Utanriks
Motsetningane aukar
Muslimar i Frankrike krev stadig fleire særrettar.
I Frankrike har talet på unge muslimar som meiner at sharialova står over dei franske lovene, stige med 10 prosent på fire år.
Foto: Francisco Seco / AP / NTB
Ei fersk undersøking om sekularisme mellom ungdom i Frankrike skaper uro. IFOP, Institut Français de l’Opinion Publique, la henne fram 5. november. Den dagen delte eit statleg råd, Le Comité Laicité République, ut ein årleg pris for godt sekulariseringsarbeid.
Ulikt kva mange trur, er den franske staten ikkje mot religion; sidan 1905 har ein meint at statssekularisme sikrar religionsfridom. Men i nokre tiår har det vore krefter på venstresida som meiner religionane får for lite rom i ålmenta. Dei legitimerer krava til visse muslimske grupper.
Sharialover
57 prosent av dei muslimske ungdommane i Frankrike meiner sharialovene står over republikkens lover. Det er 10 prosent meir enn i 2016. Berre 15 prosent av katolikkane hadde tilsvarande syn på kyrkja si lære. Målinga var utført like etter drapet på læraren Samuel Paty. 66 prosent av dei spurde muslimane var heilt imot at lærarar skal kunne syne fram karikaturar av «religiøse personlegdomar». Av alle andre franskmenn meiner 75 prosent, irekna katolikkane, at det er heilt greitt.
Det har vore særskilt merksemd kring visse moskear og organisasjonar, især frå overvakingspolitiet. Så regjeringa meinte – det vart kjent like før årets IFOP-undersøking – at 231 imamar skulle utvisast, sidan dei mana til ymseslag kamp for sharialover. Problemet er at heimlanda til mange av desse imamane ikkje vil ta i mot dei. Sidan det er i strid med folkeretten å gjere folk statslause, kan fleirtalet ikkje sendast ut or Frankrike.
Registrering
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.