Utanriks

Søndag kveld fekk mange moldovarar og dei som følgjer situasjonen i Moldova, seg ein uventa kalddusj.

Sitjande president og presidentkandidat Maia Sandu, som vil ta landet inn i EU, røystar her i byen Chisinau i Moldova.
Sitjande president og presidentkandidat Maia Sandu, som vil ta landet inn i EU, røystar her i byen Chisinau i Moldova.
Publisert

Kommentar

Presidentvalet og EU-folkerøystinga vart langt meir dramatiske enn meiningsmålingane hadde spådd på førehand. Då 88 prosent av stemmene var talde, hadde dei som seier nei til grunnlovsfesting av EU-medlemskap, eit solid overtak med 54 prosent. Først måndag morgon, då fleire stemmer frå den EU-vennlege diasporaen tikka inn, gjekk resultatet i favør av ja-sida, med svært knapp margin: 50,38 prosent.

Sitjande president Maia Sandu enda opp med 42,5 prosent av stemmene. Russiskvennlege Aleksandr Stoianoglo frå den autonome regionen Gagausia fekk 26 prosent. Med det er det duka for ein andre runde av presidentvalet den 3. november.

Kampsak

President Sandu har gjort EU-medlemskap til si kampsak. For den proeuropeiske leiren i Moldova handlar EU først og fremst om tryggleik – om å skapa ein buffer mot russisk innblanding, men også om økonomisk vekst. Ein ser til framgangen nabolandet Romania har hatt sidan det vart EU-medlem i 2007.

Russland har pumpa inn millionar i påverkingskampanjar i Moldova sidan fullskalainvasjonen av Ukraina, og intensiverte dette massivt i månadane før valet og folkerøystinga. Ifølgje tenkjetanken Watchdog, i eit intervju med Panorama nyheter, har russiske aktørar brukt om lag 1,6 milliardar kroner på å påverka opinionen i Moldova berre i år. Det er langt billigare for Russland å driva hybrid påverking i Moldova enn å kriga på slagmarka i Ukraina.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement