JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Når den rike mannen kvitrar

Elon Musk vil frelse menneska, men kjøpet hans av Twitter kjem neppe til å gjere verda betre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Etter ein lang prosess fekk Elon Musk endeleg kjøpt mikrobloggselskapet Twitter. Biletet viser ein Twitter-logo framfor eit foto av Musk.

Foto: Dado Ruvic / Reuters / NTB

14100
20221104

Elon Musk

Fødd i Pretoria i Sør-Afrika i 1971.

Emigrerte til Canada som 17-åring.

Utdanna seg i økonomi og fysikk i USA.

Slo seg fram som internettgründer.

Bygde opp ei rekkje store selskap, mellom anna Tesla og SpaceX.

Kjøpte sist veke medieplattformen Twitter for 450 milliardar kroner.

Utanriks

peranders@dagogtid.no

At Elon Musk, verdas rikaste mann, no har fått kjøpt Twitter, gjer det freistande å seie: Kva så? Det er ikkje noko nytt at rike menn sikrar seg makt gjennom sine eigne massemedium. Mediemogular som William Randolph Hearst i USA, Rupert Murdoch og Robert Maxwell i Storbritannia, Silvio Berlusconi i Italia og Axel Springer i Tyskland er alle døme på at medieeigarskap òg kan gje stor politisk påverknadskraft. At dei rike har sine kanalar inn i heimane til folket, er vi vande med.

Likevel er det nokre gode grunnar til å vere uroleg over oppkjøpet til Musk. Vi lever i lettantennelege tider, og dei sosiale media fungerer på heilt andre måtar enn tradisjonelle aviser eller TV-kanalar. For ti år sidan trudde mange at medium som Twitter skulle ha ein demokratiserande effekt. Dei sosiale media var noko folket kunne bruke til å tale dei mektige imot. Men slik mellom anna Donald Trump har synt oss, kan kanalar som Twitter like gjerne vere megafonar for makta.

Det er ikkje så lett å skjøne kvifor Elon Musk valde å bruke 450 milliardar kroner på å kjøpe Twitter. Det gjev i alle fall ikkje særleg meining økonomisk. Men som dei fleste truleg har skjønt, er ikkje dette ein heilt vanleg dollarmilliardær. Og for å kunne gjere seg tankar om kva dette oppkjøpet kan ha å seie, er det nyttig å prøve å finne ut kva slags person som no er den rikaste i verda.

Trist oppvekst

Elon Musk vart fødd i 1971. Han voks opp i Pretoria, den administrative hovudstaden i Sør-Afrika, ein militarisert, overvegande kvit og sterkt konservativ by. Både Musk sjølv og folk som stod han nær i unge år, har skildra oppveksten som ulukkeleg. Faren Errol var ein velståande ingeniør, politisk liberal og skeptisk til apartheid. Han var òg ein autoritær, intens og ustabil mann, skal vi tru Ashlee Vance, som har skrive ein biografi om sonen. Elon har sjølv omtala far sin som «eit forferdeleg menneske». Likevel valde både han og broren Kimbal å bu med faren da foreldra skilde lag i 1980.

Som gut var Elon ein utprega nerd: Han var skuleflink og dyktig med heimedatamaskina og laga eigne dataspel frå han var tolv år, men sleit med å finne sin plass i det sosiale spelet. Han var ofte åleine, las uhorveleg mykje og pløgde seg gjennom heile leksikon frå perm til perm – og hugsa det han hadde lese. Om han las fiksjon, var det helst teikneseriar eller bøker av science fiction-forfattarar som Isaac Asimov og humoristen Douglas Adams.

Mobbeoffer

I tenåra vart Musk ikkje berre eit offer for mobbing, men for fysisk mishandling av ein brutal gutegjeng på skulen. Ved eitt høve gjekk det så langt at han hamna på sjukehus.

For den unge Musk vart Pretoria og Sør-Afrika noko han ønskte å kome seg vekk frå. Og som 17-åring, i 1989, emigrerte han til Canada, heimlandet til mora, der han først tok ymse strøjobbar og seinare studerte ved eit universitet i Ontario. I 1992 flytta Musk til USA og studerte fysikk og økonomi ved det prestisjefulle University of Pennsylvania.

Etter dette var planen hans å ta ein doktorgrad ved Stanford-universitetet i California. Men han vart tiltrekt av den kreative trykkokaren Silicon Valley og valde i staden å slå seg fram som gründer på det framveksande internettet. Det var her forretningstalentet og dei visjonære trekka hans viste seg for alvor. Det første selskapet Musk etablerte, laga ein slags by­guide på nettet: ei enkel kartteneste kombinert med informasjon om restaurantar og andre tenester – ikkje ulikt måten Google Maps fungerer på i dag. Da selskapet vart kjøpt opp, sat Musk att med 200 millionar kroner.

Til Mars

Det neste prosjektet vart enda større. Selskapet X.com utvikla ei betalingsteneste over internett, i praksis ein av dei første nettbankane i verda. Selskapet fusjonerte i 2000 med PayPal. Og da PayPal i sin tur vart kjøpt av eBay i 2002, fekk Musk 1,7 milliardar kroner for aksjane sine.

Men da hadde han allereie sett seg langt høgare mål enn å utvikle nye forretningskonsept på internettet. Han engasjerte seg i organisasjonen Mars Society, som mellom anna hadde som mål å sende planter til Mars, slik at også naboplaneten vår skulle få ein atmosfære med oksygen. Det høyrest ikkje ut som nokon spesielt god idé, men Musk reiste faktisk til Moskva for å prøve å få kjøpt ballistiske rakettar som kunne brukast for å sende plantene til Mars.

Prosjektet vart aldri noko av, men Musk fann i staden ut at han ville produsere sine eigne romrakettar som kunne tilby kommersielle tenester. I 2002 grunnla han selskapet SpaceX, som laga ein rakettfabrikk i Los Angeles. Etter fleire uhell og nestenkonkursar vart SpaceX ein suksess. Selskapet har i dag NASA på kundelista, sender satellittar ut i verdsrommet og gjev astronautar skyss til den internasjonale romstasjonen.

Det er tydelegvis snakk om ein arbeidskapasitet langt utanom det vanlege her: Parallelt med satsinga på SpaceX bygde Musk opp den bilprodusenten dei fleste truleg knyter namnet hans til.

Allsidig

Det var ikkje Elon Musk som grunnla Tesla. Selskapet vart etablert i 2003, men Musk vart ein av dei første investorane året etter. Han spytta inn 70 millionar kroner i Tesla, og tok ei svært aktiv rolle som styreleiar og etter kvart direktør. Musk var sjølv sentral i designen av Roadster, den første Tesla-modellen. Trass i mange tilbakeslag på vegen, vart selskapet verdas mest verdifulle bilprodusent, målt etter børsverdien.

Soga om Musk-imperiet er ikkje over med dette. I 2006 var han med på å grunnleggje solcelleselskapet SolarCity, som vart ein av dei største leverandørane av solcellepanel i USA. Gjennom SpaceX bygde Musk opp Starlink-systemet, som tilbyr internettsamband via satellitt.

Den gratis tilgangen Musk har gjeve til Starlink, har vore til god hjelp for Ukraina i krigen mot Russland. Musk står òg bak selskapet Neuralink, som prøver å integrere menneskehjernen og kunstig intelligens, og The Boring Company, som ganske enkelt lagar tunnelar. I tillegg kjem ei rekkje ville prosjekt, mellom anna den såkalla hyperloopen, som ikkje har kome lenger enn til teiknebrettet.

Men så kjem vi attende til utgangspunktet: Kva skal Elon Musk med noko så banalt som ei 16 år gammal mikrobloggteneste på internett?

Underleg kjøp

Kjøpet av Twitter er, målt i pengar, den største investeringa Musk har gjort. Det er òg eit brot med alt han har engasjert seg i tidlegare. Internettselskapa han slo seg opp med, Tesla og SpaceX, har alle utvikla ny og spenstig teknologi. Men det er ingenting teknologisk interessant med Twitter.

Silicon Valley-guruen Peter Thiel, som i si tid arbeidde saman med Musk i PayPal, brukte i 2010 Twitter som døme på det han såg på som stagnasjon i teknologiutviklinga: «Vi ønskte oss flygande bilar, men fekk 140 teikn i staden.» I dag kan Twitter-meldingane vere opptil 280 teikn, men mediet blir knapt meir interessant av den grunn.

Prisen Musk betalte, gjev heller ikkje særleg god meining. Målt opp mot dei største sosiale media er Twitter for ein sporv å rekne. Facebook har nesten tre milliardar brukarar, YouTube 2,5 milliardar, WhatsApp to milliardar, Instagram 1,2 milliardar og TikTok éin milliard. Twitter har 230 millionar brukarar, og har dessutan gått med underskot kvart år sidan 2018. Mykje tyder på at den nye eigaren har andre mål med Twitter enn teknologiutvikling eller profitt (og profitt for si eiga skuld hevdar Musk med eit visst truverd at han ikkje er særleg interessert i).

Ytringsfridom

Som historia har vist, er det ikkje lett å gjette seg til kva idear som boblar i hjernen til Elon Musk. Men investeringa i Twitter gjev ein ekstra grunn til å spørje seg kor verdas rikaste mann står politisk. Heller ikkje det spørsmålet har openberre svar. I 2014 skildra Musk seg sjølv som «halvt demokrat, halvt republikanar», som «liberal i samfunnssyn og finanspolitisk konservativ». Som så mange andre verkeleg rike amerikanarar skal han ha donert pengar til både republikanarar og demokratar.

Meir interessant i denne samanhengen er at han ser seg sjølv som ein ivrig tilhengar av svært vid ytringsfridom. I ei pressemelding da Twitter-oppkjøpet var i boks, skreiv Musk: «Ytringsfridom er fundamentet for eit fungerande demokrati, og Twitter er det digitale landsbytorget der dei avgjerande spørsmåla for framtida til mennesket blir diskuterte.» Det høyrest jo bra ut. Men som dei tidlegare sjefane i Twitter oppdaga, er det risikabelt å sleppe ytringsfridomen for langt på det digitale torget.

Storminga

Dette vart overmåte tydeleg 6. januar 2020, da tusenvis av Trump-tilhengjarar storma kongressbygningen i Washington. Dei trudde på Twitter-meldinga frå den avtroppande presidenten nokre dagar tidlegare, der han hevda at han eigentleg var vinnaren av valet, og oppmoda folk om å demonstrere i hovudstaden på denne satoen. «Det blir vilt!», lova Trump, og det vart det.

Det som skjedde like etter storminga, synte òg kva makt dei store teknologiselskapa har. Twitter og Facebook tok ansvar og stengde kontoane til Trump. Og Apple og Google blokkerte ganske effektivt Parler, ein annan medieplattform som Trump-tilhengarane hadde brukt til å fyre seg opp før og under åtaket. Ingen veit om Twitter under leiinga til Elon Musk ville vist ansvarskjensle på same vis. Det er heller ikkje avklart om han kjem til å sleppe Trump attende på plattformen. Men om vi ser på kva Musk sjølv seier om ytringsfridom, og korleis han sjølv kommuniserer på Twitter, er det grunn til å tru at modereringa av Twitter kjem til å bli vesentleg slakkare i tida som kjem.

Utskjelling

Sidan Elon Musk sjølv byrja å bruke Twitter i 2009, har han kvitra over 20 000 gonger. I starten skreiv han mest banalitetar som såg ut til å vere eit pliktløp, lik mange andre leiarfigurar som får høyre at det er viktig å vere synleg på dei sosiale media. Men etter kvart skifta tonen hans, og byrja å minne meir om Twitter-stilen til Trump, skriv The New York Times denne veka. Musk såg ut til å nyte merksemda det gav å sende ut frekke og kontroversielle meldingar på Twitter, og han fekk stadig fleire følgjarar. Og sansen hans for vid ytringsfridom ser ut til å ha sine avgrensingar, for han toler ikkje kritikk av seg sjølv særleg godt.

I 2020 var han misnøgd med artikkelen om seg sjølv i nettleksikonet Wikipedia. «Historia blir skriven av sigerherrane, bortsett frå på Wikipedia», hevda Musk. Og på Twitter sende han ut ei oppmoding til følgjarane sine om å herje fritt med sida hans. Mange gjorde som han sa, Musk applauderte, og Wikipedia måtte stengje artikkelen for redigering. I 2018 prøvde Musk å blande seg inn i berginga av dei 12 gutane som sat innesperra i ei hole i Thailand, og fekk kritikk av gruvedykkaren Vernon Unsworth. Musk skjelte ut Unsworth på det grovaste på Twitter, og skulda han for å vere pedofil. Han har ved ei rekkje høve nytta mediet til å rase mot journalistar og andre som har kritisert han.

Hitling

Ytringane til Musk om politiske spørsmål har òg blitt drygare med tida. Bidraga hans til debatten om covid-19 har ikkje nett vore folkeopplysing. «Koronaviruspanikken er dum», twitra han 6. mars 2020. I januar og februar i år støtta Musk ivrig lastebilsjåførane som demonstrerte mot vaksinepolitikken i Canada. «Om du skremmer folk nok, vil dei krevje at fridomen blir fjerna. Dette er vegen til tyranni», hevda Musk på Twitter, og vidaresendte eit sarkastisk mem som samanlikna statsminister Justin Trudeau med Adolf Hitler.

Musk er ikkje framand for å formidle konspiratoriske og ufunderte påstandar via Twitter. 28. oktober gjekk ein mann til åtak med hammar på Paul Pelosi, mannen til politikaren Nancy Pelosi, i heimen deira, og påførte Paul Pelosi alvorleg skade. Etterpå twitra Musk ei lenkje til ein tvilsam nettstad som hevda at Paul Pelosi eigentleg hadde vore full og slåst med ein mannleg prostitutert, og antyda at det kunne vere meir ved denne historia enn folk hadde fått med seg. Om dette syner kva standard Musk ønskjer seg på Twitter, lovar det ikkje særleg godt.

Einevelde

I tillegg kjem eit anna moment: Elon Musk er ikkje berre liberal. Som leiar er han utprega autoritær, i blant nærast tyrannisk, og han har ikkje særleg interesse for ytringsfridomen til dei som arbeider for han. «De ansatte ønsker å stå ham nært, men de frykter også at han brått kan ombestemme seg om noe, og at enhver samhandling med ham kan føre til at man får sparken», skriv Ashlee Vance i biografien om Musk (som i hovudsak gjev ei positiv framstilling av mannen). Vance siterer ein tidlegare tilsett: «Elons klart dårligste egenskap er etter min mening hans totale mangel på lojalitet eller menneskelighet. Mange av oss jobbet utrettelig for ham i mange år, for så å bli slengt i grøften som søppel uten noen nærmere vurdering.»

Leiarstilen til Musk har òg vist seg etter overtakinga av Twitter. Fleire av leiarane i selskapet har alt fått sparken, og Musk har i tillegg kasta heile styret. Inntil vidare er selskapet altså eit reint einevelde. Og det er ei styreform som passar sjølvbiletet hans godt. Ifølgje biograf Vance ser Musk framleis seg sjølv som ein frelsar for menneska, ein som alltid veit kva som er best (og han har framleis ikkje gjeve opp planane om å kolonisere Mars). «Han ser ut til å føle for mennesket som art og som en helhet, uten alltid å ta hensyn til enkeltmenneskenes ønsker og behov», skriv Vance i etterordet.

Korleis skal vi så oppsummere dette? Som ein interessant situasjon. Eit massemedium med 230 millionar brukarar er no den personlege eigedomen til eit autoritært geni med megalomane ambisjonar og stor sans for sin eigen ytringsfridom, med ei lettkrenkt sjølvkjensle og med liten sans for kritikk, og med avgrensa forståing for at andre menneske i blant kan ha rett.

Det er ikkje gjeve at dette kjem til å gå bra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis