Krigsrapport frå landsbyar i Nord-Syria
SYRIA: Kva slags krig fører Tyrkia i Syria? Kva er målet? Ei rundreise i nordlege Syria i august gav meg berre delvis svar.
Onkel og nevø som eg møtte i det utbomba huset deira i byen Zrgan to dagar etter eit tyrkisk åtak.
Foto: Erling Folkvord
I løpet av to veker såg eg resultata av krigshandlingar i byar og landsbyar. Berre tre av dei angrepa i august som eg fekk vite om, var retta mot militære anlegg eller militært område. Før eg reiste frå Syria, bad eg om hjelp frå ein journalist i Ronahi, ei avis som blir utgitt på arabisk og kurdisk. Kunne ho samle alle meldingane om angrep på sivile i løpet av august? Ho lova å prøve.
Rapporten ho sende meg, er eit samarbeid med nyhendebyrået Hawar, som har medarbeidarar i heile det sjølvstyrte området i Syria og kjelder i nokre okkuperte landsbyar. Både Ronahi der dei fleste medarbeidarane er kvinner, og Hawar starta opp etter det kurdiske opprøret mot Assad-regimet i 2012. Eg lit på at opplysingane deira er til å stole på. Tyrkiske styresmakter, derimot, seier at begge er underbruk av PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet).
Les tilsvaret frå den tyrkiske ambassaden her.
Det blir sagt at sanninga alltid er første krigsoffer. Eg trur knapt det finst objektiv rapportering om korleis krig går ut over sivile. Dei okkuperte og okkupasjonsmakta har ofte ulike versjonar. Omtale av norske sabotasjeaksjonar under den tyske okkupasjonen gir mange eksempel. Aftenposten, som okkupasjonsmakta lét kome ut, og illegale motstandsaviser hadde ulike versjonar.
Rapporten eg fekk, dekker 27 dagar i august og er utarbeidd av journalistar som er mot okkupasjonen.
Alle slags våpen
Rapporten viser eit mønster: angrep mot bustadområde i fleire byar, mot landsbyar, mot åkrar, vassforsyning og kraftlinjer. Alle slags våpen og metodar: kampfly, dronar, bombekastarar, bakke-til-bakke-rakettar, lett og tungt artilleri – og kalasjnikov, der avstanden er kort. Nedhogging eller brenning av frukttre i landsbyane og av skog i utmarka. Stenging av elver. Kidnapping. Mishandling.
Syrias demokratiske styrkar (SDF) hadde mange falne da dei tapte kampen mot dei tyrkiske invasjonane i 2016, 2018 og 2019. No gjennomfører SDF nålestikkaksjonar mot okkupanten.
Rapporten oppgir namnet på 121 landsbyar og nokre byar som okkupasjonsmakta har angripe. I nokre tilfelle er det angrep dag etter dag mot same landsby. Det er få døde. Mange er skadde. Fleire fekk skotskadar da dei flykta frå angrep.
Krigsbrotsverk?
Statuttane til Den internasjonale straffedomstolen seier det er krigsbrotsverk når ein krigførande part med vilje rettar angrep mot sivilbefolkninga eller mot sivile enkeltpersonar som ikkje deltar direkte i krigshandlingane.
Pilotane, droneoperatørane og bakkestyrkane ser ut til å behandle alle sivile likt. Dei skyt mot muslimar, jesidiar og kristne, mot kurdarar, assyrarar, tsjerkessarar, armenarar og turkmenarar. Alle er krigsmål, ingen er trygge.
Resultatet av den tyrkiske krigen i Nord-Syria i august 2021 kan sterkt forenkla oppsummerast slik:
* Sju sivile er døde.
* Fleire titals vaksne og ungar er alvorlege skadde. Hundretals har lettare skader.
* Nye flyktningar. Ingen veit kor mange.
* Skadar av ukjend omfang på bustader, andre bygningar, kraftlinjer og vassforsyning.
* Nedbrend skog. Øydelagde olivenlundar i Afrin. Øydelagd matproduksjon langsmed tørrlagde elver. Sjukdom fordi landsbyar og ei par byar vart utan reint drikkevatn.
* Bortføring av sivile har gitt ekstrainntekter til soldatar.
Kven fører krigen?
Alle luftåtaka er styrte frå Tyrkia. Regulære tyrkiske styrkar utfører ein mindre del av åtaka på bakken. Små og store jihadistgrupper har sine eigne mål, men er no leigesoldatar for Tyrkia. Dei som er samla under paraplyen SNA (Syrias nasjonale hær), er tyrkisk styrte og finansierte.
Elles er det ei rufsete blanding av store og små grupper. Dei fleste er syrarar. USA har hjelpt fleire av dei. Mange har vore IS-krigarar. Rojava Information Center (RIC) kunngjorde for eit år sidan namna på 43 tidlegare IS-krigarar, med foto, personopplysningar og krigskarriere. No er dei leigesoldatar. Nokre har fått trening og ny uniform i Tyrkia.
Kva handlar krigen om?
SDF seier dei forsvarar det nye sjølvstyret i Nord- og Aust-Syria og vil kaste ut okkupanten.
President Recep Tayyip Erdogan seier til FN og allierte i Nato at Tyrkia fører ein nødvendig krig i Nord-Syria for å nedkjempe terroristane frå PKK.
Heime i Tyrkia legg han meir og meir vekt på eit anna mål: å gjennomføre Misak-i Milli, den nasjonale pakta som det siste osmanske parlamentet vedtok i 1920. General Mustafa Kemal, som vart den første presidenten i Tyrkia, skreiv denne pakta.
Anadolu, det statseigde nyhendebyrået i Tyrkia, slår fast at pakta «gav Tyrkia rett til å styre eit territorium frå Syrias Aleppo til Iraks Kirkuk som tyrkisk jord». Pakta seier altså at det fruktbare området som blir kalla Syrias oljebrønn og kornkammer, er tyrkisk land. Lausanne-avtalen i 1923 – fredsslutninga etter første verdskrigen – avviste dette kravet.
For fire år sidan sa Erdogan at han «held fram med å arbeide dag og natt» mot målet om å gjere Tyrkia større. I ein tale for nokre veker sidan slo han fast at vi nærmar oss 2023 – 100-årsdagen for Lausanne og for opprettinga av staten Tyrkia: Det skal bli «den største milepålen på vegen mot å bygge eit stort og sterkt Tyrkia».
Den tyrkiske presidenten opnar ikkje for tvil om Syria: «Vi er der. Og vi vil bli verande der.»
Erling Folkvord
Erling Folkvord er styremedlem i den norske organisasjonen Solidaritet med Kurdistan. I denne samanhengen representerer han ikkje denne organisasjonen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Pilotane, droneoperatørane og bakkestyrkane ser ut til å behandle alle sivile likt.
Fleire artiklar
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Statsminister Michel Barnier på veg til talarstolen i den franske nasjonalforsamlinga 4. desember, der han vart kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal.
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB
PARIS: Frankrike er i uvisse om framtida etter regjeringskrise.
Opprørarar frå islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham ved Aleppo 29. november. Den største byen i Syria fall raskt da opprørarane gjekk til åtak.
Foto: Mahmoud Hasano / Reuters / NTB