JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Grøn støtte til krigen

Trass i at partiet har røter i fredsrørsla, er Dei Grøne i Tyskland blant dei mest ivrige etter å støtte Ukraina i krigen mot Russland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den tyske utanriksministeren Annalena Baerbock frå Dei grøne har vore klar på at Tyskland må støtte ukrainarane militært.

Foto: Lisi Niesner / Reuters / NTB

5861
20220429

Bakgrunn

Bündnis 90/Die Grünen

Die Grünen – Dei Grøne – er ei tysk parti med røter i miljø- og fredsrørsla.

Den vesttyske delen vart danna i 1980 og vart representert i forbundsdagen for første gong i 1983.

Etter gjenforeininga fusjonerte partiet med Bündnis 90, eit parti med utgangspunkt i den austtyske opposisjonen.

Partiet vart det tredje største partiet etter førre val og er ein del av den såkalla «trafikklyskoalisjonen» med SPD og FDP.

Kjelder: ARD, Der Spiegel, Politico, Heinrich Böll Stiftung

jesper@dagogtid.no

Dei drygde lenge med avgjerda, men tysdag føremiddag vart det klart at Tyskland likevel vil sende tyngre våpen til Ukraina. Om lag 50 stridsvogner av typen Gepard skal sendast inn i striden mot russarane. Medan kanslar Olaf Scholz sist helg fekk tyn for å motsette seg å sende stridsvogner i retning Kyiv, har regjeringspartnar Dei Grøne lenge pressa på for eit slik steg.

På eit EU-toppmøte for to veker sidan la utanriksminister Annalena Baerbock frå Dei Grøne press på kanslaren. «Dette er ikkje tida for bortforklaringar, men for kreativitet og pragmatisme», sa ho i Brussel.

Sjølv om partikollega Robert Habeck denne veka vart møtt med pipekonsert og «krigshissar»-rop under eit valkamparrangement i byen Bielefeld denne veka, er det lite motstand blant verken medlemane eller tilhengjarane til partiet.

Ei meiningsmåling syner nemleg at Dei Grøne sine veljarar er dei klart mest positive til å levere tyngre våpen til Ukraina. Heile 72 prosent av tilhengjarane støttar eit slikt skritt. I resten av befolkninga seier 55 prosent det same. Tilhengjarane til partiet er også dei klart mest positive til eit importforbod mot russisk gass og olje.

Haldningane er oppsiktsvekkande for eit parti med røter i den tyske fredsrørsla. Frå å vere det mest militærkritiske partiet har Dei grøne gått til å vere haukane i den tyske regjeringa. Kva har skjedd?

Aldri meir

Pieter de Wilde er professor i statsvitskap ved NTNU i Trondheim. Han seier det er viktig å forstå konteksten rundt heile den tyske debatten.

– Her er det meir enn venstrepasifistisk ideologi som speler inn. Den generelle tyske mentaliteten etter den andre verdskrigen, prega av ønsket om aldri meir krig, passar med ein generell bodskap om nedrusting.

De Wilde peiker på at debatten i Tyskland på grunn av det historiske bakteppet er prega av ei ansvarskjensle som ein ikkje finn i andre land.

– I tillegg får tyskarane mykje kritikk frå andre land. Både Nederland, Frankrike og Polen med fleire er avhengige av russisk gass. Likevel gøymer dei seg bak Tyskland og krev at tyskarane tek ansvar.

Fjern draum

Eit blikk i det første partiprogrammet frå 1980 syner kor langt Die Grünen har gått bort ifrå sin opphavlege pasifisme. Den gongen argumenterte dei for å «oppløyse» det tyske forsvaret og for straks å «demontere dei militære blokkene».

Slike krav er for lengst historie. I partiprogrammet frå sist val hang berre motstanden mot våpenleveransar til krigsområde og eit krav om ein «ny giv» for nedrusting igjen. Sjølv desse punkta har vorte kasserte etter utbrotet av krigen. Kort tid etter krigsutbrotet vedtok regjeringa å sende våpen til Ukraina og styrke det tyske forsvaret. I eit intervju med Der Spiegel nyleg kalla visekanslar Habeck pasifisme ein «fjern draum».

På somme område må partiet likevel drive med mindre sjelegransking enn andre. Medan regjeringspartnar SPD enno slit med å fri seg frå dei tette banda til Russland, har Dei Grøne lenge hatt eit anna syn på Aust-Europa.

– Dei Grøne har vore på den riktige sida av denne debatten. Dei har lenge meint at Tyskland ikkje må gjere seg så avhengig av russisk gass og var mot bygginga av både Nord Stream 1 og Nord Stream 2, seier de Wilde.

Kosmopolittar

Omfamninga av våpenleveransar til Ukraina er berre siste stoppestad i ei lang utvikling. Då Dei Grøne sist sat i regjering rundt tusenårsskiftet, heldt partiet på å gå i oppløysing på grunn av den opprivande debatten om tysk deltaking i Kosovo-krigen.

Den gongen kasta ein krigsmotstandar måling på dåverande utanriksminister Joschka Fischer under eit landsmøte. Likevel lukkast han den gongen i å overtyde partiet om at humanitære omsyn vog sterkare enn eigen pasifisme. Det er ei line som i dag er gjeldande i partiet.

– Omsynet til menneskerettar tel meir enn nedrusting. Til grunn for det igjen ligg eit kosmopolitisk verdssyn med større fokus på det menneskelege individet enn på nasjonar eller andre grupperingar.

I dag er striden mellom såkalla «pragmatikarar» og «fundamentalistar», dei to hovudfløyene i partiet, avslutta. Anton Hofreiter, ein av dei siste i partileiinga som tilhøyrer den meir venstrevridde «fundamentalistfraksjonen», åtvara enno i 2014 mot å sende våpen til kurdarane i Nord-Irak. Den siste tida har han vore ein av dei som klarast har tatt til orde for å sende våpen til Ukraina.

– Kva er det som gjer at debatten ikkje kjem denne gongen?

– For det eine kjennest nok krigen i Ukraina mykje nærare enn Kosovo-krigen, og for det andre er det ein mykje større krig. I tillegg er dette ein openberr åtakskrig, noko som gjer frontane mykje klårare. Det gjer at debatten i partiet vert mindre ideologisk og heller går på kor raskt ein kan implementere tiltak.

De Wilde har sjølv budd i Tyskland, og seier at det ikkje har vore noka stor endring i politikken til Dei Grøne siste åra. Likevel har avstanden til fortidas våpenkappløp gjort dei pasifistiske strøymingane mindre relevante.

– Etter kvart som fleire av veljarane er for unge til å hugse den kalde krigen, har pasifismen vorte ein mindre viktig del av partiideologien.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Omsynet til menneskerettar tel meir enn nedrusting.

Pieter de Wilde, professor i statsvitskap ved NTNU

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis