JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Russlands samvit

I redaksjonslokala til Novaja Gazeta finn du ein minnevegg med bilete av seks drepne journalistar. Nobelprisen er til dei og til dei andre russiske journalistane som framleis tør å grave etter sanninga trass i trugsmål.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ane Tusvik Bonde legg ned roser for Anna Politkovskaja ved Russlands ambassade 7. oktober 2021.

Foto: Privat

11616
20211015

Novaja Gazeta

Dmitrij Muratov blei tildelt Nobel fredspris samen med Maria Ressa 8. oktober 2021.

Muratov er redaktør for den uavhengige russiske avisa Novaja Gazeta.

Seks medarbeidarar i avisa har mista livet sidan 2000.

7. oktober var det 15 år sidan journalist Anna Politkovskaja vart skoten.

Russland er rangert som nr. 150 på Reporters Without Borders’ presseindeks for 2021, det er éin plass ned frå 2020.

Nye lover har råka kraftig handlingsrommet til frie medium i Russland.

KOMMENTAR

ane.bonde@humanrightshouse.org

Om morgonen 7. oktober, 15 år etter at Anna Politkovskaja blei skoten utanfor heisen i oppgangen der ho budde i Moskva, la vi ned blomar på hjørnet av Drammensvegen i Oslo der den russiske ambassaden ligg. Vi skreiv namnet hennar, Anna, med raude roser, for å sørgje for at vi sjølv, dei som gjekk forbi, og dei som ganske sikkert rydda blomane bort, ikkje skulle gløyme den modige stemma. Stemma som aldri slutta å grave og avdekkje menneskerettsbrot i Russland, spesielt i Tsjetsjenia, og som aldri slutta å spørje kven som stod bak ugjerningane.

I redaksjonslokala til Novaja Gazeta er det ein minnevegg med bilete av Anna Politkovskaja og dei andre medarbeidarane som har mista livet. Då redaktør Dmitrij Muratov fekk vite at han var tildelt fredsprisen, tileigna han prisen til dei drepne kollegaene sine: Igor Domnikov, Jurij Sjtsjekotsjikhin, Anna Politkovskaja, Stanislav Markelov, Anastasija Baburova og Natalja Estemirova. Seks menneske. Skoten, kidnappa og forgifta er døme på lagnaden deira.

Igor Domnikov var den fyrste. Som journalist dekte han stoff om kultur og utdanning. I 2000 blei han angripen med hammar utanfor bustaden sin i Moskva. I same oppgang budde ein annan journalist frå Novaja Gazeta som hadde grave i korrupsjonssaker i oljenæringa. Fleire kollegaer trur hammarslaga var meinte for han.

Jurij Sjtsjekotsjikhin som var redaktør, døydde under mystiske omstende i 2003 medan han undersøkte om tryggleikstenestene kunne vere innblanda i bombinga av fleire bustader i Moskva og andre byar i 1999.

Stanislav Markelov blei skoten på open gate 19. januar 2009. Han jobba som advokat for Novaja Gazeta og var bistandsadvokat for fleire av offera Anna Politkovskaja hadde skrive om.

Anastasija Baburova, praktikant hos Novaja Gazeta, som hadde teke følgje med han ut frå ein pressekonferanse, blei òg skoten og døydde seinare av skadane. To unge nynazistar vart dømde i 2011. Då eg var observatør for norske Amnesty i ei ankesak i Moskva i 2006, møtte eg Markelov, som var bistandsadvokat for den råka familien. Eg hugsar han køyrde på med argument medan domaren gjorde det han kunne for å ignorere han.

Dumpa i ei grøft

Tidlegare denne hausten, tolv år etter drapet på Natalja Estemirova, slo Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg fast at etterforskinga ikkje hadde vore effektiv. Dei klarte ikkje å prove at russiske styresmakter stod bak kidnappinga og drapet på journalist og leiaren av Memorials kontor i Groznyj.

Då eg køyrde med sjefen min frå Ingusjetia til Tsjetsjenia i 2013, hugsar eg at den eine journalisten som reiste saman med oss, plutseleg peikte ut av vindauget på staden der dei fann Natalja. Eg kjende henne ikkje, men hugsar så godt den verdige framtoningen hennar året før. Som ei dronning tok ho farvel med andre forkjemparar i Georgia etter eit seminar, som om ho visste det var siste gong ho skulle sjå dei.

Drapet i juli 2009 sjokkerte oss alle. Men det var fyrst då eg køyrde forbi plassen der ho blei funnen, at eg forstod kva som hadde hendt: Den eine dagen rapporterer ho til Novaja Gazeta og dreg på kontoret for å hjelpe offer for overgrep. Ho grev i forsvinningssaker ikkje nokon andre vil ta i. Morgonen etter vert ho kidnappa, skoten og dumpa i ei grøft.

Russlands tapte samvit

Tre år før var Anna Politkovskaja blitt skoten utanfor heisen i oppgangen sin. President Putin kommenterte tørt at innsatsen hennar var ubetydeleg. Novaja Gazeta starta si eiga gransking av saka. I 2014 fekk to menn livstid og to andre blei dømde til 12 og 20 år for ugjerninga. Den som gav ordre til drapet, har aldri vorte stilt til ansvar.

Gravejournalisten som lenge før nokon av oss andre såg kvar Russland var på veg, nytta si røyst til å få russarar og oss i Vesten til å vakne. Ho skreiv om den menneskelege delen av konflikten. Gjennom henne fekk folk høyre om torturen, dei forsvunne, dei etterlatne eldre. Artiklane og bøkene der ho skildrar Putins Russland, er skremmande lesing, spesielt no i ettertid når vi veit kor gale det gjekk.

Ho var skuffa over vestleg presse og irriterte seg over nokre av dei overflatiske journalistane her i Noreg som ikkje såg ut til å bry seg om det ho fortalde. Stian Bromark skreiv i ei bokmelding nokre år etter at ho ikkje berre vart Russlands tapte samvit, men også Europas.

Ofte gjekk ho også ut av journalistrolla, hjelpte folk på ein sjukeheim ut av Tsjetsjenia eller fekk kjeldene ut av Russland då det blei for farleg for dei. Ho levde for å verne enkeltmenneske og kravde rettferd for dei gjennom å setje historia deira på trykk. For å få ein sak opp i retten der ein ung tsjetsjensk gut var forsvunnen, skreiv ho 13 artiklar. Då mannen som stod bak ugjerninga, blei dømd, gjekk takken frå familien til Anna Politkovskaja.

«En må kjempe til siste slutt», meinte den anerkjende journalisten. «Slik jeg ser det, kan ikke en sopp som vokser under et stort blad, bare vente og håpe på å overleve. (...) Er du født som menneske, kan du ikke oppføre deg som en sopp», skriv ho i notata til boka Mitt russiske testament (omsett til norsk av Kjell Olaf Jensen).

Det kan ikkje ha vore lett å vere redaktøren hennar. Ho var på mange vis ustoppeleg. Sjølv om Muratov forbaud henne å dra attende til Tsjetsjenia dei siste åra, heldt ho fram dekninga. Også til oss innanfor menneskerettsrørsla stilte ho krav. Ho brydde seg ikkje om posisjon, men kva ein gjorde. Eg møtte henne som frivillig russlandskoordinator for norske Amnesty nokre gonger då ho var på besøk i Oslo, men kom aldri nær innpå henne. Eg kjende henne best gjennom det offera fortalde og omsorga ho viste for dei.

Truga av Kadyrov

Anna inspirerte ein heil generasjon russiske journalistar. Ei av dei var Elena Milasjina. Ho heldt fram med å dra til Tsjetsjenia og dekkje situasjonen for Novaja Gazeta etter at Politkovskaja og Estemirova vart skotne. Ho var den som i 2017 avslørte korleis homofile blei mishandla og drepne i Tsjetsjenia. Då ho fekk Fritt Ords pressepris året før, sa Elena at ho ikkje kunne la vere å reise til Nord-Kaukasus. Då ville dei som truga henne, ha vunne.

«Vil de at vi skal gjere ei kriminell handling, (...) er det berre å seie ifrå. Nokon vil deretter ta på seg ansvaret og få straffa si. Personen vil sleppe ut att etter å ha sona.» Trusselen kom frå leiaren av den tsjetsjenske republikken, Ramzan Kadyrov, som vart rasande etter at Milasjina hadde publisert ein artikkel i Novaja Gazeta i april 2020. Den handla om at styresmaktene i Tsjetsjenia samanlikna dei som var koronasmitta, med terroristar.

Det russiske medietilsynet bad Novaja Gazeta fjerne artikkelen fordi han kunne skade helse og tryggleik i landet. Trusselen kom etter at Elena Milasjina same våren vart angripen fysisk på eit hotell i Groznyj. Trass i risikoen, held ho fram.

Avgrensa handlingsrom

Sidan 2000 er 27 journalistar drepne i Russland. «I løpet av dei siste 15 åra har russiske advokatar talt meir enn 30 nye lover som avgrensar handlingsrommet til journalistar og media», skreiv Nadezjda Azjgikhina, tidlegare visepresident i Det europeiske journalistlaget i ein artikkel i The Nation i oktober.

Same dagen som Nobels fredspris blei kunngjort, blei ni journalistar og medium lagde til på lista over utanlandske agentar i Russland. Dei får då eit stempel som seier at dei arbeider for framande makter imot eige land. Det skremmer bort annonsørar og samarbeidspartnarar samstundes som dei må rapportere til styresmaktane fleire gonger i året medan dei venter på ny inspeksjon.

Dødsdagen til Anna Politkovskaja blei markert i Moskva i år, men det var ikkje snakk om noko folkehav. Å demonstrere eller protestere lovleg er nesten umogleg etter dei siste lovendringane i Russland det siste halvåret. Sjølv det å stå åleine med ein plakat på gata er nok til å bli taua inn etter dei siste endringane. Dei som har protestert mot at kollegaer har fått agentstempel, har sjølv blitt frakta bort og fått bøter.

Nadezjda Azjgikhina, som no er leiar i Moskva PEN, skriv at fredsprisen syner at idealisme har ein verdi. «Det er ein inspirasjon for journalistane og lesarane våre. Det gjev håp om at dei som er ansvarlege for brotsverka mot journalistar, vil bli namngjevne og stilte til ansvar, og at straffefridomen vil ta slutt. Prisen er eit viktig teikn på solidaritet.» Desse orda vekkjer gjenklang hos den kviterussiske redaktøren Andrej Dynko: «At prisen går til støtte for den frie pressa, er også inspirerande for oss redaktørar og journalistar i Kviterussland», skreiv han til meg då prisen blei kjend.

Prisen er viktig fordi han går til alle dei som arbeider for Novaja Gazeta, trass i fysiske og psykiske angrep, med frykt for å bli den neste på lista over utanlandske agentar. Som kvar dag går forbi veggen til minne om dei døde kollegaene sine og likevel har valt å halde fram i redaksjonslokala til Russlands modigaste avis. Til ein prinsipiell redaktør som tek sjansen på å setje stoff på trykk sjølv om Kreml eller Kadyrov ikkje vert glade for avsløringane. Som i alle desse åra har publisert artiklar utan tanke på klikk eller lesarrekord, men i overtyding om at sanninga må fram.

Prisen er til alle dei andre russiske journalistane som framleis held pressefridomen høgt, til korrespondentane i DOSH, det einaste uavhengige tidsskriftet i Nord-Kaukasus, til nettportalen Kaukasiske knute (Kavkaski Uzel) og til menneskerettsforkjemparane som framleis er til stades i Nord-Kaukasus.

Gift eller allergisjokk

Kvart år inviterer Nadezjda Azjgikhina til minnekonsert for alle familiemedlemmene til drepne journalistar i Moskva. Ho gjer det for dei, men òg for seg sjølv. Nadezjda er enkja etter ein av dei fyrste journalistane som strauk med medan han granska misleghald og brotsverk – redaktør Jurij Sjtsjekotsjikhin, som offisielt døydde av allergisjokk i 2003.

Kollegaene hans trudde det kunne vere snakk om radioaktiv forgifting. Også Anna Politkovskaja hevda ho blei forgifta om bord i flyet på veg til gisseltakinga i Beslan. Det verka kanskje usannsynleg på mange den gongen. Eg hugsar eg tenkte ho var litt for paranoid. No som vi er kjende med forgiftinga til Litvinenko og opposisjonsleiaren Navalny, verkar det ikkje lenger slik.

Fredsprisen er ein heider til enkja og sønene til Sjtsjekotsjikhin, og alle dei andre som har mista mor, far eller barn, fordi dei søkte etter sanninga. Dei som aldri fekk svara på kven som gav ordre til drapet på deira næraste, fordi dei som ville ha våga å grave i saka, nett var dei drepne journalistane. Og ikkje minst er prisen til alle dei som framleis dokumenterer og vågar å stille spørsmåla om kven som står bak menneskerettsbrotsverk globalt, trass i at namna deira i framtida kan bli skrivne med raude roser.

Ane Tusvik Bonde er seniorrådgivar i Human Rights House Foundation.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ho grev i forsvinningssaker ikkje nokon andre vil ta i. Morgonen etter vert ho kidnappa, skoten og dumpa i ei grøft.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis