Spent på grensa
Nupi-forskar Julie Wilhelmsen seier USA og Nato kunne handla annleis for å hindre konflikteskaleringa mellom Russland og Ukraina.
I september i år trena russiske væpna styrkar saman med kviterussiske væpna styrkar. No har Russland plassert ut militære styrkar på grensa til Ukraina.
Foto: Vadim Savitskiy/Russian Defense Ministry Press Service via AP
Samtalen
Julie
Wilhelmsen
Nupi-forskar
Aktuell
Den spente situasjonen mellom Russland og Ukraina

eva@dagogtid.no
Russland har plassert ut militære styrkar og flytta stridsvogner og pansra køyretøy mot grensa til Ukraina. USA, Nato og EU er uroa over situasjonen, og amerikanarane fryktar at Putin planlegg ein ny invasjon av Ukraina.
Dag og Tid har snakka med russlandsekspert Julie Wilhelmsen, som er seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).
– Er det grunn til å frykte ein ny invasjon?
– Ja, det er det. Det har jo vore stor spenning rundt Ukraina sidan 2014, og konflikten frå den gong er framleis uløyst. No, sju år seinare, har vi tilleggsdimensjonen med den eskalerande konflikten mellom Russland og Nato og USA, der konflikten om Ukraina vert tolka som ein stråmannskonflikt, særleg frå russisk side.
– Kva er den konkrete grunnen til styrkeoppbygginga?
– Ein mogleg grunn er at Nato engasjerer seg i Ukraina gjennom å trene det ukrainske militæret og levere våpen og panservernmissil til Kiev. Frå russisk side er dette omtalt som å krysse den raude lina. Russarane ønskjer ikkje å ha Nato nærare grensene sine, og iallfall ikkje i postsovjetiske statar. Dette har dei òg åtvara mot fleire gonger, seier Kreml, utan at det er teke til følgje.
– Ein annan mogleg grunn er at Ukrainas president, Volodymyr Zelenskyj – som då han vart vald for to år sidan, sa han ville følgje opp Minsk-avtalen og forhandle om ei løysing for Aust-Ukraina – no har forlate den ideen og vendt seg til USA og Nato i staden. Zelenskyj har òg etter kvart ført ein tøff politikk mot prorussiske oligarkar og media internt i Ukraina. I tillegg har vi Biden-regjeringa som på den eine sida signaliserer ei meir føreseieleg og pragmatisk line overfor Russland, men samstundes gjev stadige signal om at USA vil støtte opp om Ukraina.
– Kva kan USA og Nato gjere om det skjer eit åtak på Ukraina?
– Dersom det verkeleg skulle verte situasjonen, er eg ikkje sikker på at verken Nato eller USA kjem til å vere viljuge til å gå i full krig med Russland for Ukrainas skuld. Den plikta Nato-landa har til å forsvare eit medlemsland som vert utsett for åtak, har ikkje nabolanda overfor Ukraina.
– Kor store russiske styrkar er det snakk om på grensa til Ukraina?
– Eg stolar ikkje på nokon av tala her, men det vert snakka om rundt 90.000 soldatar på grensa mot Ukraina.
– Det var uro over ei liknande styrkeoppbygging mot grensa til Ukraina i vår – utan at det eskalerte. Kva er annleis no?
– Situasjonen er meir spent no. Nokon meiner Russland har ein plan om å annektere større delar av Ukraina uavhengig av kva Nato og USA gjer andsynes Ukraina. Men slik eg les situasjonen, er russisk militærbruk betinga av det vestlege militære nærværet i Ukraina og av lina Kiev legg seg på. Når Kiev bikkar mot det kompromisslause, ser russarane føre seg at dei kjem til å ta tilbake Aust-Ukraina med makt i trua på at dei har vestleg ryggdekking, og då demonstrerer dei med den styrkeoppbygginga vi har sett både i vår og no.
– Er det noko USA og Nato kunne gjort annleis for å hindre eskaleringa?
– Ja, dei kunne sett seg inn i Russlands forståingshorisont og skjøna at for Russland er det med Nato-utviding og aukande militært nærvær nærare deira grenser, og spesielt for Ukraina, blodig alvor. Styrkeoppbygginga er eit teikn på kor mykje Russland er viljug til å setje på spel for å hindre at Ukraina vert del av den «vestlege blokka». Så finst det jo ein Minsk-avtale, som kan gjennomførast ved at Aust-Ukraina får ein viss autonomi. Den går klart i Russlands favør og er ikkje akseptabel for Kiev, men det er like fullt ein signert avtale, og truleg einaste veg til ei forhandla løysing. Eit problem på vestleg side, der også Tyskland og Frankrike er sentrale, er at det er for lite press mot ukrainske styresmakter for å få dei til å velje forhandlingsbordet i staden for å byggje opp forsvaret mot Russland. Russland, på si side, har vorte fullstendig kompromisslaus.
– No skuldar også Russland Ukraina for å byggje opp styrkar mot Russland aust i Ukraina. Ser du noko som kan løyse opp i situasjonen no?
– Det viktigaste no er at partane vender tilbake til dei diplomatiske samtalane og sluttar å kommunisere gjennom styrkeoppbygging, for det er det farlegaste som skjer.
– Kven trur du kan ta eit slikt steg?
– For Biden-regjeringa er den nye satsinga og kampen mot Kina så sterk at det kan vere at dei kjem til at dei må samle kreftene sine om det, og ikkje eskalere konflikten med Russland om Ukraina. Slik sett er det større sannsyn for at Biden-regjeringa gjev noko, enn at Russland gjev noko. Samstundes er jo russarane eigentleg interesserte i å implementere Minsk-avtalen, så om dei får tryggingsgaranti for at Ukraina ikkje vert Nato-medlem, og at Minsk-avtalen kan gjennomførast, kan dei òg truleg trekkje seg tilbake. Men slik det ser ut no, er ikkje det noko Kiev vil gå med på.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Russisk militærbruk er betinga av det vestlege militære nærværet i Ukraina og av lina Kiev legg seg på.
Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.