Russisk innblanding uroar før EU-valet
Kreml ønskjer å så splid over heile Europa før EU-parlamentsvalet i juni med ei blanding av gamle og nye knep.
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
EU
redaksjonen@dagogtid.no
Europaparlamentet åtvara i februar om at Russland prøvde å så splid over heile Europa: «Representantar er rasande over at Russland har funne utvegar for å yte omfattande finansiering til politiske parti, politikarar, embetsfolk og rørsler i fleire demokratiske land for å blande seg inn i og få innverknad på demokratiske prosessar.»
– Tidlegare viste Kreml lite interesse for EU-valet. I år er det annleis, seier Anton Sjekhovtsov, ein ukrainsk statsvitar basert i Wien med inngåande kjennskap til samrøret mellom den ytterleggåande høgrefløya i Europa og Russland.
Han har skrive fleire bøker om temaet og er grunnleggjaren av Senteret for demokratisk integritet, ein ikkje-statleg organisasjon som overvaker og analyserer påverknad frå autoritære regime i Europa.
– Russland vil bruke EU-valet som ein slags prøveballong for å sjå korleis strategiane og taktikkane deira vil fungere i val generelt, seier han til Investigate Europe.
– Hovudmålet vil vere å undergrave politisk og folkeleg støtte til Ukraina så mykje som mogleg. Dei vil mest truleg bruke skremmetaktikkar og seie at folk eller politikarar som hjelper Ukraina, dreg europeiske land inn i ein krig med Russland, seier Sjekhovtsov.
Tyskland, som saman med USA er det viktigaste landet for Ukrainas forsvarskamp, er eit prioritert mål for Russlands hybridåtak, i tillegg til Frankrike og Italia.
– Dette er dei økonomiske drivarane i heile EU. Og politisk er det desse landa som har den sterkaste røysta i unionen, seier Sjekhovtsov.
«Ein stor prorussisk desinformasjonskampanje vart òg avdekt i Tyskland i januar.»
Innblanding i Brussel
Det er mykje uro kring Kremls innblanding i Brussel. I januar hevda den russiske gravenettstaden The Insider at den latviske EU-representanten Tatjana Ždanoka i årevis har arbeidd for FSB, Russlands tryggingsteneste. Dette gjeld andre òg, i tillegg til Ždanoka, seier Europaparlamentet, som hevdar at fleire ikkje namngjevne representantar «med vitende og vilje tener Russlands interesser».
Analytikarar åtvarar om at valet kan resultere i at representantar som ikkje støttar hjelp til Ukraina, eller som til og med er prorussiske, spesielt frå partia i den høgreorienterte gruppa Identitet og demokrati, får plass i parlamentet.
Det tyske partiet Alternativ for Tyskland (AfD) på ytre høgrefløy, som for tida har ni medlemmer i Europaparlamentet, meiner Europa må gjenoppta politisk samarbeid med Russland for å sikre fred og velstand. Påstandane om at partiet har bindingar til Moskva, vart nyleg styrkte. Der Spiegel og The Insider har skrive at ein medhjelpar til eit AfD-medlem i det tyske parlamentet hadde kontakt med ein oberst i FSB om å motta «finansiell støtte» til partiets søksmål mot våpenleveransar til Ukraina.
Om parti som AfD og det nederlandske Fridomspartiet (PVV), som også har fått kritikk for bindingar til Russland, lykkast i juni, kan dei påverke ordskiftet fram mot nasjonale val og «potensielt endre diskursen vekk» frå støtte til Ukraina, heiter det i ein nyleg analyse i Marshallfondet, ein tysk-amerikansk tenketank delvis finansiert av EU.
Samstundes etterforskar franske styresmakter Jean-Luc Schaffhauser, ein tidlegare europaparlamentsmedlem frå ytre høgre-partiet Nasjonal Front, for påstandar om at han leidde ein kampanje for å fremje russiske interesser før vala. Schaffhauser har langvarige bindingar til Russland og organiserte to lån for Marine Le Pens Nasjonal Front-parti, inkludert eit på 9,4 millionar euro frå ein russisk bank i 2014.
Ei undersøking av det franske parlament i fjor slo fast at Le Pens parti hadde fungert som ein «kommunikasjonskanal» for Russland, som sjølv «utførte ein langvarig desinformasjonskampanje i landet vårt».
Desinformasjon
Å spreie desinformasjon er eit viktig verktøy for å påverke valet. Franske forskarar oppdaga nyleg 193 nettsider som spreidde falske påstandar for å rettferdiggjere den russiske invasjonen av Ukraina og kritisere Vesten. Ein stor prorussisk desinformasjonskampanje vart òg avdekt i Tyskland i januar. Ein analyse fann at om lag ein million tweets vart sende frå 50.000 falske kontoar over ein periode på fire veker for å kritisere den tyske regjeringa si støtte til Ukraina.
I året etter invasjonen nådde russisk desinformasjon om EU minst 165 millionar menneske på sosiale medium-plattformer, ifølgje ein rapport om EU Digital Services Act. Dette talet auka ytterlegare i første halvår av 2023, etter at Twitter/X oppheva tryggleiksreglementet sitt.
Meta seier dei har oppretta målretta team i Europa som skal motarbeide desinformasjon på Facebook og Instagram rundt valet.
Ei Eurobarometer-undersøking i desember fann at 78 prosent av europearane oppfattar Russland som ein trussel mot EUs tryggleik. EUs toppdiplomat Josep Borrell slo alarm i januar om innblanding på nettet.
– Dette er ikkje ei bombe som kan drepe deg, men ei gift som kan kolonisere tankane dine. Vi har ikkje råd til å la vondsinna utanlandske aktørar manipulere meiningane til borgarane våre og så splid og hat i hjartet av demokratia våre, sa Margaritis Schinas, ein visepresident i Europakommisjonen, på tryggingskonferansen i München i februar.
Meiningar blir ikkje berre manipulerte i politiske krinsar. I Italia, der statsminister Giorgia Meloni har ei sterk pro-Ukraina haldning, ser ein russisk innverknad i meir subtile former. Det eksisterer no eit nettverk av «russisk-italienske vennskapsforeiningar», ifølgje ei nyleg undersøking av Financial Times.
Ultrakonservativt
Russiske pengar pressar òg fram ultrakonservative agendaer. HazteOir, ein radikal katolsk organisasjon i Spania, og påverknadsgruppa deira, CitizenGo, som er kjend for anti-LHBT og antifeministiske synspunkt, har fått finansiering frå russiske oligarkar.
I Portugal finst det ingen konkrete bevis for organisert påverknad på offentlege institusjonar eller politiske parti. Men i løpet av dei siste åra har Russkij mir-stiftinga, som offisielt fremjar russisk kultur gjennom eit globalt nettverk av institusjonar, blitt meir framståande.
Denne statlege stiftinga, som EU har kritisert for å fremje «propaganda for Kreml og mot Ukraina», har opna studiesenter ved tre portugisiske universitet. Dei samarbeider også med fleire ikkje-statlege organisasjonar over heile landet.
Døme på påstått russisk innverknad finst i ulike former over heile Europa. Eit slåande tilfelle dukka opp i Polen i dagane etter den russiske invasjonen i Ukraina. Den 28. februar 2022 vart Pablo González, ein journalist for den spanske avisa Publico, arrestert i byen Przemyśl nær den ukrainske grensa.
Polske styresmakter meiner González er ein GRU-agent som Russland har sendt til Europa, mellom anna for å spionere på Zjanna Nemtsova, dottera til den drepne russiske opposisjonsleiaren Boris Nemtsov. Nemtsova, medgrunnleggjar av Nemtsov-stiftinga, og González vart venner, og stiftinga inviterte han til arrangementa sine. Styresmaktene hevdar dei har funne meldingar på datamaskinene hans som viser at han har sendt over informasjon til GRU.
«Eg trur eg klarte å så frø av tvil blant euro-atlantistar», skal han ha skrive til GRU om ein konferanse han deltok på.
Saka til González, som har russisk og spansk pass, er svært kontroversiell. I to år har han vore varetektsfengsla i Polen. Reporterar utan grenser og andre organisasjonar arbeider for å få han lauslaten. Den spanske regjeringa oppmoda i februar dei polske kollegaene sine til «ein gong for alle» å leggje fram bevisa dei hadde for at han dreiv med spionasje. Polske styresmakter nektar å kommentere, men ei kjelde i regjeringa har fortalt til Investigate Europe
at bevisa mot González er sterke.
Amund Trellevik arbeider i Investegate Europe, eit sjølvstyrt, uavhengig internasjonalt journalistkooperativ.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.