Låg bemanning slit på soldatane
Dagens tynne bemanning i Forsvaret gjer det vanskeleg å auke aktiviteten og halde på tilsette.
Forsvaret
christiane@dagogtid.no
Regjeringa har varsla auka aktivitet i Forsvaret som følgje av krigen i Ukraina. Fartøya i Marinen og Kystvakta skal segle meir, og soldatane i landforsvaret skal øve meir.
Per Ivar Haugen, som er hovudtillitsvald for Sjøforsvaret i Befalets Fellesorganisasjon (BFO), meiner bemanningssituasjonen er kritisk.
– Er det rom for å segle meir, slik du ser det?
– I Kystvakta har dei to besetningar til alle fartøya, så der er det lettare auke talet på segldøgn. I Marinen er det større utfordringar, fordi det ikkje er to besetningar. Alt personellet er allereie mykje på jobb.
To besetningar på skipa i Marinen vil kunne løyse mykje, meiner Haugen.
– Det gjer det mykje lettare å auke aktiviteten. Og om ein får det, ser eg ikkje bort frå at fleire av dei som jobbar i Marinen i dag, og som ser etter ein meir føreseieleg jobb utanfor Forsvaret, vil verte verande.
Haugen frårår forsvarsleiinga å tøye strikken for langt.
– Om ein skal segle ein fregatt i ni månader eit år, kan konsekvensen vere at ein ikkje er der neste år. Då har vi mista ein som skulle lært opp ein ny, og kompetansen går ned.
Rigid styring
Den største utfordringa, slik Haugen ser det, er at Sjøforsvaret vert styrt rigid etter årsverkstal.
– Når det er bestemt kor mange tilsette ein skal ha, får ein aldri gjennom året aksept for fleire tilsette, seier han.
Den rigide styringa fører til fleire problem, ifølgje Haugen. Store delar av året vil arbeidsplassar stå tomme, fordi det er sett av plass til folk med høgare utdanning som kjem i august. Talet på årsverk er ikkje tilpassa ei tid då fedrar og mødrer tek permisjon eller vert sjuke. Heller ikkje at mykje utdanning vert teken parallelt med segling. Når eit nytt fartøy avløyser eit gammalt, følgjer det same talet på årsverk med, sjølv om det nye fartøyet kan medføre fleire oppgåver enn det gamle.
Uroa
I Hæren er mangel på rett kompetanse den største utfordringa, ifølgje Rune Isvik, som er hovudtillitsvald for Hæren i BFO.
– Vi har problem med å halde på folk, av samansette årsaker. Når kompetansen forsvinn, fyller vi på med yngre folk og annan kompetanse enn vi burde hatt. Det vert ei byrde, som også kan vere ein pådrivar til at folk sluttar.
Isvik seier bemanning og kompetanse har vore kampsaker for BFO lenge.
– Kompetanse og personell er den største utfordringa Forsvaret har. Vi klarer ikkje å utdanne nok folk, og vi klarer ikkje å halde på nok folk. Vi er uroa.
Opptrapping
I langtidsplanen for Forsvaret er det lagt opp til at det totale personellet i Forsvaret skal aukast med totalt 5200, fordelt på 2200 tilsette og 3000 vernepliktige. Talet på vernepliktige utgjorde i 2020 9888 personar, og dei tilsette i Forsvaret utgjorde til saman 17.185 årsverk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi har problem med å halde på folk.
Rune Isvik, tillitsvald i BFO
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.