Utanriks

Mellom tradisjon og religion

Det er ikkje lett å navigere eit daglegliv under okkupasjon. Då covid-19 råka oss i Palestina, blei situasjonen endå meir krevjande, skriv Hanada Kharma, som er i Ramallah.

Helseminister Mai Alkaila (t.v.) og statsminister Mohammad Ishtayeh var vitne til at ein mann fekk Pfizer-vaksinen mot covid-19 i Ramallah i mars i år.
Helseminister Mai Alkaila (t.v.) og statsminister Mohammad Ishtayeh var vitne til at ein mann fekk Pfizer-vaksinen mot covid-19 i Ramallah i mars i år.
Publisert

Denne gongen kom ein usynleg angripar som alle må passe seg for, for ikkje å bli smitta. Sjølv om viruset er kjent også i folkesetnaden i Palestina, blei det usynlege knytt til ei mistenkjeleggjering av andre, av di dei kan vere berarar av smitten. Vi måtte lære oss å bli «antisosiale», noko som er vanskeleg i den palestinske kulturen.

Dei kulturelle verdiane gjer individet til ein organisk del av dei sosiale omgjevnadene. No må vi lære å sjå oss sjølve som individ uavhengige av sosiale grupper som (stor)familie, skule og moskear. Diverre er dette ei vanskeleg lekse å lære for palestinarar. Omtrent som å fortelje Frp-arar at det ikkje skjer noka snikislamisering i Noreg. Det er med andre ord særs vanskeleg.

Viktige band

Etter nærare eit år har vi likevel ikkje hatt tid til å utvikle nye vanar som hjelper oss med å handtere viruset og livet under nedstenging. Det er motsett, for vi har lært at vi er avhengige av dei sosiale nettverka. Under okkupasjon har vi lært at blir ein far fengsla, får onkelen mange av oppgåvene, og mora trer inn i rolla som både mor og far. Blir ein son drepen, vil alle borna bli som søner for mora. Dei vil alle gjere sitt for å kompensere for mellom anna dei tapte inntektene frå dei døde familiemedlemmene.

Desse viktige sosiale banda må vi også lite på i pandemien, ikkje minst av økonomiske grunnar. Dei nettverka staten kan erstatte i Noreg, der byråkratiet berre treng namn og personnummer, er avgjerande i Palestina. Og dei verkar mot den naudsynte avgrensinga av sosial kontakt. Vi er sosialt kondisjonerte til å styrke dei sosiale banda i krisetider.

Konspirasjonsteoriar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement