JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Sabbat i Safed

SAFED: Det er laurdag og kviledag. Gatene ligg aude her i den gamle byen, tusen meter over havet, heilt nord i Galilea.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Safed: Shlomo Lengler førebur sabbatsmåltidet i lag med born, svigerborn og barneborn.

Alle foto: Håvard Rem

11239
20240202

Israel–Hamas-krigen.

Håvard Rem skriv frå Tel Aviv og Jerusalem, Libanon-grensa og Vestbreidda.

Del 2

Her kjem episode 2 i Håvard Rems reiseserie frå Israel og Palestina. Les episode 1 her.

Nord–sør-grensa

havard@dagogtid.no

Eg drog frå Tel Aviv tidleg i går, med det siste toget før sabbaten, når Israel stoggar i eit døger. Mellom væpna vakter, under stasjonsuret i avgangshallen, stod ein ortodoks og las bøner. Brått smilte han og spurde:

– Er du jødisk? Nei? Kan henda mor di er det. Messias kjem snart.

I går ettermiddag tok eg inn på hotellet i Safed, Artists Colony Inn. Ein gong var planen å utvikla staden til ein kunstnarby, men dei religiøse har teke over.

– Om du treng hjelp med å finna ljosbrytar eller anna teknisk, lyt eg ha beskjed før halv fem, sa eigaren, Shlomo Lengler. Under sabbaten har dei ikkje høve til å trykka på knappar. Eit døger utan dippeduttar lyder som ein klok idé.

– Innan eit kvarter? Eg såg på uret.

– Sabbaten byrjar før solnedgang. Då kan me ikkje hjelpa deg.

Himmelen mørkna. Ljoden i det fjerne var ikkje torevêr, men artillerield, blanda med tungt regn.

Solnedgang og sabbatstid i Nord-Galilea.

Det tredje tempelet

Kvifor er eg i Safed? Eller: Kvifor har eg aldri vore her før? Eg har reist ein del i Galilea, men Safed ligg nord for Nasaret, Kapernaum og den bibelske ljosløypa. Til Libanon er det berre ei mil i luftline, vegen dronar og rakettar nyttar.

Difor fór eg til Safed: Etter krigsut­brotet i haust høyrde eg stadig at landet var jødefritt mellom det fyrste og tjuande hundreåret. Men det er feil. Vel, rett skal vera rett: Etter krigen kring år 135 vart dei nekta innreise til Jerusalem og Judea i sør, fyrst av romarane, sidan av kristne. Difor vart det mange som slo seg ned i Galilea.

Her i Safed var det så seint som i det sjuande hundreåret eit jødisk samfunn som la planar om å atterreisa tempelet i Jerusalem. Det vart med planane, for få år etter vart området erobra av muslimar. Det som då reiste seg på tempelhøgda, var Klippedomen og Al-Aqsa-moskeen – den siste gav namn til Hamas-åtaket 7. oktober.

1400 år seinare har jordskjelv og krig sletta mange spor, men ikkje alle. Ein del jødar flytta hit etter 1492, frå Spania, då kristne dreiv muslimar og jødar ut av Pyrené­halvøya. Og grannebyen Rosh Pinna har dei eldste europeisk-jødiske busetjingane i moderne tid, frå kring 1880.

Møte med ein rabbi

På sabbaten er ingen å sjå. Det er familietid, som jolaftan heime. Eg går mot eit arke­ologisk område heilt øvst i byen. Brått kjem eit ungt par mot meg. Den spedbygde karen – Yud skal eg læra at han heiter – går i svart kjortel, under ei diger pelshovudplagg, med form og farge som ei sjokoladekake.

– Er du jødisk, spør han, hektisk, andpusten, med Lower East Side-tonefall. Yud har vakse opp på Manhattan. Då eg budde der i fjor, såg eg mange som han.

– Ikkje som eg veit, svarar eg.

– Er du heilt sikker, held han fram.

Eg vert usikker. Har eg som heidning ikkje rett til å gå her på vegen? Det sa ikkje Shlomo noko om. Er det arkeologiske om­­rådet berre for jødar?

– Du lyt fylgja med oss heim, seier Yud insisterande.

Safed: Etter måltidet syng Shlomo Lengler og familien sabbatssongar.

Sabbatsmåltidet

Yud tok med seg familien frå Manhattan til Safed for eit år sidan. Shlomo og familien flytta hit under pandemien, frå Ottawa i Canada. Begge tok med seg kona si og i alt ti born.

Det vart sabbat og familietid på meg òg. Alt er stengt i Safed i dag, og eg er einaste gjesten, så Shlomo bad meg opp til sabbatsmåltidet i stova. Han sat ved bordenden og las kiddush, signinga av vinen og brødet, før han delte brødet og skjenkte vin.

– Kva slag jødisk retning reknar du deg til? spurde eg.

– Ingen. Eg anerkjenner ingen skular og inndelingar, anna enn dei tolv stammane, svara han.

Det vart mykje mat og prat. Eg sat mellom Shlomo og svigersonen David, den mest religiøse av dei, oppvaksen i Florida i USA. Dei andre smilte brydde då han ville gjera inntrykk på den framande europearen:

– Eg vert meir og meir rasistisk. Arabarane lyt døy.

Det synte seg snøgt at provokasjonen ikkje gjekk så djupt. Fastlækjaren hans er palestinar, nett som min. Men konservativ er han, som så mange andre jødar og muslimar i landet.

Og mange er liberale. Kven vert flest i framtida? Barneflokkane er med og avgjer.

Safed: Ein soldat i sivil med gevær og Drikk israelsk whisky-genser frå eit destilleri på Golanhøgdene.

«Hamas-åtaket 7. oktober var ei straff frå Gud, seier Shlomo.»

Ei straff frå Gud

Kva meiner dei konservative og liberale om krigen? Om sundbombinga av Gaza i sør? Som eg skreiv førre veke: Jødiske israelarar flest kritiserer ikkje krigføringa. Palestinske israelarar trekkjer resignerte og fatalistiske på skuldrene: Kva kan ein gjera?

Shlomo vil ha fred.

– Me lyt læra oss å leva med arabarane, seier han. Svigersonen er samd. Men dei stør krigføringa. Ikkje av di ho er rett, men av di ho hender. Alt som hender, er Guds vilje.

– Hamas-åtaket 7. oktober var ei straff frå Gud, seier Shlomo.

– Kvifor?

– To veker før, på jom kippur, gjekk nokre kvinner i synagogen i bikini, ikkje som ein demonstrasjon, det kunne Gud ha tilgjeve, men av rein nonsjalanse.

Liberale israelarar trur ikkje på lagnaden, men heller ikkje dei tek openlyst avstand frå krigføringa. Ein av dei særs få som gjer det, er sterkt religiøse Yud. Han seier:

– Palestinarane og jødane høyrer saman. Eg er ikkje berre mot den israelske krig­føringa, men mot staten Israel òg. Det er ikkje rett å oppretta riket før Messias kjem.

Rosh Pinna: Tangerine Bar.

Rosh Pinna: Tangerine Bar.

Nattklubben

Laurdag kveld fer eg til Tangerine Bar i Rosh Pinna for å møta ein rogalending som bur her med israelsk kone og to døtrer, midt i krigen, krigshistorikaren og sandnesbuen Asgeir Ueland.

Korleis er utelivstemninga så nær Libanon og Hisbollah? Høg. Bartenderen står med ein joint i munnvika, og liknar elles på Jesus, med langt hår og midtskil. Musikaren som driv staden, ler seg skakk når eg nemner at sidemannen liknar Keith Richards. Ungdomen sit i telta utanfor. Når eg står i dokø, kjem tre av dei ut av eit avlukke, småsnufsande av kokain.

Samstundes, nokre kilometer unna, har tre tungt væpna Hamas-krigarar kome seg over grensa og inn i Israel, kan henda i von om å laga eit lokalt 7. oktober her oppi nord. Tangerine Bar ville ha vore rette staden.

Dei to nordmennene er ikkje berre dei einaste ikkje-israelarane i baren, men har den lengste vegen heim òg, eg til hotellet i Safed, Ueland til heimen i Yesod Hama’ala, ei bygd klemd inne mellom Libanon og Golan, der yngstedottera på snart åtte tidlegare i dag synte meg korleis ho kastar seg i bakken om ho er ute og leikar når flyalarmen går.

Asgeir Ueland nyt eit «levantisert» kjøken med hummus og falaffel.

Levantiseringa

Det er snart tretti år sidan Ueland drog for å studera ved universitetet i Jerusalem. På toget frå Tel Aviv høyrde eg på ein NRK-
podkast der han sa mykje klokt om den politiske utviklinga i området.

Eit stikkord er «levantiseringa av Israel». Levanten er eit namn på den indre delen av Middelhavet. Eit i utgangspunktet vestleg prega Israel har på generasjonar vorte meir Midtausten-prega. Eg noterte noko av det same i ei bok eg kring tusenårsskiftet skreiv frå Israel, då med måltidet som perspektiv: Kjøkentradisjonar frå heile verda tok dei med seg, dei som busette seg her i førre hundreåret, men kjøkenet som har vunne fram, er det levantiske, basert på lokale råvarer og tradisjonar.

Ueland siktar til ei levantisering i breiare forstand, politisk og kulturelt. Israelarar med utanomvestleg opphav flokkar seg om statsminister Benjamin Netanyahu. Mange av dei har opphav i land i Midtausten og Nord-Afrika som etter andre verdskrig har vore tømde for jødar.

Inneber levantiseringa at Israel då har vorte mindre vestleg? Nei, Vest-Europa har òg vorte levantisert. Fleire titals millionar menneske med Midtausten-bakgrunn bur no i verdsdelen. Slik sett er det framleis rett å rekna Israel til det globale nord.

Tala kan samanliknast. Kring éin av fem israelarar er arabarar, dei fleste av dei muslimar. Som i vesteuropeiske land er ein avhengig av at folkegruppene kan leva i fred med kvarandre.

Sundag morgon

Sundag morgon høyrer eg nok ein gong artillerield frå terrassen, men til frukosten meiner Shlomo at eg kan ha høyrt søppelbilen. Han er uroa. Krigen er ei ulukke for turistnæringa.

Det siste døgeret har det vore ei rekkje åtak langs grensa. Hisbollah har teke ansvar for åtte av dei. Dei tre Hamas-krigarane som tok seg inn frå Libanon i natt, hadde med seg automatgevær, handgranatar og berbare M72-liknande panservernrakettar. Men dei nådde aldri fram til menneske eller militærinstallasjonar. Dei vart oppdaga, og det vart kamp. Fem israelske soldatar vart skadde av handgranatane. Dei tre frå Hamas vart drepne.

Libanesiske aviser melder at seksti israelske prosjektil råka deira side av grensa. Det er lite. Krigen i nord går på lågbluss. Områda nærast grensa er evakuerte, på båe sider, men ei mil unna er det kvardag. I nattklubbane festar dei, i heimane ligg småborna og søv, og i Safed lit dei på Gud.

Det har dei grunn til. På toget frå Tel Aviv las eg meg opp på kvar i Nord-Galilea Hisbollah-dronane råka, og fann at fleire av dei var sikta inn på Safed, ikkje av di staden er eit religiøst sentrum, men eit militært, som base for nordkommandoen til dei israelske styrkane.

Safed: På stoveveggen til Yud har det tredje tempelet erstatta Klippedomen og Al-Aqsa-moskeen på Tempelhøgda i Jerusalem.

«Som eit bønesvar finn Yud og kona den einaste heidningen i Safed.»

Hovudbrytaren

Men kva med Yud og kona som eg møter langs den aude vegen på sabbaten, og som naudber meg om å fylgja med dei heim? Eg går med dei. Nyfiken er eg òg. Yud er ein raring. På den eine sida ein ung, sjølv­sikker og verdsvand newyorkar. På den andre sida ein utspjåka, karnevalistisk midtaustenbuar.

Dei bur med flott utsyn over Safed. Huset er stort og fint, men kaotisk, som om dei enno ikkje har flytta ordentleg inn. Rotet kjem nok for ein del av alle borna. Fire av dei er i stova. Eit femte, eit spedbarn, søv. Dei har vore åleine heime medan foreldra var ute og såg etter folk.

Straumen har gått, og av di det er sabbat, kan ingen av dei slå han på att. Med fem born er det krise. Dei får ikkje laga mat. Og dei treng varme, me er tusen meter over havet. Men som eit bønesvar møter dei den einaste heidningen i Safed.

Yud syner meg hovudbrytaren som han ikkje kan røra før solnedgang. Eg slår han på. Og som skrive står: Det verte ljos! Yud og kona jublar. Eg ser meg kring i kaoset. Og der ser eg det, det eg drog til Safed for å finna spor etter: det tredje tempelet. På stoveveggen – ved sida av reolar med jødisk kommentarlitteratur, ein del skrive her i Galilea – heng eit stort bilete av tempelet i Jerusalem, slik ein ser føre seg at det såg ut ein gong og ein gong skal sjå ut.

I mellomtida får ein nøya seg med synagogen. Yud har sin eigen. Sjokoladekakelua kan han bera av di han er rabbi med eigen synagoge. I lag med eldstesonen hans på ti år, med hengekrøller, går me ut av huset og ned ei steintrapp til den vesle synagogen i underetasjen, ein av dei mange i Safed.

Her er det ryddig. Alt verkar nytt og urørt, som om torarullane, arka og lese­benken nyleg var tinga på nettet og frakta hit av ein lastebil gjennom dei tronge, bratte gatene, tusen meter over havet, ei luftlinemil frå Libanon.

Safed: Yud i trappa frå bustaden til synagogen.

Les også: Israel-Hamas-krigen. Del 1

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis