Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Må fjerne oligarkmakta

Georgia har søkt EU-medlemskap i lag med Moldova og Ukraina. Står mangemilliardær og partigründer Bidzina Ivanisjvili i vegen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Georgiske EU-tilhengjarar marsjerer gjennom gatene i Tbilisi den 20. juni, i det som vart den største demonstrasjonen på fleire tiår.

Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB

13551
20220701

Bakgrunn

Georgia

Republikk i grenselandet mellom Europa og Asia

Grensar i vest til Svartehavet, i nord til Russland, i sør til Tyrkia og Armenia og i søraust til Aserbajdsjan

Har to utbrytarrepublikkar, Abkhasia og Sør-Ossetia, begge anerkjende av Russland som sjølvstendige statar.

Kjelde: Store norske leksikon

christiane@dagogtid.no

Georgia må «av-oligarkiserast». Det er eitt av tolv krav EU-kommisjonen har stilt til Georgia for at landet skal kunne starte den lange vegen mot EU-medlemskap.

Meir inngåande skriv EU- kommi­sjonen at Georgia må setje seg som mål å av-oligarkisere samfunnet, ved å fjerne den omfattande påverknaden einskildpersonar i dag har innan økonomi, politikk og samfunnsliv.

Kva inneber det? Regjerings­kritiske georgiarar er ikkje i tvil. For dei har oligarkmakta i landet eit andlet, og det tilhøyrer mangemilliardæren Bidzina Ivanisjvili, som i 1990-åra tente seg rik på forretningar i Russland, og som for om lag ti år sidan grunnla partiet som i dag styrer landet, Georgisk draum.

Tre EU-søknader

Georgia og Moldova sende EU-søknadene sine omtrent på same tid som Ukraina, i kjølvatnet av den russiske invasjonen. Men søknadene deira har naturleg nok ikkje fått den same merksemda som søknaden frå det krigsherja landet.

Sjølv om dei tre landa står i ulike situasjonar, og er av ulik storleik, har dei viktige felles erfaringar.

Ukraina med nærmare 44 millionar innbyggjarar, Moldova med under tre millionar innbyggjarar og Georgia med under fire millionar innbyggjarar (ifølgje tal frå Store norske leksikon) er alle tidlegare sovjetrepublikkar, er alle prega av korrupsjon og oligarkar som skaffar seg politisk makt, og har alle territorielle konfliktar med Russland. Alle tre har russiske styrkar på landområde som folkerettsleg tilhøyrer dei.

I Georgia sende Russland styrkar inn i landet i 2008 og anerkjende separatistregionane Sør-Ossetia og Abkhasia etter ein kortvarig krig. Sidan har ikkje Georgia hatt diplomatiske band til Russland, og russiske soldatar vaktar i dag dei såkalla grensene mellom georgiskkontrollerte og separatistkontrollerte område.

Invasjonen i Ukraina har ført til krigsfrykt blant georgiarar, som har krigen friskt i minne.

Bak i køen

Trass i fellestrekk vurderte EU-medlemene søknadene frå dei tre landa ulikt. Både Ukraina og Moldova vart tildelte status som kandidatland på EU-toppmøtet i Brussel den 23. juni. Med kandidatstatusen følgde ei forståing om at landa må gjennomføre reformer som skal styrkje demokratiet og rettsstaten.

Georgia, derimot, vart informert om at landet må innføre reformer før landet kan få kandidatstatus. Og EU legg opp til raske endringar. Innan utgangen av året vil EU-kommisjonen på nytt vurdere om Georgia endrar seg i tråd med krava.

Stridast om EU-nei

Kvifor plasserte EU Georgia bakarst i køen? Det er det delte meiningar om.

Vurderinga frå EU-­kom­misjonen er basert på spesifikke kriterium, men statsministeren i Georgia, Irakli Garibasjvili, har i ein offentleg uttale sagt at kandidatstatusen til Ukraina og Moldova måtte oppfattast som ei oppmuntrande gåve frå unionen, til eit land i krig og eit anna land i ein svært vanskeleg situasjon. Derfor, sa han, var han på ingen måte avundsjuk.

Den georgiske avisa Civil.ge skriv om mindre polert ordbruk i parlamentet, der statsministeren har kalla EU-avgjerda kjenslebasert og sagt at Georgia fortente kandidatstatusen framfor både Moldova og Ukraina, men at landet no vart straffa for å ikkje vere i krig.

Regjeringskritikarar i Georgia skuldar derimot regjeringa for ikkje å ha styrt Georgia i kurs mot EU og meiner makta oligarken og partigründeren Bidzina Ivanisjvili har skaffa seg, står i vegen for georgisk EU-medlemskap.

Sterk EU-støtte

Det politiske klimaet i Georgia har lenge vore like polarisert som det har vore person- og konfliktorientert. Men dei største partia deler eit viktig mål: å styre mot medlemskap i EU og Nato.

Georgia har nedfelt målet om å gå inn i EU og Nato i grunnlova si, og EU-støtta i befolkninga er sterk. Heile 82 prosent ønskjer medlemskap, i hovudsak fordi det gjev utsikter til økonomisk vekst og tryggleik, ifølgje ei meiningsmåling utført av National Democratic Institute i mars.

71 prosent ønskjer også georgisk Nato-medlemskap, trass i at 69 prosent trur ein slik medlemskap vil auke risikoen for russisk aggresjon.

Målinga viser dessutan at mange georgiarar fryktar Russland. 57 prosent har svart at dei forventar at russiske aktørar vil styrkje seg i Georgia, og 52 prosent har svart at dei forventar russisk militær aggresjon i landet i året som kjem.

Etter at EU-kommisjonen vende tommelen ned for georgisk kandidatstatus, har engasjementet for europeisering og frustrasjonen over regjeringa ført til store demonstrasjonar i hovudstaden.

Sinne i Tbilisi

Den 20. juni, få dagar før EU skulle fatte ei endeleg avgjerd, marsjerte eit folkehav mot det georgiske parlamentet i hovudstaden Tbilisi, med EU-flagg og A4-ark med påskrifta «We are Europe».

På bilete og videoar kan vi sjå georgiske flagg i lag med ukrainske og moldovske flagg. Vi kan sjå kritiske meldingar retta mot leiarane i Moskva og Tbilisi, som «Goodbye my oligarch, goodbye – cause everybody knows it’s time». Ein handskriven bodskap rettar seg til EU-landa, «Dear EU, do not leave us behind the iron curtain with Russia».

Videodokumentasjon frå dronar har vist at over 120.000 menneske deltok, ifølgje nyhende­byråa AFP og NTB, som har slått fast at demonstrasjonen var den største i landet på fleire tiår.

Krev avgang

Etter EU-avslaget har tonen frå demonstrantane vorte krassare. Den 24. juni marsjerte aktivistar igjen mot parlamentet i Tbilisi. Statsminister Garibashvili har ei veke på seg til å gå av, var bodskapen frå arrangøren, aktivistgruppa The Shame Movement, då.

Dag og Tid har ikkje sett tal på kor mange som deltok, men ifølgje georgiske aviser er det snakk om fleire titals tusen. Avisa Civil.ge skriv at aktivistane krev å få på plass ei ny mellombels regjering, som skal innføre reformene EU krev, og setje Georgia i kurs mot EU. Statsministeren har rista på hovudet av kravet, men lovar å halde fram med å knytte Georgia nærmare EU.

Men EU-kravet om av-oligarkisering kan verte ein hard nøtt å knekke. For når ein snakkar om oligarkmakt i Georgia, snakkar ein stort sett om éin bestemt person, altså Bidzina Ivanisjvili.

Oligarken

Biografien til Ivanisjvili er skildra i artikkelform mange gongar, kanskje fordi livshistoria kan likne eit eventyr. Ivanisjvili var den fattige landsbyguten som slo seg opp ute i verda og kom heim som ein velgjerar. I dag er han å finne på listene over dei rikaste personane i verda.

Då denne saka vart skriven, var han oppført på 426. plass på finansnettstaden Bloombergs liste, med ein formue anslått til 5,67 milliardar dollar. På Forbes-lista ligg han på plass nummer 556, med eigedelar verde 4,8 milliardar dollar.

Mange artiklar er også skrivne om glaspalasset han har fått oppført på ei høgd over Tbilisi, om korleis han samlar på eksotiske dyr i ein zoologisk hage, om korleis han har importert gamle tre til ein park ved Svartehavet, og om kunstverka han kjøper. Det er skrive om korleis han har rusta opp landsbyen han voks opp i. Ikkje heilt overraskande har eit av dei fire borna hans, ein iaugefallande ung mann med albinisme, popartisten Bera, fått tilnamnet «prinsen av Georgia».

Men Ivanisjvilis forretningseventyr i Russland og politiske ambisjonar i Georgia har dei siste åra gjeve grobotn for andre, meir kritiske nyhendesaker. I dag vert Ivanisjvili ofte kalla landets uformelle leiar. Ein som frå ein av dei luksuriøse eigedommane sine trekkjer i trådane og handplukkar politiske leiarar.

Russiske oppkjøp

Ifølgje Boomberg flytta Ivanisjvili til Moskva i 1980, der han etablerte sin første bank i 1990. Etter at Sovjetunionen braut saman, kjøpte han seg opp i tidlegare statseigd industri og satsa på alt frå metallindustri til mjøl, medisin og eigedom.

I 2005 flytta han tilbake til Georgia, der han først støtta den dåverande presidenten Mikheil Saakasjvili, som han sidan snudde seg imot. I 2012 etablerte han opposisjonspartiet Georgisk draum for å utkonkurrere presidenten, som no sikta mot statsministerposten. Det same året vart Ivanisjvili vald til statsminister i Georgia, men han trekte seg etter eit år på toppen. Seinare, i 2018, kom han attende som partileiar, før han igjen trekte seg tilbake i 2021.

– Filantrop

Er det sannsynleg at politikarar frå Georgisk draum vil redusere makta til partiets superrike grunnleggjar?

Lite tyder på det. Ifølgje avisa Civil.ge har statsministeren sagt i parlamentet at det er Ukraina som har eit oligarkproblem – ikkje Georgia. Og om Georgia skulle ha oligarkar, må det vere blant opposisjonspolitikarane, som til dømes ekspresident Saakasjvili og familiemedlemene hans.

Ivanisjvili, derimot, er den største filantropen Georgia kan tenkje seg, ifølgje statsministeren.

To sterke menn

Dei sterke skuldingane fram og tilbake i georgisk politikk, der den tidlegare statsministeren Ivanisjvili og den tidlegare presidenten Saakasjvili er hovudpersonane på kvar si side, viser fram ei anna skuggeside i landet, nemleg den sterke polariseringa.

Saakasjvili drog frå landet etter at han mista makta til Ivanisjvili, og vart snart skulda for maktmisbruk. For dette vart han dømd til seks år i fengsel i 2018. Etter å ha gjort politisk karriere i Ukraina, mellom anna som guvernør i Odesa, kom Saakasjvili attende til heimlandet i oktober fjor, der han vart pågripen og fengsla. Hendinga har skapt mykje uro. Støttespelarane hans har teke til gatene og sjølv har han sveltestreika i fengselet.

Også denne sterkt todelte politikken må motarbeidast før Georgia kan verte EU-medlem, meiner EU-kommisjonen.

Nei til sanksjonar

Rollene Ivanisjvili og Saakasjvili speler i georgisk politikk, påverkar også forholdet Georgia har til Russland og Ukraina. Medan georgiarar har ei overveldande positiv haldning til folket i Ukraina (98 prosent, ifølgje ei meiningsmåling frå National Institute), har regjeringa ikkje støtta opp under sanksjonane mot Russland.

Georgisk draum har ønskt å normalisere forholdet til Russland etter krigen i 2008, men det dukkar også opp spørsmål om Ivanisjvili framleis tek vare på kontaktar og interesser i Russland. Ivanisjvili har sjølv hevda at han selde seg ut av alle russiske selskap då han gjekk inn i georgisk politikk.

Lunken til Ukraina

Helge Blakkisrud, seniorforskar ved Nupi, ser på dei store demonstrasjonane i Tbilisi først og fremst som uttrykk for den sterke todelinga i Georgia.

– Sjølv om demonstrasjonane formelt er til støtte for EU-medlemskap, vert alle spørsmål politiserte og plasserte inn i konflikten mellom dei som støttar Georgisk draum og dei som støttar opposisjonspartiet UNM (Sameint nasjonalrørsle), seier han.

Men demonstrasjonane uttrykkjer truleg også misnøye med kursen regjeringa har hatt dei siste åra, ikkje berre blant regjeringskritikarar.

– Georgisk draum har prøvd å balansere ei proeuropeisk haldning med ei gradvis tilnærming til Russland, i langt større grad enn det opposisjonspartiet og befolkninga har vore nøgd med, seier han.

– Då eg vitja Tbilisi tidlegare i vår, var byen tapetsert av ukrainske flagg. Samstundes har ikkje regjeringa støtta det vestlege sanksjonsregimet, men tvert imot framheva situasjonen som eit høve for Georgia til å vinne nye marknader.

Blakkisrud peiker på at forholdet til Ukraina har vorte lunke, fordi landet har gjeve opphald til Saakasjvili medan ekspresidenten vart etterforska i heimlandet.

– Innanrikspolitiske konfliktar får utanrikspolitiske konsekvensar. Vi såg til dømes at den ukrainske ambassadøren til Georgia vart kalla heim i mars, og at Zelenskyj skulda den georgiske regjeringa for å opptre umoralsk.

Tilbakeslag

Blakkisrud seier at Ivanisjvili utvilsamt har enorm økonomisk makt i Georgia, og at formuen hans vert eit politisk problem når han nyttar denne til å kjøpe støtte og påverknad.

Det at Ivanisjvili formelt sett ikkje har nokon politisk posisjon, samstundes som alle veit at det er han som bestemmer, har medverka sterkt til eit demokratisk tilbakeslag i Georgia dei siste par åra.

– Georgia var lenge den flinkaste eleven i klassen når det gjaldt å innføre reformer og bevege seg raskt mot EU. Men dei siste to åra etter det førre parlamentsvalet har det politiske systemet gått i vranglås.

Blakkisrud peiker på at respekten for demokratiske spelereglar har vorte mindre, og at problema har vakse på fleire felt. Til dømes har domstolen vorte brukt politisk.

– Eg trur det har vakse fram eit vonbrot i Brussel over den manglande viljen Georgia har vist til å følgje spelereglane, seier han.

Ingen alternativ

– Kan Ivanisjvili stå i vegen for georgisk EU-medlemskap?

– Han er ei hindring, fordi han har fronta ei negativ utvikling. Samstundes er det vanskeleg å sjå for seg korleis Georgia skal kunne gjennomføre ei av-oligarkisering. Ein kan vanskeleg nekte Ivanisjvili å ha politiske interesser og nytte formuen sin til å nå politiske mål.

Per i dag er det vanskeleg å sjå kva alternativet er, ifølgje Blakkisrud.

– Det er ingen klare alternativ til anten ein de facto partileiar utan formell posisjon (Ivanisjvili) eller ein de facto partileiar i fengsel (Saakasjvili). Begge to hindrar at Georgia kjem seg vidare.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Innanrikspolitiske konfliktar får utanrikspolitiske konsekvensar.

Helge Blakkisrud, seniorforskar ved Nupi

Emneknaggar

Fleire artiklar

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den danske forfattaren Olga Ravn har skrive ein slags litterær true crime om hekseprosessane.

Foto: Sara Galbiati

BokMeldingar

Kvinner som brenn

Olga Ravn fortel om trolldomsprosessar på 1600-talet.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis