Polakkane reiser, indarane kjem
Brexit har gjeve britane store kostnader og mange problem, men har òg opna nytt handlingsrom.
Mange protesterte i tida før Storbritannia forlét EU, og mange protesterer enno.
Foto: Tom Nicholson / Retuers / NTB
Politikk
redaksjonen@dagogtid.no
To år har gått sidan Storbritannia gjekk ut av EU, og eitt år har gått sidan partane fekk på plass ein handels- og samarbeidsavtale. Mange økonomar har meint at brexit ville få negative økonomiske fylgjer. Har spådommane deira vist seg sanne? Det er ikkje lett å svare på. For berre to dagar før Storbritannia offisielt skulle forlate EU, kom det nye koronaviruset til kongeriket. Med andre ord: Akkurat då Storbritannia skulle gjennomgå ei potensielt farleg økonomisk skilsmisse, gjekk viruset til åtak på både folket og økonomien. Skaden vart stor. I det første året av pandemien, i 2020, fall Storbritannias bruttonasjonalprodukt (BNP) med heile 9,7 prosent, meir enn dobbelt så mykje som verdsøkonomien krympa same året.
Sjølv om det er vanskeleg å skilje effektane av brexit og pandemien, er det nokon som har gjort eit forsøk. Senteret for europeisk reform i London har prøvd å isolere dei økonomiske konsekvensane av brexit ved å lage ein slags dobbelgjengarmodell av Storbritannia.
Modellen er basert på utviklingstrendar i liknande land under pandemien. Dei kom fram til at britisk varehandel var 15,7 prosent lågare i oktober 2021, ni månadar etter overgangsperioden var over, enn han ville ha vore om Storbritannia vart verande i EU.
Britisk import frå EU har lide meir enn eksporten til EU. I november i fjor synte tal frå Office of National Statistics (ONS), det britiske SSB, at nesten to tredjedelar av eksportørane og tre fjerdedelar av importørane har møtt utfordringar som ekstra papirarbeid, auka transportkostnadar og auka tollavgifter. Britiske aviser skriv at den engelske kanalen no er blitt erstatta av ein jungel av red tape, altså byråkratiske krav og reglar. Det kostar å forlate den største fellesmarknaden i verda.
Mangel på arbeidskraft
Den viktigaste saka for «the brexiteers» var å minke innvandringa til Storbritannia. Grove estimat frå ONS tilseier at nettoinnvandringa til Storbritannia fall med heile 88 prosent frå 2019 til 2020. Igjen kompliserer pandemien biletet, men talet er slåande.
Britiske næringar som er avhengige av utanlandsk arbeidskraft, har fått store vanskar etter brexit. Det er mangel på arbeidarar i restaurant- og hotellbransjen, landbruk, transport og omsorg. I 2015 kom 71 prosent av den langsiktige arbeidsmigrasjonen frå EU, i 2019 hadde talet stupt til 45 prosent.
Det britiske landbruket har vore spesielt avhengig av EU-arbeidarar. Så mykje som 99 prosent av sesongarbeidarane i Storbritannia kom frå EU, ifølgje ein rapport frå 2018. No må britiske bønder finne andre løysingar. Mellombels hjelper staten til med å tilby 30.000 visum til sesongarbeidarar, men dei vil fase ut ordninga mot 2024. Regjeringa har oppmoda verksemder til å tilsetje britar. Men som ein gulrotbonde i Yorkshire sa til Al Jazeera: Mange britar har eit romantisert syn på innhausting, og få av dei taklar det harde arbeidet som skal til. Jordbærplukking er ikkje berre blåbær.
Visumreglar
Nye visumreglar gjer det vanskelegare for britiske næringar å hente billig arbeidskraft frå Aust-Europa, men det gjer det lettare å trekke til seg faglærte og utdanna arbeidarar frå andre delar av verda. Det har alt vore teikn på auka interesse for stillingar i Storbritannia frå folk i India, Pakistan, Nigeria og Hong Kong.
Ein annan indikator på endringane er reduksjonen av polskfødde innbyggarar i Storbritannia og auken av indiskfødde. Frå 2015 til 2021 gjekk talet på polskfødde i Storbritannia ned frå 831.000 til 682.000. I same periode auka talet på indiskfødde innbyggarar frå 795.000 til 896.000. Denne trenden kan kome til å fortsette.
Det nye poengbaserte visumsystemet som vart introdusert i fjor, er meint å redusere innvandring, men utan at Storbritannia mistar tilgang på naudsynleg arbeidskraft frå utlandet. For å få eit visum må ein ha 70 poeng. Som eit døme frå BBC viser, får ein poeng for å ha jobbtilbod, yrkeskompetanse, løn over ei viss grense (ca. 300.000 kroner i året) og relevant utdanning og for å kunne snakke engelsk. Ein kan òg få tilleggspoeng for enkelte jobbar innan helse og utdanning eller jobbar der Storbritannia manglar arbeidskraft. Systemet har gjort det vanskelegare for europearar å kome til Storbritannia, men for folk utanfor EU blir det enklare å få britisk visum. Berre irar får unntak frå reglane.
Handelsavtale
Visumsystemet er no blitt ein del av forhandlingane om ein handelsavtale mellom Storbritannia og India. India vil at britane skal senke visumavgiftene og la indiske studentar få forlenge opphaldet sitt etter å ha tatt utdanning i Storbritannia. Det er no debatt i Storbritannia om kva ein skal gjere med dei indiske krava.
Edward Leigh, ein av medlemmane av Det konservative partiet, sa førre månad i Det britiske underhuset at dei nye arbeidarklasseveljarane til dei konservative ikkje går med på å erstatte immigrasjon frå Europa med immigrasjon frå resten av verda.
Samtidig kan Storbritannia kome til å møte utfordringar knytte til manglande arbeidskraft. Tenketanken International Longevity Centre UK publiserte i januar ein rapport som estimerte at Storbritannia vil mangle 2,6 millionar arbeidarar innan 2030. Årsakene rapporten peiker på, er aldring av befolkninga, covid-19 og brexit. Det vil derfor ikkje vere lett for det styrande partiet å gjere alle til lags.
Det vil vere ei stor utfordring for Storbritannia å tilpasse arbeidslivet til dei langvarige effektane av både brexit og pandemien. Det er eit godt teikn at arbeidsløysa i Storbritannia er relativt låg, på berre 4,1 prosent, sjølv om høg inflasjon trugar med å senke kjøpekrafta til dei i arbeid.
Fordelar med brexit
Ein av fordelane med brexit er at Storbritannia no får betre tilgang til faglært og utdanna arbeidskraft frå verda utanfor EU. Storbritannia står òg fritt til å framforhandle handelsavtalar med kven dei vil. Fram til no har dei fleste avtalane som er inngått etter brexit, vidareført dei vilkåra som gjaldt då Storbritannia var med i EU.
Den største fordelen med brexit er kanskje at makt har blitt flytta nærmare folket. Det er ein kortare politisk, kulturell og geografisk veg til London enn til Brussel for dei aller fleste britar. Storbritannia må no i større grad hanskast med utfordringane sine på eiga hand.
Geografisk ujamn utvikling og klimaendringar er døme på to utfordringar. Planane om å byggje ein bilbatteriproduserande gigafabrikk nordaust i England, regionen med lågast sysselsetjing i landet, er eit steg i rett retning på båe felta.
Dyrare enn venta
Kva tenker så britane om kostnadane av brexit? Ei meiningsmåling Opinium gjorde for The Observer i fjor, har vist at mange britar syntest det blei vel dyrt. Fleire enn seks av ti britar med røysterett meiner at brexit anten har gått dårleg eller dårlegare enn forventa. Til og med 42 prosent av dei som stemte for å forlate EU, var negative til korleis brexit har gått føre seg.
Om dei vil seie det same om nokre år, er eit spennande spørsmål. Det vil nok i store grad kome an på sysselsetjing, lønsnivå og alt som påverkar kvardagens reknestykke. Men kanskje viktigast på sikt blir spørsmålet om kvar vinden vil blåse i Skottland og Nord-Irland. Kan hende leave-viruset er smittsamt?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Britisk import frå EU har lide meir enn eksporten til EU.
Fleire artiklar
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.