JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Polen i revers

Polen var ein suksess i EU og vart kalla både førebilete og Europas stjerne. Få år seinare vert det snakka om at landet kan vere på veg ut av EU.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Polen har det vore store pro-EU-demonstrasjonar etter at den polske grunnlovsdomstolen kom til at polsk grunnlov står over EU-traktaten.

Foto: Beata Zawrzel / Nurphoto / Shutterstock / NTB

10205
20211022
10205
20211022

Utanriks

eva@dagogtid.no

Polen har vore ei suksesshistorie i EU. Landet har hatt solid økonomisk vekst. Polakkar flest har opplevd auka velstand. Polske styresmakter har ønskt og jobba for å verte ein del av den vestlege fellesskapen og ein maktfaktor i og for Europa. Og den polske befolkninga har vore blant dei mest EU-venlege i Europa, med over 80 prosent som meiner at landet deira har tent på å verte med i unionen.

«Eit førebilete» kalla tyske Spiegel landet i 2012. «Europas usannsynlege stjerne», skreiv Economist då Polen i 2014 markerte ti år som EU-medlem. Same år vart den tidlegare polske statsministeren, Donald Tusk, EU-president.

Sju år seinare ser biletet ganske annleis ut. Etter at den polske grunnlovsdomstolen tidlegare denne månaden kom til at fire av punkta i EU-traktaten er i strid med polsk grunnlov, og at polsk grunnlov står over EU-traktaten, er det fleire som no snakkar høgt om at Polen kan vere på veg ut av EU.

I EU-parlamentet tysdag varsla EU-kommisjonspresident Ursula van der Leyen at EU kjem til å ta grep overfor Polen. Ho nemnde rettslege steg som eit alternativ og indikerte at det kunne vere høve til å halde tilbake budsjettstøtte og koronakrisemidlar til landet. I tillegg nemnde ho høve til å avgrense rettane Polen har som medlemsland.

Håpar på løysing

Det er den polske statsministeren som har bede grunnlovsdomstolen gjere ei vurdering av forholdet mellom EU-traktaten og den polske grunnlova, ifølgje nett­avisa Euractiv.

Forskar Jakub M. Godzimirski ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi) håpar og trur den polske regjeringa tek nokre steg tilbake og går inn for å finne løysingar som sikrar vidare EU-samarbeid og -medlemsskap.

– Det er berre å sjå på det politiske kartet. Storbritannia har valt å trekkje seg ut, men Storbritannia ligg heilt i utkanten av EU og er dessutan ei tidlegare stormakt. Polen ligg inneklemt mellom Russland, som driv aggressiv politikk overfor nærområda sine, og Tyskland, som vi har tett økonomisk samarbeid med. Regjeringa må spørje seg kva Polen kjem til å sitje att med om landet trekkjer seg ut, seier han.

Han understrekar at dei politiske kreftene i Polen som er euroskeptiske og vil avgrense EUs makt, har avgrensa oppslutning, i og med at rundt 80 prosent av folket er for EU-medlemskapen.

– Har regjeringa noko ønske om å ta landet ut av EU?

– Offisielt seier dei at dei ikkje ønskjer det, men det dei vil, er at EU skal endre seg. Og der er ikkje Polen åleine. Det finst tilsvarande ønske hjå euroskeptiske krefter i Tyskland og Frankrike, så der ligg det ei viss spenning, seier Godzimirski.

Omfattande endringar

Polens konflikt med EU har røter tilbake i 2015, då det nasjonalkonservative Lov- og rettferdspartiet kom til makta og sette i gang omfattande endringar av det polske rettsvesenet. I åra sidan har regjeringa mellom anna gått inn for å setje ned pensjonsalderen for høgsterettsdommarar, slik at dei kan få utnemnt nye og meir regjeringslojale dommarar, og det er innført ei lov som inneber at polske dommarar kan bøteleggjast – og til og med miste jobben – om dei kritiserer justispolitikken til regjeringa.

Det er òg oppretta eit disiplinærkammer i høgsterett som kan gripe inn mot dommarar om dei ikkje gjer jobben rett. Samstundes skal både domstolar og disiplinærkammeret vere fylte opp med folk som er lojale til det regjerande Lov- og rettferdspartiet, i tillegg til at nesten alle dommarane i grunnlovsdomstolen er utnemnde av den sitjande regjeringa. Dette siste var også tidlegare vanleg praksis i Polen, ifølgje Godzimirski.

EU har reagert mot fleire av endringane og skulda den polske regjeringa for å politisere rettsvesenet og bryte med prinsippa om maktfordeling og tette skott mellom dømande og utøvande makt. EU-domstolen har òg slått fast at delar av endringane er i strid med EU-retten.

Lov- og rettferdspartiet har òg vore i konflikt med EU om fridomen for media, kvinnerettar og rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT) i Polen, og om miljøkonsekvensane av ei polsk kolgruve nær den tsjekkiske grensa. Men det er endringane i rettsvesenet og vedtaket om at polsk lov står over EU-traktaten, som for alvor har sett forholdet til EU på prøve.

– Mest tillit til Europa

– Polske styresmakter meiner EU ikkje kan blande seg bort i korleis polsk rettsvesen er organisert, fordi det ligg utanfor EU-traktaten og er opp til medlemslanda å bestemme. EU på si side meiner det ikkje er snakk om å blande seg inn i organiseringa av rettsvesenet, men at Polen med nokre av endringane handlar i strid med rettsstatprinsippet som EU byggjer på. Så dei argumenterer på to ulike nivå, seier Godzimirski.

– Kva var den uttalte intensjonen bak endringane i rettsvesenet?

– Dei sa mellom anna at dei ønskte å verte kvitt dommarane frå systemet under kommunistpartiet. Men ei reform med eit slikt mål kunne vore på sin plass i 1995 eller 1996, då det framleis var mange frå det gamle systemet igjen, ikkje 30 år etterpå. Mange i Lov- og rettferdspartiet meinte dessutan at rettsvesenet var underlagt ein viss politisk kontroll også under den førre regjeringa, og ønskte i staden å få sine folk på plass i dei viktige posisjonane no. I tillegg ønskte dei ei meir konservativ retning i spørsmåla om abort og liknande, og difor ville dei verte kvitt folk som kunne stå i vegen for det.

– Korleis ser veljarane på endringane?

– Polske veljarar kan delast i tre grupper. Det er om lag ein tredjedel som støttar Lov- og rettferdspartiet, ikkje nødvendigvis på grunn av rettssystemreforma, men på grunn av fordelingspolitikken deira og fordi partiet står for meir konservative verdiar. Så er det dei nær 50 prosentane som støttar opposisjonen, i tillegg til dei som ikkje deltek i valet. Spør ein folk kva dei meiner om reformene av rettssystemet, får ein nok same bilete. Det som derimot kjenneteiknar opinionen, er at polakkar flest har større tillit til europeiske avgjerdstakarar enn til polske politikarar, seier Godzimirski.

– Skjer ikkje over natta

Kva er så grunnen til at eit progressivt land som sjølv valde å slutte seg til den vestlege fellesskapen, plutseleg endrar seg heilt i løpet av eitt par år?

Ifølgje Godzimirski ligg forklaringa i vala polske veljarar gjorde i 2015, og i ein god del reine slumpetreff.

– I 2015 gjekk venstresida til val med ein koalisjon av ulike parti. Koalisjonar må få over 8 prosent oppslutning for å kome inn i parlamentet, og venstresida fekk berre 7,5 prosent og vart ikkje representerte. Lov- og rettferdspartiet fekk dimed, med 38 prosent av røystene, fleirtal av mandata i parlamentet, og hadde såleis høve til å setje i gang dei omstridde reformene dei ønskte. For reformene har vore omstridde heilt frå starten, men dei brukte ein del pengar frå statskassen på å kjøpe seg oppslutning blant utsette grupper. Mellom anna sikra dei barnefamiliar meir pengar. Men hadde venstresida berre fått nokre fleire røyster, hadde utviklinga kunna sett annleis ut, for då hadde ikkje det regjerande partiet hatt reint fleirtal i parlamentet, forklarer han.

Malgorzata Agnieszka Cyndecka er fyrsteamanuensis ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen og forskar på EU- og EØS-regelverket. Ho meiner snuoperasjonen tyder på at Polen ikkje var så progressivt som det såg ut.

– Eit demokratisk samfunn må byggjast gjennom generasjonar. Det skjer ikkje over natta, og det skjedde ikkje over natta i 1989, det må vi berre vedgå. Polen har vorte verande eit samfunn som ikkje er lært opp til å leve i eit demokrati. Det stadfestar òg valdeltakinga, som er ganske låg, ikkje alltid over 60 prosent, seier ho.

– Teikn til tilbakegang

Politiseringa av domstolane har vorte kritisert av både EU-kommisjonen og Europarådet, og EU-domstolen har slått fast at endringane er i strid med EU-retten, som pålegg medlemslanda å ha uavhengige domstolar. Ingen av delane ser ut til å ha gjort stort inntrykk på den polske regjeringa.

Godzimirski ser likevel ikkje vekk frå at EU kan klare å presse Polen til endringar, ikkje minst økonomisk.

Polen er den største mottakaren av både EU-midlar og EØS-midlar. Til dømes har landet i perioden mellom 2014 og 2021 fått over 800 millionar euro i EØS-midlar frå Noreg, Island og Liechtenstein. I tillegg er Polen no tiltenkt nesten 24 milliardar euro i støtte og 12 milliardar euro i lån frå EUs gjenoppbyggingsfond etter pandemien.

– Å få tilgang til dei økonomiske goda er viktig for Polen, og her har EU makt. Då hjelpepakkane kom på plass, vart det sett som vilkår at dei må brukast i samsvar med rettsstatsprinsipp. Det kan EU bruke til å prøve å presse polske styresmakter til å gå litt tilbake. Det er alt nokre teikn på at det kjem til å skje, for leiaren for Lov- og rettferdspartiet har sagt at ein del av rettsreforma ikkje fungerte som ho skulle. Det kan bety at dei kan kome til å trekkje seg litt for å kome EU i møte, seier han.

– Må stoppe pengane

Cyndecka meiner òg at det viktigaste EU kan gjere, er å stoppe pengeutbetalingane til Polen. Gjenoppbyggingspengane etter pandemien er alt sette på vent, og ho håpar EU står på sitt i nye forhandlingar med Polen.

– Noreg burde òg ta sin del av ansvaret og stogge utbetalingane av EØS-midlar til Polen, seier ho.

– Trur du den polske regjeringa kjem til å bøye av for krava?

– Om dei gjer det, gjer dei det nok berre mellombels, som eit spel for galleriet. Vi har jo sett korleis dei tenkjer. Då EU-domstolen sa dei skulle avskaffe disiplinærkammeret, gjekk regjeringa til slutt med på det, men berre for å erstatte det med noko anna. Spørsmålet er om EU kjøper ei slik løysing ein gong til. Forholdet til EU har tilspissa seg fleire gonger utan at det har medført varige endringar, men no ser det kanskje ut til at EU kommisjonen faktisk skjønar at dei må gjere noko.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eit demokratisk samfunn må byggjast gjennom generasjonar. Det skjer ikkje over natta.

Malgorzata Agnieszka Cyndecka, fyrsteamanuensis ved Universitetet i Bergen

– Å få tilgang til dei økonomiske godane er viktig for Polen, og her har EU makt.

Jakub M. Godzimirski, NUPI-forskar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis