JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Øydelegging utan ende

Bombekrigen mot Gaza er av dei mest intense og omfattande i verdshistoria, ifølgje statsvitaren Robert A. Pape.

Bileta syner medlemer av al-Najjar-familien som vart drepne i eit bombeåtak i Deir al-Balah sentralt på Gaza-stripa 10. oktober.  Til saman vart 21 familiemedlemer drepne. Amnesty International meiner åtaket må etterforskast som eit krigsbrotsverk.

Foto: privat / Amnesty International

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12716
20231215
12716
20231215

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Terrorisme skal skape frykt, det ligg i sjølve ordet. Men den største effekten terroristar kan oppnå med ugjerningane sine, er ofte reaksjonane dei kan provosere fram frå ein overmektig motstandar. Terroråtaket Hamas og Palestinsk islamsk jihad retta mot Israel 7. oktober, spreidde skrekk og død i kolossalt omfang. Men drapa på kring 1200 menneske og kidnappinga av kring 240 gislar var truleg eit verkemiddel meir enn sjølve målet. Truleg ønskte Hamas å presse fram nett det som har spela seg ut i Gaza dei siste to månadene: ein intens israelsk bombekrig og full invasjon av kyststripa, med enorme øydeleggingar og tap av menneskeliv som følgje. Ifølgje helsestyresmaktene til Hamas i Gaza har krigen til no teke kring 18.600 menneskeliv, dei fleste av dei sivile.

For israelarane har det vore viktig å vise at dei fører ei reinare form for krig enn motstandarane. At ein statleg hær ikkje skal drive med bestialske, målretta massakrar av sivile, slik Hamas gjorde det 7. oktober, seier seg sjølv. Men det å føre krig på så humant vis som mogleg har vore ein del av sjølvbiletet til den israelske hæren (IDF). Politiske og militære leiarar i Israel seier stadig at dei gjer alt dei kan for å halde talet på sivile offer nede. Kor godt stemmer dette, om vi ser på det som så langt er kjent om Gaza-krigen?

«Målet er å øydeleggje Hamas», sa statsminister Benjamin Netanyahu i eit intervju med CBS 17. november. «Vi skal prøve å fullføre den jobben med minimale sivile offer. Det er det vi prøver på: minimale sivile offer. Men dessverre lukkast vi ikkje.»

Dømet Dresden

Den israelske krigen i Gaza er allereie «ein av dei mest intense bombekrigane i historia», skriv den amerikanske statsvitaren Robert A. Pape i eit essay publisert Foreign Affairs 6. desember. Pape er professor ved Universitetet i Chicago. Han har mellom anna skrive boka Bombing to Win, ein historisk analyse av bombekrig som verkemiddel, og fleire bøker om terrorisme. Pape kallar krigen i Gaza for ei kollektiv avstraffing av befolkninga på kyststripa, både fordi bombinga råkar så mange sivile, og fordi Israel har strupt tilgangen på vatn, mat, elektrisitet og drivstoff. Nærare to millionar menneske er drivne på flukt av krigen.

Øydeleggingane i det nordlege Gaza denne hausten kan samanliknast med bombinga av tyske byar som Dresden, Köln og Hamburg i siste fase av andre verdskrigen, skriv Pape. Det er ei uhyggeleg samanlikning. Den allierte bombekrigen av dei tyske byane står som skrekkdøme på øydeleggingane som massive luftåtak kan føre til. Den illgjetne bombinga av Dresden i februar 1945 øydela eller skadde 56 prosent av bygningane i byen og drap truleg kring 25 000 menneske.

Massiv øydelegging

Kor mykje av bygningsmassen i Gaza som er øydelagt til no, er uvisst. Men i ein større artikkel 6. desember stødde Financial Times seg på ein analyse av satellittdata utført av to amerikanske forskarar, Corey Scher ved City University of New York og Jamon Van Den Hoek ved Oregon State University. Ifølgje dei to var truleg over 60 prosent av bygningane på den nordlege Gaza-stripa (inkludert Gaza by) øydelagde eller alvorleg skadde fram til 6. desember. Det er i så fall ein høgare prosentdel enn i Dresden i 1945. Til saman kan over 100.000 bygningar vere skadde eller øydelagde på heile Gaza-stripa, ifølgje Scher og Van Den Hoek.

Kartlegginga av desse øydeleggingane medan krigen rasar, er ingen eksakt vitskap. Denne veka kom ein annan studie frå UNOSAT, eit FN-senter for analyse av satellittfoto. Studien var bygd på bilete tekne 26. november, og konkluderte med at kring 40.000 bygningar var skadde eller øydelagde i Gaza til da, altså under halvparten av anslaget frå Scher og Van Den Hoek. Det utgjer i så fall 20 prosent av bygningsmassen på heile Gaza-stripa – også dette ei kolossal øydelegging.

Øydeleggingane er no store også i det sørlege Gaza. Biletet er frå byen Khan Younis etter eit israelsk bombeåtak 14. desember.

Foto: Ibraheem Abu Mustafa / Reuters

Strategisk omsyn

Den israelske hæren er ein av verdas mest avanserte og slagkraftige, og har eit enormt teknologisk overtak på ein geriljastyrke som den væpna fløya til Hamas. Men mykje av overtaket forsvinn om krigen skal førast med bakkestyrkar som må ta seg fram kvartal for kvartal i urbane landskap, mot ein fiende som er godt førebudd, kjenner terrenget langt betre og kan forflytte seg gjennom eit nettverk av tunnelar. For å redusere tapet av eigne soldatar, nyttar IDF massiv eldkraft i form av luftåtak og artilleribombardement før og under framrykkinga. Resultatet er at store delar av Gaza-stripa har blitt lagde i grus.

Denne strategien er ikkje noko særtrekk ved IDF. Å late flyvåpenet rydde veg for bakkestyrkane er noko ein teknisk overlegen hær normalt gjer i ein slik situasjon, for ingen hærførar ønskjer å misse fleire soldatar enn naudsynt. Slik gjorde USA det i Irak, slik gjorde russarane det i Tsjetsjenia. Men når krigen blir ført i eit så tett folkesett område som Gaza, der det er få klart definerte militære mål, og der fienden er samanvoven med samfunnet, den intense bombinga føre til store sivile tap.

Hastverk

Når den israelske bombinga denne gongen har vore mindre selektiv enn i Gaza-krigane som har vore før, har det òg med sjølve omfanget å gjere. Dette er ein krig i ein annan skala enn dei tidlegare oppgjera mellom Israel og Hamas. Da vart israelske bombeåtak i mange høve vurderte juridisk før dei vart sette i verk, for sjekke om dei var i tråd med krigens reglar. No er ikkje prosedyrane like omstendelege. I dei første to vekene av åtaket på Gaza sende israelske fly kring 1000 bomber og rakettar mot mål på kyststripa kvar dag. Med slikt tempo kan ein ikkje vere like nøye. IDF skal ha fått prosessen ned i ti minutt frå eit mål er identifisert til bombene eller rakettane blir sende, skriv Financial Times. Omfanget av bombinga «reiser spørsmål om dei israelske retningslinene for krigføringa, utveljinga av bombemål og kor store sivile offer dei er klare for å akseptere», seier Jeremy Binnie, midtaustenspesialist hos militæranalysebyrået Janes, til avisa.

Assaf Orion, tidlegare strategisjef i IDF, har sagt at Israel har «eigeninteresse av å avgrense skadane på sivilbefolkninga, men vi kan ikkje halde fram med å vere overforsiktige som vi var før».

Folk i Gaza tykte neppe at IDF alltid var overforsiktige før heller. Krigen i 2014 kosta nesten 1500 sivile palestinarar livet, og etter krigane i både 2009 og 2014 fekk den israelske krigføringa hard kritikk i granskingsrapportar som FN fekk laga. Men i krigen i haust har det vore langt mindre varsling av bombeåtak på førehand, dels fordi telefonsambandet i Gaza ofte har vore nede. Mange sivile skal òg ha blitt drepne av bombing i område som folk hadde fått beskjed om å evakuere til.

Store bomber

Dei høge sivile dødstala i haust heng òg saman med valet av våpen. Det finst ikkje noko offentleg oversyn over kor mykje israelske styrkar nyttar av ulike typar bomber og rakettar. Men Financial Times har sett saman informasjon frå offisielle fotografi frå det israelske flyvåpenet og ei rekkje andre kjelder for å danne seg eit bilete. Dei største USA-produserte bombene Israel nyttar, Mark 84, veg over 900 kilo og inneheld 429 kilo sprengstoff. Desse bombene kan styrast mot målet, men eksplosjonen er så kraftig at det er stor fare for å drepe eller skade langt fleire enn dei ein ønskjer å råke.

Ei Mark 84-bombe kan lage 11 meter djupe krater i bakken og få heile bustadblokker til å kollapse, og fragment frå eksplosjonen kan drepe eller skade menneske 300 meter borte. Financial Times har intervjua Marc Garlasco, tidlegare analytikar for Pentagon, som undrar seg over at Israel ser ut til å bruke så kraftige bomber i stort omfang i Gaza. Den einaste grunnen Garlasco kan sjå, er at IDF håpar å få Hamas-tunnelane til å kollapse ved hjelp av desse kjempebombene. Men konsekvensane er store på bakkeplanet.

Mange av rakettane og bombene Israel nyttar, er presisjonsvåpen som kan styrast mot målet, men ikkje alle. Israelske fly har òg sleppt M117-bomber over Gaza, skriv Financial Times. Dette er ei gammaldags, «dum» bombe som først vart nytta av USA under Korea-krigen i 1950-åra, og som vart brukt i stort omfang under Vietnamkrigen. Bruk av slike våpen kan vere ein del av forklaringa på dei høge dødstala.

Krigsjuss

Den israelske strategien – og vala av våpen – har òg ført til skuldingar om krigsbrotsverk. Amnesty International har samla informasjon om fleire bombeåtak i Gaza som førte til store sivile tap. Organisasjonen har mellom anna granska to åtak i oktober som til saman kosta 43 sivile livet, av dei 19 barn. Desse åtaka fann stad sentralt i Gaza, i område som folk nord på stripa hadde fått beskjed om å evakuere til. Åtaka skal ikkje ha blitt varsla, etter det Amnesty har funne ut. Restar etter bombene og storleiken på kratera tyder på at det var Mark 84-bomber produserte av amerikanske Boeing som vart brukt i minst eitt av åtaka.

Amnesty International har ikkje funne indikasjonar på at det var militære mål i nærleiken. Og sjølv om intensjonen kan ha vore å råke militære mål, kan bruken av så kraftige våpen i så tett folkesette område vere krigsbrotsverk. Åtaka må difor etterforskast, heitte det i ei pressemelding frå Amnesty 5. desember.

Krigens folkerett er komplisert, og ikkje alle sivile tap i krig inneber krigsbrotsverk. Legaliteten i kvart bombeåtak må vurderast for seg. Dei som skal granske Gaza-krigen i ettertid, får ein stor og dyster jobb. Men når målutveljinga og dei andre vurderingane til IDF går langt fortare enn i dei tidlegare krigane, er det ikkje overraskande om det får dødelege konsekvensar for svært mange sivile.

Langt att

Også israelske styrkar lir tap i Gaza-krigen. Tysdag denne veka var den verste dagen så langt for IDF, da mista ti israelske soldatar livet i kamp. Så langt har 115 israelske soldatar døydd i invasjonen av Gaza. Av desse skal 20 ha blitt drepne av eld frå eigne styrkar eller døydd i andre typar ulukker. Dette kjem i tillegg til 278 israelske soldatar og 57 politifolk som vart drepne under Hamas-åtaket 7. oktober.

Men dei palestinske tapa er av ein annan storleiksorden. Ifølgje helsestyresmaktene på Gaza skal som nemnt kring 18.600 palestinarar vere døde sidan bombinga tok til i oktober, det inkluderer både sivile og stridande. IDF seier sjølv at dei har drepe kring 5000 Hamas-krigarar så langt i krigen. Men statsminister Netanyahu har lova å utslette Hamas i Gaza, og til det målet er det svært langt att.

Eit vanleg estimat er at Hamas hadde kring 25.000 krigarar da krigen tok til. Om leiarane i Israel skal drepe eller fange dei alle, om tala så langt stemmer så nokolunde, og om forholdstalet mellom sivile og militære offer i Gaza held fram som det har vore til no, kjem titusenvis fleire sivile palestinarar til å døy før målet er nådd.

Uklart mål

Kva som eigentleg er det endelege målet for Israel med krigen, bortsett frå å knuse Hamas, er ikkje så lett å sjå i dag. Statsvitaren Robert A. Pape ser ikkje lyst på utsiktene: «Same kva det endelege målet er, reiser Israels øydelegging av Gaza djupe moralske problem. Men sjølv ut frå ei reint strategisk vurdering er den israelske tilnærminga dømd til å mislukkast», skriv Pape i Foreign Affairs 6. desember.

«Historia viser at storskalabombing av sivile område nesten aldri fører til at måla blir nådde», skriv han, og viser til historiske erfaringar: Den tyske blitskrigen mot britiske byar i 1940–41 drap over 40.000 menneske, men svekte på ingen måte kampviljen til britane. Den allierte bombinga av tyske byar som tok til i 1942, og kosta hundretusenvis av sivile livet, svekte ikkje tysk stridslyst nemneverdig og førte ikkje til noko opprør mot Hitler. Den amerikanske teppebombinga av Nord-Vietnam knekte ikkje motstanden. Den russiske krigen i Ukraina har drepe over 10.000 sivile, men ukrainarane har ikkje gjeve opp, påpeikar Pape.

Han skriv at krigen truleg har gjeve Hamas større oppslutnad blant palestinarane. «Dei militære operasjonane til Israel no produserer fleire terroristar enn dei drep», skriv Pape, og viser til ei meiningsmåling blant palestinarar i både Gaza og på Vestbreidda 14. november, der 76 prosent av dei spurde sa at dei hadde eit positivt inntrykk av Hamas. Det er ei tredobling av oppslutnaden sidan september.

Meiningsmålingar midt i ein blodig krig må ein ta med ei klype salt, men at støtta til Hamas har auka blant palestinarane, verkar klart. Robert A. Pape meiner det er ein lærdom å hente i hans eiga forsking på terrorisme rundt i verda: «Dei færraste blir terroristar på grunn av religion eller ideologi, sjølv om somme gjer det. Dei fleste som blir terroristar, blir det fordi landet deira blir teke frå dei.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis