JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Lite støtte til tysk fredsrørsle

Tyskland har vedteke å gje rekordstor militærstøtte til Ukraina. Ei fredsrørsle som børstar støv av gamalt tankegods, klarar likevel ikkje å mobilisere.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei kvinne demonstrerer mot krigen i Ukraina framfor kanslarbygningen i Berlin.

Foto: Markus Schreiber / AP / NTB

6164
20230519
6164
20230519

Tyskland

jehojo@online.no

Fram til sist sundag hadde den tyske regjeringa gjeve Ukraina 2,75 milliardar euro i militær støtte. I samband med Zelenskyjs vitjing i Berlin nærast doblar dei no støtta. 2,7 milliardar euro til mellom anna 50 pansra stridsvogner av typen Marder og Leopard, og fire Iris-T-SLM-luftvernsystem skal tyskarane no sende i retning Ukraina.

«Med dette verdifulle bidraget av militært materiell syner me endå ein gong at Tyskland meiner alvor med si støtte», sa forsvarsminister Boris Pistorius i samband med offentleggjeringa. For augneblinken er forsvarsministeren den mest likte politikaren i landet. Tidlegare har Pistorius uttala at Tyskland kjem til å støtte Ukraina militært «as long as it takes». Med andre ord: til krigen er vunnen.

Men ikkje alle er samde i avgjerda. I april lanserte historikar Peter Brandt, son av tidlegare kanslar Willy Brandt, saman med tidlegare fagforeiningsleiarar og leiande sosialdemokratar oppropet «Skap fred!». Dei krev «rask våpenstillstand» og ein «veg til forhandlingar». «Atomkrigens skugge kvilar over Europa. Men verda må ikkje gli inn i ein ny storkrig», skriv forfattarane i eit innlegg som vart publisert i Frankfurter Rundschau. Til saman har 1500 personar underteikna oppropet.

Nisje

Fleirtalet av tyskarane er for våpenleveransar til Ukraina. Likevel meiner over ein tredjedel av befolkninga at militærstøtta går for langt. Over halvparten meiner at det ikkje vert gjort nok diplomatisk arbeid for å få i stand ein fredsavtale.

Tilstanden burde difor vore ideell for ei samla tysk fredsrørsle, slik som høgdepunktet i kjølvatnet av Natos dobbeltvedtak på 1970- og 80-talet. Dagens fredsprosjektet er heller eit nisjefenomen. Sjølv om det vart arrangert 123 fredskunngjeringar i påska, 23 meir enn i fjor, møtte berre 2000 menneske opp i rørslas gamle høgborg Frankfurt am Main.

Innhaldet og personalet er stort sett det same som på 80-talet, då ungdommen stod i spissen for protestane. I dag er det dei såkalla «klimaklistrarane», unge aktivistar som klistrar seg til asfalten i protest mot manglande klimatiltak, som er premissleverandørar i samfunnsdebatten. Fredsrørsla framstår i all hovudsak som nedstøva og gråhåra akademikarar. Mange lèt seg avskrekke av den relativerande retorikken.

Kaldkrigstenking

For unge tyskarar framstår kritikken frå fredsrørsla i all hovudsak som utidsmessig. Sjølv om alle vil ha fred, er mange kritiske til den militære opprustinga Tyskland har sett i gang. «Skru om brytaren, kor er dei 100 milliardane til ungdommen?» var parolen til studenttinga i Hessen då forbundskanslar Olaf Scholz vitja studentbyen Marburg i februar. Samstundes er få i den yngre generasjonen usamde i støtta til Ukraina.

Heilt i starten av krigen opptredde klimaaktivist Luisa Neubauer på scenen saman med fredsrørsla. Skal ein redde klimaet, står krigen i vegen, var mottoet. Men Neubauer kravde alt den gongen meir militær støtte til Ukraina – eit krav ikkje alle fredsaktivistar er samde i. Dei talar den kalde krigens – blokkdelinga og systemkampens – språk.

Her ligg hovudskilnaden, ikkje berre mellom ung og gamal, men mellom fredsrørsla og resten av det tyske samfunnet. For sjølv om mange er kritiske til opprusting og kostnadene knytte til det, vel dei å tale om krigens «forhistorie». I dette narrativet framstår Nato og Vesten ofte implisitt som medskuldige i Russlands åtak på Ukraina.

Interesser

I samtale med Süddeutsche Zeitung i slutten av april medgav Peter Brandt at det har vore ein «imperialistisk dimensjon» i russisk utanrikspolitikk dei siste ti åra. Likevel hevda han at Vesten ikkje har teke omsyn til «legitime russiske tryggingsinteresser» sidan murens fall. «Det vil berre bli varig fred viss det blir teke omsyn til tryggingsinteressene til både dei stridande partane og dei indirekte involverte. Til sjuande og sist handlar det alltid om interesser», sa Brandt til avisa.

Reiner Braun, ein av veteranane frå den gamle fredsrørsla og medforfattar av fredsoppropet, tek kritikken eitt skritt lenger. I eit blogginnlegg hevdar han at Ukraina blokkerer ein fredsprosess av eigeninteresse: utan krig, inga vestleg støtte. «Systemoverlevingskamp» kallar Braun det i blogginnlegget – eit korrupt systems kyniske forsøk på å skaffe seg finansielle midlar. Det er ikkje ord ein får høyre frå gamle statssekretærar eller fagforeiningsleiarar, men likevel ein del av biletet.

Slike utsegner vekkjer reaksjonar på ukrainsk side, som skuldar fredsrørsla for å bake med ureint mjøl ved å krevje ein «såkalla fred». Ein fred utan rakettangrep og død, men likevel undertrykking, tortur og bortføringar, seier den ukrainske diplomaten Olexander Scherba til Süddeutsche Zeitung.

Kraftlaus

Fredsoppropet til Brandt er langt frå det einaste. I februar samla Die Linke-politikaren Sahra Wagenknecht om lag 13.000 menneske framfor Brandenburger Tor i protest mot tyske våpenleveransar. I skrivande stund har 792.299 underteikna det tilhøyrande oppropet «Manifest for fred».

Initiativet til Wagenknecht er langt frå uomstridt. Ho har tidlegare kritisert regjeringa for å «sleppe laus ein økonomisk krig utan sidestykke mot den viktigaste energileverandøren vår». Ei Washington Post-avsløring synte nyleg at Kreml aktivt har jobba for at Wagenknecht og andre prorussiske krefter på tysk høgreside skal finne saman for å vinne val.

Wagenknecht har sjølv utelukka kvart samarbeid med det høgrepopulistiske partiet Alternative für Deutschland (AfD). Det går rykte om at venstrepolitikaren tvert imot ville stifte eit eige parti etter å ha falle i unåde med partileiinga i Die Linke.

Meiningsmålingar syner at det er eitt parti som – spesielt i det gamle aust, der AfD for lengst har overteke rolla som største protestparti og der krigsmotstanden er sterkast – kan trekkje veljarar frå både høgre og venstre.

Til no framstår den tyske fredsrørsla difor som både splitta og kraftlaus – utan eit reelt tilbod til dei som er skeptiske til ein ny militær æra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Leiar
Svein Gjerdåker

Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Keisam radiokanal

Beyoncés åttande er ei langdryg smørje.

NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

MusikkKultur

Sure tonar i Trondheim

Trass i skrikande mangel på organistar stogga NTNU opptaket til bachelorstudiet i kyrkjemusikk. Fleire søkjarar hadde alt prøvespelt.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis