JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Politikk og kanonar i Raudehavet

Houthiane i Jemen går til åtak på norske skip i Raudehavet for å stagge krigen på Gaza. Noreg melder seg på og sender militært personell til Golfen. Det er ingen spøk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hangarskipet USS «Dwight D. Eisenhower», destroyaren USS «Stethem» og den franske fregatten FS «Languedoc» i Hormuz-sundet 25. november 2023.

Foto: Keith Nowak / Marinen i USA / NTB

10768
20231222
10768
20231222

Sundet Bab al-Mandib som skil Jemen frå Djibouti er berre 15 km breitt på det smalaste. Namnet tyder Tåreporten på arabisk og stammar ifylgje ei jemenittisk segn frå jordskjelvet som reiv Arabia laus frå Afrika, og alle tårene som falt over dei døde. Rundt 20 prosent av verdas handelsvarer passerer gjennom Tåreporten.

Sidan 2015 er det den sjiamuslimske opprørsrørsla Ansar Allah (kalla houthiane etter grunnleggjaren sin) som har hatt kontroll med den jemenittiske sida av sundet. No skyt houthiane missilar og dronar mot israelske fartøy her. Dei har òg peila seg ut britiske tankarar. Den siste veka har to norskeigde skip vorte råka av missil i to separate hendingar.

Åtaka mot dei norskeigde skipa fell saman med ein auke i åtak mot skipstrafikk i sundet, med i alt 12 episodar mot kommersielle skip sidan slutten av november. Britiske og franske krigsskip har svara. Den 16. desember skaut eit missil frå eit britisk krigsskip ned ein drone i det som skal vere den første fiendtlege maritime missilnedskytinga frå den britiske marinen sidan Golfkrigen i 1991. Før det hadde eit fransk krigsskip nytta land-til-luft-missil for å skyte ned fleire dronar frå houthiane. Dette er inga øving.

USA svarar

Store sivile aktørar som Møller-Maersk, BP og Equinor unngår no Bab al-Mandib. USA har svara med å opprette ein fleirnasjonal operasjon for å verne internasjonal skipstrafikk mot åtak frå houthiane.

USA leier allereie ein multinasjonal maritim styrke av 39 statar – Combined Maritime Forces (CMF) – for å trygge ulike sjøvegar i Midtausten og Asia. I 2022 oppretta USA i tillegg ein ny styrke for Raudehavet (CMF Task Force 153), som den nye operasjonen Prosperity Guaridan skal støtte gjennom å auke patruljeringa ved Bab al-Mandib. USA har spurt Noreg om å bidra. Noreg sender 10 norske offiserar til operasjonen utanfor Jemen.

CMF som skal trygge Raudehavet og Persiabukta, inkluderer ei lang rekkje arabiske statar, som Saudi-Arabia og Jemen, i tillegg til Tyrkia. Prosperity Guardian er derimot ein operasjon dominert av vestlege sjømakter. USA, Canada, Storbritannia, Frankrike, Spania og Italia, i tillegg til Nederland og Noreg. Frå regionen deltek berre to småstatar.

Det vesle landet Bahrain, heimen til den 5. amerikanske flåten og CMF, er med. Bahrain har normalisert forholdet til Israel gjennom Abrahams-avtalane, og har halde fast ved dei diplomatiske banda til Israel også under Gaza-krigen. Seychellane er òg med. Den vesle øystaten spela ei sentral rolle under Jemen-krigen frå 2015 som base for kontroll- og kommandosenteret til luftoperasjonane mot houthiane. Med britar, amerikanarar og franskmenn i militære støttefunksjonar nytta Saudi-Arabia i 2015 og 2016 Seychellane til å kommandere minst 22.000 bombetokt mot houthi-mål i Jemen etter mønster frå alliert bombing av Tyskland under andre verdskrig. Dei la til dømes houthi-byen Sada i Nord-Jemen i grus på måtar ikkje heilt ulikt likt israelarane sin modus operandi på Gaza. Mykje kan seiast om houthiane i Jemen, men at dei forstår betre enn dei fleste korleis gazabuarar har det no, kan ingen ta ifrå dei.

Ikkje nett nøytrale

Om nordmennene «kjenner seg nøytrale» i sitt bidrag for å sikre internasjonal skipsfart gjennom Tåreporten, er det ikkje akkurat ein nøytral gjeng vi skal liggje og duppe saman med utanfor Jemen-kysten.

Jemen ligg langt unna Israel, som det sørlegaste landet på Den arabiske halvøya. Eit av slagorda då houthirørsla vart danna i 2004, var «død over Israel» – utan at det er heilt klart kva godt det skulle gjere for Jemen. Jemenittane har elles ei uvanleg pro-palestinsk historie. PLO hadde kontor i Jemen. Terroristen Sjakalen og PFLP hadde òg tilhald i Jemen – ein fristad for alle som kjempar mot Israel, kan ein få inntrykk av. Medan historia til Jemen bognar av jødisk arv, er houthi-kontrollerte Sana i dag den hovudstaden i Midtausten med den tydelegaste Israel-fiendtlege ideologien. Og houthiane vegrar seg ikkje for å handle.

Då houthiane tok makta i Sana i 2014, fekk dei kontroll over brorparten av Jemens forsvar. Houthiane er derfor ikkje som ei gjennomsnittleg ikkje-statleg gruppe å rekne. Dei har både marine og luftvåpen. Trass i harde FN-sanksjonar har houthiane dei siste åra truleg vorte fôra med dronar og missil frå Iran. Nokre skal ha ei rekkjevidd som kan nå det sørlege Israel. Det israelske missilforsvaret har skote ned minst fire ballistiske missil frå houthiane, medan israelske jagarfly har skote ned kryssarmissil og dronar. I førre veke skal houthiane etter eiga utsegn ha sendt eit tjuetal væpna dronar mot Eilat.

Kidnappa skip

Samstundes angrip houtiane skipstrafikk som tener Israel. Skipet Galaxy Leader vart kidnappa (teke i arrest) av houthiane i november. Eigaren er Rami Ungar, ein søkkrik israelar som òg er den største forretningsmannen på den okkuperte Vestbreidda. Like etter starta houthiane åtak mot skip på veg til eller frå hamner i Israel. Det har hatt effekt. Trafikken i hamna i Sør-Israel har vorte redusert med 80 prosent. Til dømes har Taiwan-reiarlaget Evergreen stogga last til Israel. Kravet frå houthiane er at Israel må stogge militæroperasjonen på Gaza og sleppe inn mat, medisinar og drivstoff til innestengde palestinarar.

Men kvifor angrip houthiane norske skip? I 2019 vart seks skip i farvatna rundt Oman råka av det som truleg var iranske sabotasjeangrep. To av dei, altså 33 prosent, var norskeigde. Dei siste vekene har åtte skip vorte råka av åtak med missil eller dronar frå houthiane. Norskeigde mål utgjer 25 prosent. Oversikt over skipstrafikken gjennom Suez-kanalen lenger nord dei siste åra syner at norskeigde skip står for rundt 2 prosent av trafikken og 1,3 prosent av tonnasjen. Norske skip vert altså neppe råka fordi «det kryr av dei». Alt tyder på at dei er plukka ut.

Den 7. desember innførte amerikanske styresmakter sanksjonar mot 13 sentrale individ knytte til inntektsgenereringa til houthiane. Alle med økonomiske band til houthiane skal rammast. Houthiane svara med å utvide åtak frå israelske og britiskeigde skip til også å omfatte skip frå andre europeiske land. Eit dansk, eit tysk og eit italienskeigd skip har vorte råka etter dette, i tillegg til dei to norske.

Åtaket mot MT Strinda (eigd av Mowinckel) 11. desember vart av houthiane forklart med at skipet var på veg til Israel med olje. Det har reiarlaget tilbakevist. Åtaket mot Swan Atlantic (Rieber & Søn) 18. desember skal òg ifølgje eigarane ha framstått som «ei misforståing». På ei heimeside skal det likevel ha vore gjeve (feil)opplysningar om at eit israelsk-tilknytt selskap stod for drifta. Houthiane går no breitt ut for å sørgje for at alle som ferdast til sjøs, kuttar alle tenkjelege band til Israel. Like for like.

«Deltek i brotsverk»

Dette skal no militærskip frå vestlege land setje ein stoppar for. Vil det seie at norske offiserar vert sende til Raudehavet for å stogge dei einaste som tyr til våpen for å støtte Gazas sak? Ali Shamkhani, rådgjevar til Irans øvste leiar, har til dømes proklamert at alle land som deltek i operasjon Prosperity Guardian mot houthiane, «deltek direkte i israelske brotsverk». Samtlege større statar frå Midtausten i CMF har takka nei til å delta. Hovedoppgåva til den militære operasjonen er trass alt å sikre den globale handelsruta mellom Iindiahavet og Middelhavet mot angrep retta mot israelske interesser medan Israel krigar mot palestinarane.

Formelt er det andre som har i oppgåve å halde houthiane unna Israel. Då Gaza-krigen starta, sende USA hangarskipet USS Eisenhower til kysten utanfor Jemen. Likevel vil operasjon Prosperity Guardian frigjere kapasitet som kan trygge Israels sørlege front og hindre større åtak frå sør medan Israel krigar på Gaza eller mot Hizbollah. Gjennom Prosperity Guardian vil dermed vestlege statar halde dei bakre rekkjene til Israel i sør mot Jemen, slik vestlege land òg gjer det mot nord.

I Middelhavet ligg amerikanske, britiske og franske krigsskip, og vestlege militære styrkar står i Nordaust-Syria og i Vest-Irak (der 30 norske soldatar som kjent held til i den amerikanske Ain al-Asad-basen, som no ligg i full krig med irakisk sjiamilits).

I dette lyset kan det framstå som klokt at Prosperity Guardian er ein rein vestleg styrke. Om utvalde land frå regionen hadde delteke, ville risikoen for eskalering og (mistanken om) innblanding for å vinne lokale konfliktar vore mykje høgare. Slik sett er det tryggast for alle partar at vestlege land fungerer som portpassarar mellom dei ulike frontlinjene som Israels krigføring kan opne i Midtausten. Det går no føre seg ei vengeklipping av mektige ikkje-statlege væpna grupper i heile Midtausten. Om houthiane står for tur, er det truleg best om det ikkje er statar frå regionen som gjer dette.

Proxy-krig

For Jemen har vore åstad for proxy-krig mellom Saudi-Arabia og Iran sidan (minst) 2009. Men den stridsøksa er no i ferd med å leggjast i ro. Våpenkvila i Jemen held, og Iran og Saudi-Arabia møtte kvarandre i førre veke til det fyrste formelle møtet i normaliseringsforumet i kinesisk regi. Om Saudi-Arabia skulle starte å nøytralisere houtiar saman med vestlege makter, ville vi truleg raskt sjå ein kollaps her.

Jemen er òg knytt til den væpna «tit-for-tat»-konflikten mellom Israel og Iran sidan 2021, då Israel utvida sitt «krigsteater mot Iran» til også å omfatte Jemen (og houthiane). På den jemenittiske øya Soccotra opererer israelske, amerikanske og emiratiske styrkar saman. Det er klart tryggast om golfstatane held seg unna Prosperity Guardian, og overlèt moglege militære trefningar med houthiane til statar som kjem frå andre stader enn Midtausten.

Samstundes kan geopolitikken vanskeleg isolerast. Sidan 2021 har Iran teke arrest i eller angripe over 20 skip i Golfen og Raudehavet – særleg med amerikanarane som (endeleg) adressat. I august i år sende så USA 3000 mann til å styrkje den maritime kapasiteten til sin 5. flåte i desse farvatna. I Hormuz-sundet held den iranske marinen kvart år militære øvingar saman med den russiske og den kinesiske marinen.

I år har det òg vore tale om felles maritime patruljar mellom iranarane og arabiske golfland, for å passe på eigne farvatn utan innblanding frå globale makter. Ein amerikanskleidd vestleg maritim styrke i Raudehavet vil derfor kunne lesast på mange vis både i regionen og utanfor. Det vil kunne falle i dårleg jord hos fleire enn houthiane, for å seie det slik.

Det er langt ifrå piratar dei norske offiserane skal bryne seg på denne gongen.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis