JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Militærmakta rår

Militæret i Myanmar fjerna Aung San Suu Kyi frå makta etter at ho vann det andre demokratiske valet i landet etter nærmare 50 år med militært diktatur.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den valde leiaren i Myanmar, Aung San Suu Kyi, vart fjerna frå makta i eit militært statskupp måndag 1. februar.

Foto: Athit Perawongmetha / Reuters / NTB

5162
20210205

SAMTALEN 

Marte Nilsen

Seniorforskar ved Peace Research Institute Oslo (Prio) 

AKTUELT 

Militæret i Myanmar gjennomførte eit statskupp 1. februar

christiane@dagogtid.no

Måndag 1. februar skulle nasjonalforsamlinga i Myanmar tre saman for første gong etter valet i november, der Aung San Suu Kyi og partiet Nasjonalligaen for demokrati (NLD) sikra seg fleirtal, slik dei også gjorde i 2015. I staden gjennomførte militæret eit statskupp, og Aung San Suu Kyi skal vere i husarrest. Marte Nilsen er seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (Prio).

– Kvifor ville militæret i Myanmar ta makta frå Aung San Suu Kyi?

– Militæret har hatt stor makt heile vegen, fordi dei og den sivile delen av regjeringa er ei slags koalisjonsregjering, slik det er avgjort i grunnlova. Så det er alltid fleire ministerpostar og ein visepresident som er utpeikte av hærsjefen. Grunnlova, som militæret sjølv skreiv i 2008, og grunnlaget for heile reformprosessen i landet som dei også initierte, gjev militæret tydeleg politisk makt.

– Kvifor gjekk dei då til det steget å gjennomføre eit kupp?

– Det har vore dårleg samarbeidsklima mellom Aung San Suu Kyi og hærsjefen lenge, fordi ho ikkje har late seg styre slik dei har ønskt. Dei har konkurrerande posisjonar i landet. Aung San Suu Kyi ser på seg sjølv som ei landsmoder. Ho er dotter av frigjeringshelten Aung San, som stod for lausrivinga frå britane. Militæret ser på seg sjølv som nasjonens far og garantisten for stabilitet. Dei har motstridande identitetar som ikkje er særleg kompatible. I tillegg kjenner militæret seg tilsidesett. Kina har fått større innpass i Myanmar enn dei hadde ønskt seg, og dei har vorte marginaliserte frå det resterande internasjonale samfunnet etter utdrivinga av rohingyaane i 2017. Og etter valet har NLD, slik militæret ser det, fått for stor makt.

– Kva vil militæret med den nye makta?

– Det er uklart. Alle visste om trugsmålet om kupp; det var sabelrasling og mobilisering av soldatar heile førre veke. Men at dei faktisk tok makta gjennom eit kupp, kom overraskande på mange, fordi militæret har jobba lenge og systematisk for å få ein overgang frå militærdiktatur til eit system der dei vernar som posisjonane og makta, men der den daglege politiske drifta er overført til politikarar. Aung San Suu Kyi er populær og har auka populariteten sin i perioden som president. Men kva militæret trur dei kan oppnå, er uklart. Det kan handle om å tette nokre hol i grunnlova; det vil i så fall gjere lova enda meir udemokratisk enn ho alt er. Truleg vil militæret òg endre vallova for å hindre at Aung San Suu Kyi kjem att i same posisjon.

– Kva vil skje med Aung San Suu Kyi?

– Ho har alt levd meir enn 15 år i husarrest, og no spørst det om det blir det sekstande. Det har ikkje vorte sagt noko om kva som skal skje. Mange har vorte internerte og arresterte. Dei fleste vil nok verte lauslatne att, men eg trur ikkje Aung San Suu Kyi vil verte lauslaten med det første.

– Dei siste ti åra har Myanmar endra seg i demokratisk retning. Kva har endra seg?

– Den første gongen eg var i Myanmar, i 1998, kunne ein ikkje snakke ope om politikk. Då eg kom attende i 2012, var det eit heilt anna land. Alle snakka om politikk og kritiserte militæret, det var frie medium, i alle fall i trykt form, sivilsamfunnsorganisasjonar kunne operere ope, det var ein eksplosjon i politisk verksemd og samfunnsinitiativ. Demokratiseringa har vore avgrensa i det politiske systemet, men det har vorte mogleg å uttrykke seg nokså fritt og delta som aktive samfunnsborgarar. Ny teknologi og nye måtar å kommunisere på har også medverka til at Myanmar er eit anna land no enn for ti år sidan. Derfor trur eg det vert vanskelegare for militæret å kontrollere Myanmar slik dei gjorde før. 

– Aung San Suu Kyi fekk kraftige riper i lakken internasjonalt da ho ikkje stoppa overgrepa mot rohingyaane i landet. Kva slags leiar har ho vore?

– Det var aldri mogleg for henne å stoppe overgrepa; dei utførte militæret på eiga hand. Men ho klarte korkje å fordømme eller kritisere det som skjedde. Tvert om stod ho i Haag og forsvarte retten militæret hadde til å gjere det dei gjorde. Det er jo heilt uforståeleg for dei aller fleste utanfor Myanmar, men i heimlandet har ho framleis svært høg status. Ho har vore ein ganske eigenrådig leiar etter demokratisk målestokk, men karismaen og posisjonen hennar som symbol på motvekta til eit militært styre har gjort henne populær, og enda meir etter 1. februar-kuppet.

– Vert det eit nytt demokratisk val?

– Det var jo eit demokratisk val den 8. november, utan teikn på noko uregelbunde. Militæret seier dei skal utlyse nyval og tilsetje ein ny leiar for valkommisjonen. Så er spørsmålet om NLD får lov til å stille. Anten vert det avgrensingar på kven som får stille til val, eller så vil valsystemet verte endra til eit system med forholdstalsval, slik at ikkje eitt parti kan få så stor påverknad som no.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg trur ikkje Aung San Suu Kyi vil verte lauslaten med det første. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet måndag denne veka.

Foto: Dag og Tid

KommentarSamfunn

Venstre­­populisme på norsk

Ap bør skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre.

Rune Slagstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis