«Nokre få rotne eple»
Kommisjonen som har granska framferda til australske soldatar i Afghanistan, fann at spesialstyrkane med overlegg har drepe 39 sivile og fangar, mellom dei to 14-åringar.
ANZAC-dagen 25. april 2019 blir markert med pomp og prakt framfor det største av alle dei mange krigsminnesmerka i Australia – det ruvande krigsmuseet i Canberra.
Foto Nadav Harel / Forsvarsdepartementet
ANZAC-dagen 25. april 2019 blir markert med pomp og prakt framfor det største av alle dei mange krigsminnesmerka i Australia – det ruvande krigsmuseet i Canberra.
Foto Nadav Harel / Forsvarsdepartementet
Vi har spelt inn nokre prøveepisodar av ein Dag og Tid-podkast. I denne episoden kan du høyre Astri Suhrke fortelje om Brereton-rapporten:
Australia
astri.suhrke@cmi.no
Det første du ser, er gjerne krigsmonumentet. I dei fleste australske småbyar er det plassert på torget. Her står namna på bysøner som gjennom tidene har falle i Englands krigar og seinare USAs krigar. I storbyane er krigsmonumenta endå større. Frå boarkrigen til Afghanistan – Australia har gjort dei til sine eigne. Men nyhenda om at australske styrkar kan ha stått bak omfattande krigslovbrot i Afghanistan sidan 2005, har skaka nasjonens historiske sjølvbilete som ein rettskaffen og botnsolid alliert.
Rykta dukka opp først rundt 2011–2012. Dei australske media byrja å grave. Enkelte av spesialstyrkane braut den strenge løyndomskodeksen til gruppa og byrja å snakke. I 2017 viste den statsstøtta TV-kanalen i beste sendetid eit filmopptak der spesialstyrkane diskuterer om dei skal skyte ein uvæpna mann i landsbyen – mannen spring, snublar og blir liggjande på ryggen i kveiteåkeren. Dei skyt han.
Forsvaret hadde teke tak i saka året før, og rapporten til generalinspektøren var lenge venta. Men omfanget av moglege krigslovbrot og valdens tilsynelatande systemiske preg skapte sjokkbølgjer då ein tungt sladda versjon vart offentleggjord i førre veke. Sjokkbølgjene spreidde seg heilt ut til småbymonumenta over ein tapper og stolt krigsinnsats gjennom tidene.
Rapporten fann «truverdig informasjon» om at spesialstyrkane har drepe 39 personar, sivile og fangar, i omstende som utgjer klare brot på krigens folkerett. Hendingane vart skildra som overlagde drap, ikkje tap av sivile liv i kamphandlingar. Sladda avsnitt seiest å fortelje om regelrette avrettingar, mellom anna av to 14-åringar og ein eldre, såra mann. Familien fann djupe støvelmerke på kroppen hans. Dei involverte patruljane gjorde det til rutine å forfalske situasjonsrapportane. Dei flaut så oppover i kommandokjeda, stort sett utan at spørsmål vart stilte.
Korleis kunne dette skje?
«Nokre få rotne eple»
Delar av granskingsrapporten byggjer opp under «nokre få rotne eple»-teorien. Kommisjonen, leidd av dommar og generalmajor Paul Brereton, fokuserer snevert og skarpt på to underavdelingar i Special Air Service Regiment (SASR), ein av fleire australske spesialstyrkar som opererte i det sørlege Afghanistan. Breretons team fann at 25 personar i dei to underavdelingane var involverte i alvorlege overgrep, og at prova mot 19 personar er sterke nok til å halde i ein sivil domstol.
19 moglege krigsforbrytarar er – gjeve at rundt 3000 australske soldatar har tenestegjort i Afghanistan – «ei lita gruppe», sa forsvarssjefen då han offentleggjorde rapporten. Det gjer ikkje skampletten mindre, sa han, og utan atterhald bad han dei råka afghanske familiane om orsaking. Men temaet «ei lita gruppe» fikk raskt fotfeste i den offentlege debatten: Kort sagt var dette eit unntakstilfelle i ein elles prisverdig australsk innsats i Afghanistan.
Spesialstyrkane, derimot, var mykje mindre – rundt 300 personar. Forholdstalet blir då noko anna, og Brereton-rapporten grip til strukturelle og kulturelle faktorar for å forklare korleis brota kunne ha skjedd. Styrkane opererte i små, relativt uavhengige grupper. Patruljesjefen hadde stor makt. Organisasjonskulturen understreka den spesielle statusen deira og gav grobotn for ein avvikande «krigarkultur». Hemmeleghald og gruppesolidaritet gjorde det lettare å teie om overgrep. Medlemmer som prøvde å stille spørsmål, vart frosne ut. Slik vart positive verdiar som solidaritet, gjensidig tillit og handlekraft snudde i negativ retning.
Andre reglar
Problemstillinga er velkjend frå andre lands spesialstyrkar som har tenestegjort i Afghanistan.
– Eg fekk kjensla av at spesialstyrkar ser på seg sjølve som spesielle, og at spesielle reglar gjeld for dei, seier militærsosiologen Samantha Crompvoert, som gjorde viktig forarbeid til generalinspektørens rapport.
Dei fleste hendingane Brereton-teamet etterforska, gjekk føre seg i perioden 2009–2012. Kontekst er viktig for å forstå. Krigen hadde på den tida tilspissa seg, og dei sivile tapa vart store. Under leiing av generalane Stanley McChrystal og David Petraeus satsa Nato på ein meir proaktiv strategi for å kjempe ned Taliban. Petraeus la særleg vekt på å skape eit omfattande etterretningssystem – mykje basert på signalinformasjon – for å setje saman lister over personar som skulle pågripast eller drepast. Den såkalla capture or kill-strategien produserte eit raskt stigande tal på døde, og ein like raskt stigande debatt om alle dei drepne var lovlege mål.
Amerikanske spesialstyrkar kom oftast i søkjelyset. Dei utførte flest capture or kill-operasjonar og hadde ord på seg for å bruke unødig og rettsstridig vald. Men fleire lands kontingentar deltok i kampanjen, og australiarane ser ut til å ha følgt same vegen som amerikanarane. Brereton-rapporten seier at den australske spesialstyrken som heilskap og i stigande grad gjekk til åtak på mål på svakt eller manglande etterretningsgrunnlag. Ein reaksjon på rapporten frå venstresida av Australias politiske spektrum er at ein difor skal vere forsiktig med å sende militære styrkar til ein krig som den i Afghanistan. Den internasjonale militære innsatsen i Afghanistan var prega av flytande mål og skiftande strategiar i møte med ein uklar og uniformlaus fiende – den mykje omtalte «bonde om dagen, soldat om natta».
– Dette er ein vanskeleg krig som kan opne for misbruk av militærmakt, slik vi mellom anna såg i Vietnam, seier tryggingsekspert og tidlegare rådgjevar til Arbeidarpartiet, Allan Behm.
I faresona
Trekkjer ein Behms konklusjon litt vidare, slik Brereton-rapporten lett kan lesast, kan ein seie at spesialstyrkar særleg står i faresona for maktmisbruk, fordi dei opererer med stor grad av sjølvstende og hemmeleghald. Og dersom ein «krigarkultur» veks fram, er hovudingrediensane for overgrep til stades.
Dette er kan hende grunnen til at Brereton-rapporten åtvarar mot utstrekt bruk av spesialstyrkar i uteoppdrag. Rådet er utvitydig: Ikkje bruk spesialstyrkane som første og viktigaste bidrag ute. Bruk dei sparsamt og berre der spesiell og ukonvensjonell kompetanse er påkravd. Dersom styrken inngår i ein internasjonal koalisjon med kompliserte kommandotilhøve, slik situasjonen var i Afghanistan, bør nasjonal kontroll likevel sikrast.
Her stoppar forsvarets generalinspektør. Analytikarar med andre ståstader går lenger. Hendingane i det sørlege Afghanistan er eit sterkt argument for å integrere spesialstyrkane i resten av forsvaret, meiner David Whetham, professor ved King’s College i London. Spesialstyrkane har organisatoriske skiljevegger mot resten av forsvaret og ein lukka kultur. Det gjer det vanskelegare å utøve kontroll og forhindre at handlekraft sklir ut i brot på engasjementsreglene – i verste fall krigslovbrot. Løysinga er å byggje ned skiljeveggene, om ein då i det heile teke treng spesialstyrkar.
Forsvarsleiinga har byrja ein reformprosess for å forbetre spesialstyrkane, men det vert neppe radikale endringar med det første. Meir spenning er knytt til kva som vil skje med dei 19 moglege krigsforbrytarane.
Ansvar og straff
Formelt sett er Australia godt rusta for å ta eit grundig rettsoppgjer. Straffelova har eit eige kapittel om krigslovbrot basert på statuttane til Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Kapittelet vart teke inn alt i 2002, straks etter at landet ratifiserte Roma-traktaten som etablerte domstolen. På det punktet ligg Australia fleire år framfor Noreg.
Regjeringa har også etablert ei spesiell påtalemakt som skal hjelpe det føderale politiet med etterforskinga. Sakene vil kome opp for ein sivil domstol, og prova må vere sterke nok til å overtale ein jury. Og her byrjar problema. Ikkje alle kjeldene til Brereton vil nødvendigvis stå fram i ålmenta og verte kryssforhøyrde. Prov og vitne må hentast inn frå Afghanistan, og etter eit tiår er mange spor alt kalde. Etterforskinga kan ta fleire år. Når den spesielle påtalemakta er ferdig, landar sakene hos riksadvokaten og justisministeren, som avgjer om det skal reisast tiltale.
Same kva vil saker som endar i domstolane, berre gjelde personar på lågare nivå. Brereton-rapporten finn at det juridiske ansvaret ikkje går lenger oppover i kommandokjeda enn effektiv kontroll rekk. I spesialstyrkane var det hovudsakleg på patruljenivå og eitt hakk over. Lenger oppover i kommandokjeda ligg det berre eit moralsk ansvar. Ingen røyster har hittil motsagt denne konklusjonen.
Historiske heltar
Så langt har forsvarsleiinga drive prosessen, delvis i sterk motvind. Spesialstyrkane har stått steilt imot. Dei konservative nasjonalistiske regjeringspartia har prøvt å leggje lok på opplysningar som kan styrkje krav i ålmenta om gransking og rettsoppgjer. Ein tidleg militær varslar av majors grad vart arrestert og kan få livstid i fengsel. Det føderale politiet raida statskanalen ABC for å kverrsetje kjeldemateriale og truga journalistar som grov i saka, med arrest og påtale.
Då rapporten vart publisert, markerte statsministeren ståstaden sin ved å seie at han ikkje vil gje råka afghanske familiar erstatning, slik Brereton-rapporten tilrår.
Heltane i historia hittil er difor forsvarsleiinga, generalinspektørens team og dei nesten 400 vitna som samarbeidde, tidlegare spesialstyrkar medrekna. Så langt er det ei unik australsk historie. Korkje amerikanarane eller britane har gjennomført ei omfattande gransking av liknande rykte og ufullstendige rapporter om eigne soldatar i Afghanistan. Enkelte australiarar meiner ho vil kome.
– Vi er dei første, men vi vert nok ikkje dei siste, seier ein talsmann for ein av forsvarets interesseorganisasjonar.
I mellomtida utspelar første akt av det politiske oppgjeret seg heime i det største av alle landets krigsmonument – det ruvande krigsmuseet i Canberra. Ei utviding som kostar 500 millionar australske dollar (3,4 milliardar kroner), er planlagd for å gje meir plass til Australias krigsdeltaking dei siste 25 åra. Spørsmålet er kva historia skal seie om hendingane i det sørlege Afghanistan.
Astri Suhrke er seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt i Bergen.
Statsministeren markerte ståstaden sin ved å seie at han ikkje vil gje råka afghanske familiar erstatning, slik Brereton-rapporten tilrår.
Brereton-rapporten
Generalmajor Paul Brereton har leia granskinga av moglege krigsbrotsverk frå australske styrkar mot ikkje-stridande i Afghanistan i åra 2005–2016.
Rapporten blei lagd fram 6. november 2020. Etter fire års gransking er konklusjonane eintydige og sjokkerande for den australska ålmenta som elles dyrkar og ærer soldatane sine. Til dømes skal SAS-veteranar i teneste i Afghanistan ha tvinga rekruttar til fangedrap som innviingsritual.
Saka får venteleg etterspel i retten. Til no er berre varslaren David McBride sikta.