JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

12266
20240419
12266
20240419

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

«Dei fremste forhandlarane i verda» vert dei ofte kalla. Iranarane kan vise til ein meir enn 3000 år lang statsmannstradisjon som går attende til det gamle Persia. Og det er statsmannskunst i verdsklasse Iran har levert med åtaket på Israel natt til 14. april.

Kombinasjonen av det som truleg var Israels åtak mot sju medlemmer av den iranske revolusjonsgarden (IRGC) i eit konsulatbygg i Damaskus 1. april i år, og Irans motåtak mot Israel 14. april, har gjort at skuggekrigen mellom Iran og Israels no er teken ut i ope lende. Iran og Israel har saman gjeve oss ein av dei farlegaste augeblinkane i Midtaustens moderne historie.

170 dronar, 30 kryssarmissil og 120 bakke-til-bakke-missil – nokre på storleik med folkevognbussar – vart sende frå Iran mot Israel denne natta. For første gong i historia har Iran gått til direkte militært åtak på Israel. Men mesteparten av jernregnet var gamle våpen. Viktigare er det at alle dronane og missila skal ha vore synlege på radar. Både for Israel, med sitt avanserte luftvern, og for alle andre statar i regionen som har luftvern. Dei gav Israel hjelp ved å stogge delar av drone- og missilregnet før det nådde fram. Frankrike, Storbritannia, USA og Jordan var alle med på å «hente ned» sin del av jernhaglet. Iran skal ha varsla om åtaket 72 timar på førehand, for å gje alle tid nok tid til å førebu seg. Det var langt ifrå noko overraskingsåtak. Derimot bognar åtaket av strategiske bodskapar frå Iran. Og mottakarane er mange.

Bodskapen frå Iran til Israel er først og fremst at det finst to spor. Og som gode forhandlarar vil iranarane vise at det eine sporet er veldig mykje betre enn det andre. Målet er at skuggekrigen skal attende der han høyrer heime. Iran og Israel har ført denne halvt løynde krigen mot kvarandre i mange tiår. Men han har eskalert dei siste par åra og inneheld til dømes sabotasje mot skip, elektroniske åtak av ulike slag og målretta drap. Mykje av dette er retta mot militær eller halvmilitær infrastruktur og er derfor gjerne for statlege hybride åtak å rekne. På iransk side er det IRGC som står i spissen, og på israelsk side er det særleg Mossad og militære spesialeiningar som er involverte.

Då Hamas gjekk til åtak på Israel den 7. oktober i fjor, var amerikanske, israelske og iranske talsmenn samde om at Iran ikkje stod bak åtaket, sjølv om USA og Israel «held Iran ansvarleg for stoda i stort». Irans FN-delegasjon klargjorde så at Iran ikkje ville intervenere i Gaza-krigen, med mindre «Israel går til åtak på Iran, iranske borgarar eller iranske interesser». Hamas-åtaket og Gaza-krigen er som utgangspunkt ikkje del av skuggekrigen.

Det fyrste kjende åtaket mellom Israel og Iran etter starten på Gaza-krigen kom 25. desember, då israelske missil drap den høgaste IRGC-rådgjevaren i Syria, Razi Mousavi, drepen på veg heim frå ambassaden i Damaskus. Israel tok på seg ansvaret for åtaket og klargjorde at det var utført i sjølvforsvar. Iran klargjorde at åtaket på Mousavi ville bli svara på. Veka etter vart Iran råka av eit stort terroråtak mot grava til IRGC-legenda Qassem Suleimanis, noko som skal ha ført til nær 100 drepne blant IRGC-medlemmer og deira familiar. Iran attribuerte åtaket til IS og svara med omfattande militære åtak mot mål i Syria, Irak og Pakistan. «I samme slengen» øydela Iran det som skal ha vore Mossads hovudkvarter i den kurdiske byen Erbil i Nord-Irak.

Fire dagar etter, svara (truleg) Israel med å drepe IRGCs etterretningssjef i Syria, saman med tre andre IRGC-medlemmer, i tryggingssona til ambassadane i Damaskus. 1. april slo Israel til att. No retta (truleg) Israel åtaket mot ein iransk diplomatisk bygning i Damaskus og drap sju IRGC-medlemmer. To var generalar, med ansvar for Irans kontakt med Hizbollah i Libanon og sjiamilitsen i Syria. Åtaket falt saman med eskalering langs den nordre frontlinja til Israel, mellom Israel og nettopp Iran-kontrollerte Hizbollah og sjiamilitsen. Frå Israels ståstad var dette eit viktig signal til Iran om å halde seg unna eskaleringa med Irans stråmenn også langs den nordre fronten. For Iran innebar åtaket at Irans klare raude linje frå oktober, gjenteke i desember og januar, vart smadra. Iran valde å gå til åtak på Israel.

«Iran har lagt eit tilbod på bordet, men samstundes ladd pistolen.»

Sjølv om åtaket var ope og massivt, var det varsla, og vart utført om natta – då risikoen for farleg følgjeskade er lågare. 99 prosent av dronane og missila vart nøytraliserte. Iran skal berre ha nytta militære kapasitetar som kan fangast opp på radar (sjølv om Teheran har mykje på lager som ikkje gjer det, om Iran ein gong skulle ønskje å treffe presist). Åtaket var svært synleg, med nær null øydeleggjande effekt hjå mottakaren. Truleg heilt etter planen.

Iran sitt første massive konvensjonelle åtak mot Israel har som føremål å kommunisere – statar imellom – at å ignorere slike raude strekar ikkje vert akseptert av Iran. Bodskapen er klokkeklar. Diplomatiske bygningar er (no) off limit. Skuggekrig høyrer heime i skuggen. Iran har sagt seg ferdig med saka, og kan gå attende til stoda før april.

Samsundes kommuniserer Iran gjennom åtaket òg med sine eigne stråmenn, altså dei ikkje-statlege væpna gruppene som Iran stør i regionen. I oktober i fjor skal Iran ha gjeve klare meldingar til allierte i Libanon (Hizbollah), Syria og Irak (sjamilits) og Jemen (houthiane) om at dei ikkje kan trekkje Iran inn i krig med Israel mot Iran sin eigen vilje. Utover det har Iran fristilt dei ikkje-statlege militære gruppene som Iran stør og til dels kontrollerer. Fleire har valt å gå til åtak på Israel, og har blitt bomba i retur. Likevel trur dei fleste av desse at Iran vil hjelpe dei om det skulle dra seg til med Israel. Det er òg ein viss frustrasjon å spore blant støttespelarane til Iran over det dei ser som manglande iransk handling overfor Israel gjennom Gaza-krigen.

I dette perspektivet framstår Irans åtak på Israel som svært interessant. På eitt plan signaliserer Iran at staten «endeleg tek bladet frå munnen og viser musklar» overfor Israel. Men det Iran først og fremst viser med åtaket, er at det berre er iranske interesser som får Iran til å gå til åtak på Israel. Verken Hamas, Hizbollah, sjiamilitsen eller houthiane sine interesser eller raude strekar er nok.

I tillegg – og endå viktigare – viser Iran gjennom åtaket at når Iran blandar seg inn, endrar partskonstellasjonane seg fullstendig. Då er det ikkje tale om «eit isolert Israel» mot røkla. Då vil Frankrike, Storbritannia, USA og arabarstatane (her representert ved Jordan) melde seg på militært som del av krigen. Alle stråmennene til Iran – og særleg Hizbollah – skjønar kva det tyder. Det inneber katastrofe for dei.

Hizbollahs omfattande militære kapasitetar i Libanon og Syria er i praksis omringa av franske, britiske og amerikanske styrkar. Iran oppnår med andre ord å formidle til sine eigne undersåttar at det ikkje er noko å trakte etter å «trekkje Iran inn» i kampen mot Israel. Irans åtak på Israel disiplinerer dermed Iran sine eigne stråmenn, samstundes med det som ser ut til å vere ei eskalering på Israels ordlege grense. Når det dreg seg til mellom Israel og Hizbollah og annan sjiamilits framover, er det ikkje lenger gitt at nokon vil vente (eller ønskje!) at Iran skal blande seg inn. Teheran har uansett no markert at det er ei avgjerd Iran sjølv skal vere herre over.

Den eine vegen som Iran har lagt ut for Israel gjennom det direkte åtaket, fører mot deeskalering mellom Iran og Israel, skuggekrigen vender attende dit han høyrer heime, og statane kan halde fram å konsentrere seg om dei ikkje-statlege militære aktørane i regionen.

Den andre vegen som Iran signaliserer ved åtaket, er å ta dette ut i full krig. Jernregnet var særleg retta mot Jerusalem. Operasjon «ærleg lovnad» har fleire sider ved seg som kan vere førebuingar til storkrig. Veka før åtaket, uttala Iran at dei ville stanse eit åtak om Israel lét vere å invadere Rafah på Gaza. Då dette «ikkje gav resultat», gjekk Iran til storskalaåtak. Og heile åtaket vart nøytralisert av Israel. For Irans støttespelarar har det nokre tilleggselement som ikkje er så synlege frå her vi sit. Det Iran hintar om, er at «Israel klarte visst ikkje å stå imot nokre lett utrusta palestinarar frå Gaza i nær tre døgn på eige territorium, men kan utan problem skyte ned nær sagt alt som kjem frå Iran». Her klargjer Iran grunnen for å fyre endå meir opp under førestillingar om at 7. oktober-angrepet var ein falsk flagg operasjon, altså planlagd av Israel sjølv, som skulle gje Israel eit påskot for å ta Gaza og drive palestinarane ut (ein konspirasjon som blant andre israelske busetjar-ministrar bidreg sterkt til å halde i live). Det er ei klar førebuing til å mobilisere stråmenn mot Israel.

Iran har lagt eit tilbod på bordet, men har samstundes ladd pistolen.

Samstundes sender Iran òg ein bodskap til heile verda. Iran sjølv seier at åtaket «set punktum» for deira vedkommande. Men iranarane har oppnådd å gjere alle merksame på kvar dette kan bere. Om Israel skulle rette sitt svar direkte mot Iran – her har både Irans Nasjonale tryggingsråd og den iranske presidenten har vore klokkeklare – vil det direkte iranske svaret mot Israel komme kontant. Då med det formål å treffe, og storkrig i Midtausten vil vere eit faktum. Iran vil ende med å nytte stråmennene sine på ekte, og Israels eksisterande frontar – på Gaza mot Hamas og andre væpna grupper, på Vestbreidda mot rasande busetjarar og palestinarar, i sør mot houthiar og i nord mot radikale element frå rekkjene til Hizbollah og andre sjiamilitsar – vil fortone seg som eit preludium. FNs tryggingsråd har to gonger i april krangla om den dramatiske utviklinga. Både Israel og Iran hevdar rett til sjølvforsvar, men Tryggingsrådet maktar ikkje å bli samde om kven som har rett – ut over det alle er samde om – storkrig i Midtausten må unngåast for kvar pris. Iran har signalisert til all verda kva som kan vere i vente om dette får eskalere. Det bidreg til å skape vilje til å go that extra mile i alle leirar for å hanke situasjonen i Midtausten inn att frå kanten av stupet.

Iran har òg sendt ein bodskap til USA. Iran har gått til direkte åtak på Israel, utan vidare skadar, men har i praksis blokkert Israels utsikt til å gå til direkte åtak på Iran i retur. Slik sett er åtaket ein iransk maktdemonstrasjon. Spørsmålet alle no stiller seg, er om Israel kan leve med det. For å gje Israel ekstra drahjelp i å «velje riktig», har Iran òg retta sine munningar mot amerikanarane. Om Israel svarar mot Iran, trugar Iran implisitt med å gå til åtak på Israels allierte USA. 40.000 amerikanske soldatar er utstasjonerte på ulike basar i Midtausten, og det er uklart kor mange amerikanarar som kan råkast av stråmennene til Iran om Israel skulle gå på Iran. Det Iran har gjort klart, er at eit direkte israelsk angrep på Iran vil trekkje USA inn i «den siste krigen i Midtausten USA vil ha».

Washington har svart. USA kjem ikkje til å delta i eit israelsk svar mot Iran.

I alle dei store israelske militærøvingane for krig mot Iran det siste tiåret har USA hatt ei heilt sentral militær rolle. At USA seier stans, har skapt open usemje i den israelske regjeringa. Busetjar-ministrane til Netanyahu har (nok ein gong) vist at dei er villige til å satse alt. Dei vil gå til krig mot Iran også utan USA. Dei har nemleg Gud på si side. Det iranske åtaket har vist for alle (og særleg israelarane sjølve) kva slags krefter i Israel som er villige til å ta Israel til krig mot Iran berre med Gud i ryggen.

Men åtaket har nok ein vri. Allereie timar etter at Iran sende ut jernhaglet sitt, var språkbruken i vestlege hovudstader frå dei siste vekene om å «vurdere å stanse våpen til Israel» borte som dogg for sola. Iran har gjeve dødsstøyten til dei som ønskjer å avvæpne Israel. Det framstår nærast som ei handsrekking til Netanyanu.

Dei einaste som etter seiande kan måla seg med iranarane i kunsten å forhandle, er israelarane sjølve. Dette er ein bodskap israelarane forstår. Skjebnetime for Midtausten er det likefullt.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen
Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen
Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis