamle fargesymbolet svart for partiet. Vi ser truleg ein mild restaurasjon etter åra med Kurz og fargen turkis.

Nyval har spøkt som ein måte å rydde opp på og få ei ny «utdeling av korta», men det er ulike syn på kor klokt eller nyttig eit nyval er. Partia har ulike meiningar om det. Mest truleg ventar ein til det er ordinært val.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis