JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Russland har nær dobla kveiteeksporten

Russland har vorte verdas største kveiteeksportør og har nær dobla eksporten sidan krigen tok til. Det utfordrar også Europa, seier Christian Anton Smedshaug.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ukrainas kveiteeksport er nær halvert samanlikna med åra før krigen. Samstundes når den russiske korneksporten nye høgder. Biletet er frå ein åker i landsbyen Kyshchentsi i juni.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

7011
20231201
7011
20231201

eksport

eva@dagogtid.no

Tidlegare denne månaden melde Landbruksdirektoratet at produksjonen av norsk korn for sesongen 2023–2024 vert 43 prosent lågare enn i fjor og 31 prosent lågare enn snittet for dei siste fem åra.

Den tørre forsommaren i år, etterfølgd av mengder med nedbør i august, har i tillegg gått ut over kvaliteten på kornet, slik at langt mindre enn vanleg kan brukast til mat. Det inneber at Noreg truleg må importere rundt 218.000 tonn matkorn for året 2023–2024 – 85.000 tonn meir enn snittet dei siste ti åra.

Hovudsakleg kveite

Det er kveite som utgjer hovuddelen av matkornforbruket i Noreg, og importen kjem fyrst og fremst frå EU, som er blant verdas største kveiteeksportørar. Men produksjonen i EU svingar òg, og han ligg no an til å gå frå 140 millionar tonn i snitt i 2019–2021 til 133 millionar tonn i inneverande år, ifølgje dei nyaste prognosane frå FNs organisasjon for ernæring og landbruk, FAO.

Mindre kveiteeksportørar som Australia, Argentina og Canada har òg hatt svak produksjonsnedgang i same tidsperiode, medan land som Kina, USA, India, Pakistan og Tyrkia har auka produksjonen noko.

Dei fleste av desse endringane er derimot relativt små. Unntaket er for Russland og Ukraina.

Trass i handelsrestriksjonar frå EU og andre vestlege land, har kveiteproduksjonen i Russland gått opp med 16 prosent frå åra før krigen starta, og til i dag, ifølgje prognosane frå FAO. I same periode har landet auka kveiteeksporten med 40 prosent, til 49 millionar tonn.

Auken inneber at Russland no ikkje berre er verdas største kveiteeksportør, men i tillegg står for nær ein fjerdedel av verdseksporten.

Til jamføring har Ukraina frå åra før krigen starta, og til i dag, hatt ein eksportnedgang på 47 prosent, til 10 millionar tonn.

– Urovekkjande

Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar i Agri Analyse og fyrsteamanuensis ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, seier den russiske veksten er urovekkjande – ikkje berre for Ukraina, men for EU.

– EU og Russland var jamstore kveiteeksportørar for nokre år sidan, og i dag har Russland drege forbi betydeleg. Byrjar russarane no å dyrke annektert areal i Ukraina, vil avstanden mellom dei auke endå meir, seier han.

Smedshaug har nyleg gjeve ut boka Kan jordbruket fø verden? i ei tredje og oppdatert utgåve. Der skriv han om korleis Russland i løpet av dei siste 30 åra har bygd seg opp til å verte ei jordbruksstormakt, med utgangspunkt i kveiteproduksjonen.

Verdas største eksportørar av kveite

I 1995 produserte Russland, Ukraina, Belarus, Kasakhstan og dei andre landa i tidlegare Sovjetunionen ikkje meir enn 55 millionar tonn kveite samla, og dei var avhengige av å importere rundt 5 millionar tonn. Ti år seinare var tidlegare sovjetstatar oppe i om lag 67 millionar tonn i eigenproduksjon, og i 2009 skriv Smedshaug at Ukraina og Russland samla var i ferd med å nå same volumet på kveiteproduksjon som Canada og USA til saman, som vil seie rundt 80–85 millionar tonn.

Dei tre åra før invasjonen i 2022 hadde Russland åleine teke att dei to eksportlanda i Nord-Amerika, medan Ukraina produserte 30 millionar tonn årleg. Og medan Ukraina no har fått produksjonen nesten halvert sidan åra før krigen, eskalerte den russiske produksjonen til rekordnivå i fjor, med over 100 millionar tonn, medan han er venta å verte på 92 millionar denne sesongen, ifølgje prognosane frå FAO.

– Game changer

Smedshaug seier den russiske produksjonsauken har gått gradvis, men vart intensivert frå 2014 og sanksjonane som følgje av annekteringa av Krym­halvøya.

– Då vart det nødvendig for russarane å byggje opp sine eigne verdikjeder for mat, byrje å lage eigne ostar, fôre opp dyr og sikre sin eigen marknad. Eg trur ikkje europearane får tilbake den russiske marknaden nokon gong. Det er paradoksalt nok lite som har utvikla seg så positivt i Russland som verdikjeda i jordbruket frå 2014 og fram til i dag, seier han.

– Kva gjorde produksjonsauken mogleg reint faktisk?

– Primært handlar det om gunstige produksjonsforhold, høg investering og meir satsing på jordbruket generelt. Russland har nokre av dei største underutnytta landområda i den tempererte sona, og det er snakk om store areal som er ikkje ferdig utnytta enno, så dette kan verte ein game changer i det internasjonale systemet.

Ein konkurrent

Kveite er basisen i kosthaldet i Europa, Nord-Amerika, Nord-Afrika og ei rekkje andre land. Smedshaug kallar også kornproduktet ei strategisk vare; ho påverkar både politiske og økonomiske maktforhold. Han meiner den russiske eksportveksten utfordrar Europa alt no.

– EU har både tapt ein marknad å eksportere til og fått ein ny konkurrent i område i Nord-Afrika, Midtausten, Golfen og Aust-Afrika, der EU ikkje hadde så stor konkurranse før, seier han.

Egypt, Tyrkia, Saudi-Arabia, Iran, Sudan og Algerie var ifølgje det amerikanske landbruksdepartementet blant dei største eksportmarknadene for russisk kveite fjor.

– På kva måte har den aukande russiske eksporten påverka det politiske maktforholdet mellom EU og Russland?

– Russland har fått meir makt og større betyding rundt om i verda, og mindre betyding som eksportmarknad for EU. Begge delar gjev russarane auka sjølvtillitt. Så gjev det òg geopolitisk styrke og høve å vere verdas største kveiteeksportør. Egypt er den største kveiteimportøren i verda, og Nord-Afrika det største kveiteimporterande område, med ein import på 30 millionar tonn kveite i året. Frankrike, Ukraina og Russland har forsynt desse områda før, men no er det ein ganske monaleg eksportforskyving til fordel for Russland.

Truleg med auke

I førre månad vart det meldt om globale kveiteprisar på det lågaste nivået på tre år, og marknadsprisen ligg no langt lågare enn i mars 2022, like etter invasjonen.

– Kva har den auka eksportdelen til Russland å seie for prisen på verdsmarknaden?

– Den russiske kveiten har ikkje kvalitetane som skal til for å prisast som amerikansk kveite eller delar av den franske kveiten, så prisnivået kjem nok ikkje til å verte drive opp, snarare svakt ned. Og prisane har falle tilbake. Ser vi dei i eit femårsperspektiv, er vi no tilbake på prisnivået frå 2020. Den russiske eksportdelen har meir å seie for styrkeforhold, maktforhold og relasjonar enn for prisen, som primært vert styrt av det årlege produksjonsnivået i den globale marknaden, litt uavhengig av kva land det er snakk om.

– Er det grunn til å tru at Russlands overtak som kveiteeksportør kjem til å auke endå meir framover?

– Ja, Russland har store uutnytta areal som i dag ikkje har tilstrekkeleg varmt klima for korndyrking i dag. Det same er tilfellet for Canada. Vert klimaet varmare, er dette dei to landa som er prognosert å ha størst potensial i generell vekstbetring. Både Russland og Ukraina har òg lege ganske lågt når det gjeld avlingsnivå, så det er nok noko å hente der òg, seier Smedshaug.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis