JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Går det mot høgresiger i Polen?

Kraftig økonomisk vekst har gjort Polen til eit mektigare land i Europa. Ei høgrekonservativ regjering har gjort landet meir autoritært. Valet på ny nasjonalforsamling den 15. oktober er ikkje berre viktig for Polen. Valresultatet kan komme til å prege heile Europa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
 Jaroslaw Kaczynski, leiar for det høgrekonservative regjeringspartiet Lov og rettferd, på valkamp i byen Przysucha 9. oktober 2023.

Foto: Marcin Kucewicz / Agencja Wyborcza / NTB

6439
20231013
6439
20231013

Kommentar

torbk@ntnu.no

I over 20 år har Polens politiske landskap vore dominert av to politikarar: Jaroslaw Kaczynski og Donald Tusk. Dei leier kvar sitt store parti: Kaczynski leier det høgrekonservative regjeringspartiet Lov og rettferd (PiS), som har sete med regjeringsmakta to periodar. Med ei oppslutning på om lag 37 prosent på dei siste meiningsmålingane styrer PiS mot ein tredje regjeringsperiode. Tusks Borgarplattform har ei oppslutning på om lag 30 prosent. Verken PiS eller Borgarplattform får fleirtal ved valet. Dei treng støtte frå småpartia. Og dei er det fleire av.

Eit splitta land

Ved fyrste blikk kan den politiske situasjonen i Polen likne litt på den i USA: Båe landa har ei nasjonalforsamling samansett av to kammer, underhuset (Sejmen) og overhuset (Senatet). Båe er dominerte av to store parti som samarbeider dårleg. Høgrepartiet er prega av patriotisme, kristne verdiar og motstand mot fri abort.

Men der stopper likskapen. For der den amerikanske presidenten er regjeringssjef og statsoverhovud i ein og same person, er makta i Polen delt mellom ein regjeringssjef (statsminister Mateusz Morawiecki frå PiS) og eit statsoverhovud (president Andrzej Duda). Dessutan har det vakse fram endå ein mektig aktør i polsk politikk: leiaren av regjeringspartiet. Han har dei siste 20 åra vore PiS’ gåtefulle grunnleggjar: Jaroslaw Kaczynski. Han blir iblant framstilt som ein heimføding og er ein skarp kontrast til Borgarplattforms verdsvande Donald Tusk. Tusk var Polens statsminister frå 2007 til 2014 og president for Det europeiske rådet mellom 2014 og 2019.

Tusk ynskjer å kaste den konservative Kaczynski ut av politikken – sende han heim til ungkarsleilegheita og kattane hans. Han vil endre kursen til den polske statsskuta og styre ho inn i Europas politiske hovudstraum. Men straumdraga frå høgre er blitt sterkare i polsk politikk. Tusk er blitt framstilt som ein agent for EU og Tyskland. Når Kaczynski har kalla Tusk ei personifisering av vondskapen, er det eit teikn på kor giftig den politiske atmosfæren har blitt. Det er òg eit teikn på at den konservative Kaczynski har late seg prege av presset frå høgre.

Presset frå høgre

Så er det ein annan viktig forskjell mellom Polen og USA: Polen er eit fleirpartisystem. Rett nok er PiS og Borgarplattform dei dominerande partia i polsk politikk, men det finst òg fleire mindre parti i landet. Men «parti» er kan hende eit misvisande omgrep i polsk politikk: korkje Borgarplattform, PiS eller dei mindre aktørane er klassiske parti; dei er koalisjonar, alliansar eller forbund. PiS og Borgarplattform er båe samansette av eit halvt dusin større eller mindre grupper.

Borgarplattforms naturlege partnar er ein koalisjon av ymse parti på venstre side av det politiske spektrumet. Koalisjonen femner vidt, frå sosialliberale sosialdemokratar til sosialistar. Dei fleste medlemmene er progressive, sekulære og tilhengarar av EU.

Til høgre i polsk politikk finst fleire koalisjonar – den eine meir konservativ enn den andre. Den viktigaste av dei er Forbundet for fridom og uavhengnad (Forbundet). Denne koalisjonen hadde i fjor haust ei oppslutning på 5 prosent, men dobla oppslutninga i løpet av vinteren. I sommar klatra Forbundet opp mot 15 prosent på meiningsmålingane, men har sidan falle og ligg no på rundt 10 prosent. Forbundet er ein katolsk koalisjon. Det er mot innvandring, EU og abort. Det vil ha eit Polen utan jødar og homofile. Forbundet har pressa leiarane i det høgrekonservative PiS inn i ein meir uforsonleg politisk retorikk.

Det politiske spelet i Polen er komplisert og uoversiktleg. Sjølv om Kaczynski og PiS ligg 7–8 prosent framfor Tusk og Borgarplattforma hans på meiningsmålingane, er koalisjonane fleksible, og valet er ikkje avgjort. Og det er ikkje berre i Polen temperaturen er høg og samfunnet splitta. I heile Europa er frontane skarpe og framtida uviss. Polens naboland fylgjer valkampen med stor spaning.

Internasjonale omsyn

I aust sit Vladimir Putin og Aleksandr Lukasjenko og håpar på høgresiger – på at PiS vinn valet med Forbundet som viktig alliert. Polen har vore ein av dei mest ihuga kritikarane av Russlands invasjon av Ukraina og ein av Ukrainas mest viljuge hjelparar. Men høgresida i polsk politikk har blitt meir misnøgd med støtta til Ukraina. Forbundet kritiserer regjeringa for å la seg utnytte av Ukraina. Det meiner at regjeringa må bruke pengane sine på Polen og polske statsborgarar. Og på landets eige forsvar.

Misnøya kom overraskande til overflata i sluten av september, då statsminister Mateusz Morawiecki kunngjorde at Polen ville slutte å sende våpenforsyningar til Ukraina og heller behalda dei mest moderne våpena sjølv. Han grunngav avgjerda med at EU hadde oppheva ordninga som regulerte korntransporten frå Ukraina, slik at kornprisane fall og polske bønder tapte inntekter på grunn av konkurranse frå billege varer frå aust. Morawiecki og Kaczynski må halde seg til vens med bøndene no før valet. Røystene deira kan vere avgjerande – som Andrej Kurkov gjorde greie for i artikkelen sin i Dag og Tid i førre veke.

I vest sit Polens allierte og ser på utviklinga med aukande otte. For Polen har god økonomi og bruker ein del pengar på å styrkje militærmakta si. Nabolanda fryktar at bak Polens opprusting ligg det ambisjonar om å gjere landet til ei militær stormakt i regionen. EU fryktar dessutan at dersom PiS vinn ein tredje siger på rad, kan den mektige partisjefen Kaczynski halde fram med reformene sine – at han mellom anna kan sørgje for at den utøvande makta får sterkare kontroll over polske domstolar. Dette vil føre Polen på kollisjonskurs med EUs liberaldemokratiske rettsstatsideal og prinsippet om uavhengige domstolar. EU fryktar òg at PiS med slike reformer skal ta på seg rolla som forbilde for populistiske parti i andre EU-land – mellom dei Ungarn, Slovakia og Frankrike – før valet på EU-parlament i juni neste år. Dette kan setje parlamentet i stand til å blokkere viktige planer for omstrukturering og utviding av EU i åra som kjem.

Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis