JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

I Russland finst det ingen krig

Millionar av russarar støttar Vladimir Putins «spesialoperasjon» i Ukraina. I russisk presse finst det ikkje spor etter krig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vladivostok.

Vladivostok.

Foto: Valeria Fedorenko

Vladivostok.

Vladivostok.

Foto: Valeria Fedorenko

6614
20220311
6614
20220311

Russland

redaksjonen@dagogtid.no

Denne veka skreiv eg ein tekst om krigen i Ukraina til redaktøren i Novaja Gazeta. Svaret kom kjapt:

– Dette er ein flott tekst, men eg vil ikkje at nokon skal lese han slik han er no. Dette set både redaksjonen og meg i fare. Dei vil kunne setje meg i fengsel for dette.

Artikkelen vart kraftig redigert og publisert, men fjerna same dag, i lag med alle dei andre tekstane om krigen i Ukraina.

Årsaka er enkel: Den 4. mars 2022 innførte statsdumaen, parlamentet i Russland, militær sensur. Artikkelen min, i si originale form, kan få journalistar dømde til 15 år i fengsel, sidan teksten er likestilt med «spreiing av medviten falsk informasjon om bruken av dei væpna styrkane i Den russiske føderasjonen».

Journalistikkforbod

Lova er i praksis eit forbod mot kvar kritisk vurdering av Russlands handlingar i Ukraina. Det er forbode å kalle Putins «spesielle operasjonen» ein krig. Faktisk er uavhengig journalistikk ulovleg.

Og i førre veke gav det russiske medietilsynet, Roskomnadzor, russiske medium ordre om å berre nytte informasjon om krigen i Ukraina frå offisielle russiske kjelder. Tilsynet viser til lova om «nedkjempinga av forfalskingar», ei ny lov som vart vedteken etter at Putin gjekk til krig mot Ukraina.

Lista over sensurtiltak er lang. Her eit lite utdrag:

1. mars vart nettsida til den regionale publikasjonen Taiga.info blokkert etter omtale om hendingane i Ukraina.

3. mars vart den eldste uavhengige radiostasjonen i Russland, Ekho Moskvy (Moskvas ekko), tatt av lufta. Vedtaket om å avvikle radiostasjonen og nettsida vart tatt av styret i Ekho Moskvy. Også TV-kanalen Dozjd, som har vore på lufta sidan 2010, la ned arbeidet sitt denne dagen.

«Landssvik»

Natt til 5. mars slutta Novaja Gazeta å omtale krigen i Ukraina. Årsaka er trusselen om straffeforfølging av journalistar: 5. mars var den internasjonale gravejournalistikksenteret OCCRP erklært uønskt i Russland. OCCRP er spesialisert på å undersøkje korrupsjon og kriminalitet, og har publisert ei rekke avsløringar om den russiske eliten. Russiske journalistar som samarbeider med senteret, risikerer no å bli tiltala for forræderi.

6. mars stengde den amerikansk-finansierte Radio Free Europe/Radio Liberty kontora sine i Russland. Same dag blokkerte det russiske medietilsynet avisene Mediazona, Republic, VotTak, 7x7, Snob og ei rekke andre nyhendekjelder som med integriteten i behald rapporterte om krigen i Ukraina. Også nettsida til avisa Troitsky Variant – Nauka er no blokkert. Årsaka er publiseringa av eit ope brev mot krigen signert av 7600 forskarar i Russland og internasjonalt.

Slik kan eg halda fram.

Ein journalistven frå Murmansk skreiv ei urovekkande melding til meg:

– Eg har vore sjukmeldt sidan krigen braut ut. Men eg er sikker på at alle på jobben veit kvifor eg har vore sjuk. Sjukmeldinga er snart slutt, og spørsmålet no er korleis eg skal klare å leve vidare. Eg kan ikkje leve med at dei skal tvinge meg til å skrive falske nyhende om «militære operasjonar» i avisa. Eg skjønar kvifor du valde å reise frå landet.

Sensur

Sensuren i Russland kom lenge før krigen i Ukraina. Først kom det lover mot homopropaganda. Så mot nazistiske symbol. Så kom utanlandsk agent-lovene. Så kom bøtene mot aviser. Deretter vart mediehus blokkerte og stengde ned. Så kom det lover mot falske nyhende.

Eg hugsar då eg møtte dei fem andre i Russland som var erklærte utanlandsk agent av styresmaktene i mai 2021. Då undra det meg at dei meinte at det ikkje kom til å verte fleire av oss. Eg tenkte at det kanskje var noko eg ikkje hadde skjøna, men eg sa likevel: Det kjem til å kome ei ny bølgje, og lista vert lengre. Sensuren kjem til å verte forsterka fordi desse lovene ikkje er meinte å bygge eit nytt og uavhengig sivilsamfunn. Desse lovene er meinte å utrydde alle uavhengige og kritiske medium i Russland.

Protest

Sist sundag vart 4500 menneske, i 44 byar i Russland, arresterte etter at dei protesterte mot krigen. På Manesj-plassen i Moskva, like ved Kreml, vart styremedlem Oleg Orlov i menneskerettsorganisasjonen Memorial arrestert. Det vart òg den 80 år gamle Svetlana Gannusjkina, ein av Russlands mest kjende og anerkjente menneskerettsaktivistar.

Men fleirtalet i Russland støttar likevel framleis krigen i Ukraina. Før kona mi reiste frå Russland til USA fire dagar etter krigsutbrotet, vart ho beden om å signere eit støttebrev til Putin. «Dei kan dra til helvete», svara ho. Sjefen hennar sa at mannen hennar har vorte hjernevaska i USA.

Då eg la ut ein video der ein russisk soldat fortel at Russland bomba sivile mål i Ukraina, skreiv ein russisk ven til meg: «Kva er dette tullet du legg ut?»

Eg foreslo at vi skulle kome tilbake til denne diskusjonen om ein månad.

Dagen før vart ein av mine nære vener sint på meg fordi eg hadde publisert ein tale av Ukrainas president og skrive at eg beundrar han, fordi han i motsetning til Putin oppfører seg som ein ekte krigar.

«Tida vil vise, men vi skyt ikkje på sivile. Vi har presisjonsvåpen», svara ho.

Hysteri

I løpet av dei to siste vekene har Russland vorte prega av antiukrainsk hysteri. Det gule og blå symbolet på flyplassen i Kaliningrad, som skulle symbolisere sola og havet, er nymåla i raudt. Og det vert spekulert vilt i om dei skal endre dei gule og blå uniformene til matleveringsselskapet Yuandex.Lavka.

Og ein ven frå Petrozavodsk, byen i republikken Karelen der eg har budd dei siste 18 åra, sende meg eit bilete av rådhuset i byen, der bokstaven Z lyste opp på bygningen. Samstundes dekorerer russiske soldatar og offiserar militære våpen, bilar, helikopter og stridsvogner med Z-teiknet. På den offisielle Instagram-kontoen til forsvarsdepartementet i Den russiske føderasjonen opplyser dei at Z-teiknet tyder «for siger».

Ved eit barnesjukehus i Kazan organiserte dei tilsette og foreldra ein aksjon til støtte for krigen i Ukraina. Rundt 60 personar, vaksne og barn, stilte opp framfor sjukehuset i Z-form.

Men noko vil endre seg i hovudet til russarane som støttar krigen, når kjøleskåpa vert tomme, når masserekrutteringa til fronten startar, og når borna og slektningane deira kjem heim i ei kiste.

Sergej Markelov

Omsett frå russisk av Amund Trellevik

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei to siste vekene har Russland blitt prega
av antiukrainsk hysteri.

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis