JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Frose fast i 7. oktober

TEL AVIV–JAFFA: Den turisttomme storbyen har stivna i eit terrortraume. 8. oktober er fortrengt, slik 7. oktober er fortrengt av fienden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Husvegg i Tel Aviv.

Husvegg i Tel Aviv.

Foto: Håvard Rem

Husvegg i Tel Aviv.

Husvegg i Tel Aviv.

Foto: Håvard Rem

12217
20240126

Israel-Hamas-krigen

Håvard Rem skriv frå Tel Aviv og Jerusalem, Libanon-grensa og Vestbreidda.

Dette er del 1.

Nord-sør-grensa

havard@dagogtid.no

Kven er om bord på flyet frå Europa? Komande israelarar. Velkomstkomitéar ventar i Ben Gurion lufthamn mellom Jerusalem og Tel Aviv­–Jaffa. Europa har vorte farleg. Franskmenn. To russarar og ein ukrainar som søkjer statsborgarskap, møter eg i morgon.

Om bord er heil- og halvisraelarar òg. Fleire med europeisk eller amerikansk pass i tillegg til det israelske eller palestinske. Slikt hadde dei ressurssterke for 2000 år sidan òg. Paulus og Josefus var semittar med romersk statsborgarskap, privilegium og ein naudutgang frå krigen.

Benzion

Sidemannen er tysk-israelar, pensjonert direktør i El Al, det israelske flyselskapet, skipa i 1948, to år før han var fødd. Han sit i sorg, på veg til gravferd. Når eg finn øyrepluggen han mista på golvet, kjem handa:

– Benzion. Bensin med ein o.

Semittiske ord for son er ben og abn.

Benzion Macka.

Benzion Macka.

Foto: Håvard Rem

– Son av Sion?

– Ja, eg er yngst av ni søsken, den einaste fødd i Israel. Difor namnet. Men kall meg Benzo. Familien flytta frå Marokko kring krigen i 1948.

– Då jødar vart fordrivne frå Nord-Afrika?

Han bit ikkje på.

– Dei vart ikkje fordrivne. Det var kring 300.000 jødar i Marokko. Det var Ben-Gurion som oppmoda dei om å koma.

Han syner meg armbandsuret.

– Svigerfar min døydde no, 93 år gamal, han vert gravlagd i morgon. Han gav meg uret då eg vart offiser i 1970. Han var som ein far for meg. Eg var for ung til å ta del i seksdagarskrigen i 1967, men eg kjempa i Yom Kippur-krigen i 1973.

– Då Leonard Cohen drog til fronten og song for soldatane?

No tek han fram lommeboka. I lag med foto av born og barneborn ligg eitt frå soldattida. Cohen syng for dei stridande på Sinaihalvøya. Han peikar:

– Eg står heilt til høgre, med krøllene. Han syng «Suzanne».

Benzion Macka nynnar: «And Jesus was a sailor when he walked upon the water.» Vatnet var Genesaretsjøen i Galilea, dit Benzos familie drog og slo seg ned, dit eg dreg etter Tel Aviv, til stader nær grensa mot Libanon. Benzo spør:

– Men veit du kven som tok biletet? Ein son av Robert Maxwell, mediemogulen.

– Ein bror av Ghislaine Maxwell?

– Ja, veninna til Jeffrey Epstein. Ho sit fengsla no.

Eit ur og eit foto med soge. Cohen skal opna fleire dører på ferda. Krig skapar soge, og periodiserer heile førre hundreåret: førkrigstid, fyrste verdskrig, mellomkrigstid, andre verdskrig, etterkrigstid. Heime var det nyleg kritikk av at millionstønad gjekk til to nye Blücher-filmar og ei hending for 84 år sidan. Eg kjem til eit område der alle, dei unge òg, har ei soge.

No har soga fått eit nytt kapittel, kan henda eit nytt band: 7. oktober. Benzo – som hugsar krigen i 1956 òg – seier:

– 7. oktober er ekstraordinært.

Leonard Cohen syng for israelske soldatar i 1973. Benzion Macka står ytst til høgre.

Sør-nord-møte

Reisa til Israel og Vestbreidda er fyrste etappe i ei langferd langs Vestens sørgrense, der det globale nord og sør møtest, i val- og lagnadsåret 2024. Krig, klima og demografi i sør legg press på grensene mot nord. I juni held EU parlamentsval, i november held USA presidentval.

Kva som hender langs USAs sørgrense mot Mexico og EUs sørgrense mot Middelhavet, vil prega vala – slik det har prega alle val eg har dekt sidan migrasjonsvinteren og brexit i 2016.

Frykt for destabilisering og grensesamanbrot har svekt venstresida og styrkt høgresida, som Le Pen i Frankrike, Wilders i Nederland, AfD i Tyskland, Sannfinnane i Finland, Åkesson i Sverige, Trump i USA, Meloni i Italia, Orban i Ungarn – og Bibi i Israel.

Om venstreveljaren ser eit sterkt nord som utbyter sør, eller om høgreveljaren ser eit svekt nord som er truga av sør, er biletet det same.

Introduksjonsprogram

Tel Aviv er frose i ein 7. oktober-augneblink. Gisselfoto og «7.10.» står overalt. Sundag 8. oktober er ikkje komen enno. Mange av musea er stengde. Turistane er vekke og tilsette mobiliserte. Eg fylgjer middelhavskysten sørover, frå nordbyen («Frogner»), via midtbyen («Grünerløkka») og sørbyen («Gamlebyen»), mot Jaffa, den arabiske byen sør for Tel Aviv.

Det kjennest som å vera einaste tilreisande. Er det difor Tel Aviv syner seg mindre brysk og barsk enn ryktet, enn sist, nær like mild som den andre administrative «hovudstaden», Ramallah?

Folk tek kontakt. På Rothschild-boulevarden pratar eg med Kristina Levit frå St. Petersburg, Andrej Kalasjnikov frå Moskva og Victory Kapulkin frå Odesa. Dei er kring tjue år gamle og har sidan i fjor haust fylgt eit israelsk introduksjonsprogram for russiskspråklege.

– Når fer de heim?

– Me skal ikkje attende. Me har jødiske røter og vert verande. Israel er ikkje trygt, men det er ikkje Russland heller, fortel Kristina.

–?Eg har inga framtid i Odesa, eg vert israelar, fortel Victory.

Ho pratar alt betre hebraisk enn engelsk. Andrej seier seg samd på russisk.

F.v.: Victory frå Odesa, Kristina frå St. Petersburg og Andrej frå Moskva.

– Eg har inga framtid i Odesa, eg vert israelar.

Victory Kapulkin

Ilana Goor

I Charles Clore-parken, halv­veges til Jaffa, med havsalt i håret, står «Kvinna i vinden», eit landemerke frå 1977, året eg fyrste gong busette meg ved Middelhavet, ein tre meter høg bronseskulptur av Ilana Goor, ein vidgjeten Tel Aviv-kunstnar.

I sør, i gamlebyen i Jaffa, ligg Ilana Goor-museet. Døra er stengd, men eg slepp inn. Eg går åleine kring i dei fire etasjane, fylte av Goors eigen kunst og samlingane hennar – skulpturar av Antoine-­Louis Barye, Henry Moore, Anselm Kiefer, 2000 år gamle kvernsteinar frå Betlehem.

Biletveggar med foto av Ilana Goor i lag med Ariel Sharon, Shimon Peres, Mansour Abbas, Bill Clinton, Mikhail Gorbatsjov.

Brått står ho der. Gråhåra med haukeblikk. I døra til dei private gemakka. Ho ber meg inn på kaffi. 87 år gamal. Fødd i Tiberias i Galilea i 1936. Far hennar utvikla kunstige vatningssystem som han presenterte for Chiang Kai-shek i Beijing – fotoprov heng på veggen. Lækjarmor hennar var den fyrste israelske kvinna som vart sjukehusdirektør. Den dyslektiske dottera vart kunstnar.

1700-talshuset

Som Benzo har ho to pass. Når ho ikkje er i Tel Aviv, nærare bestemt i Jaffa, er ho i New York, nærare bestemt på East Side.

– Manhattan sjølvsagt. Kvar elles?

– Kven vonar du tek over i Israel?

– Benny Gantz. Bibi er ei bølle, seier ho om statsminister Benjamin Netanyahu.

– Kven vonar du tek over i USA?

– Han me ikkje uttalar namnet til, seier ho om Donald Trump, han som flytta ambassaden herfrå til Jerusalem.

Ho syner meg eventyrhuset, som ei blanding av Potalapalasset i Lhasa og Jacobis hus og Ismaels rom i Bergmans Fanny og Alexander.

– Når kjøpte du huset?

For fyrste gong er svaret unnvikande.

– Litt etter kvart. Litt i 1980-åra, litt i 1990-åra.

– Kven kan dei opphavlege eigarane ha vore, spør han diplomatisk, diplomaten eg et middag med kvelden etter.

Huset til Ilana Goor er bygd på 1700-talet. Fire etasjar. Terrassar med utsyn over gamlebyen, over Middelhavet, mot Haifa i nord, og Gaza, seks mil mot sør.

Ilana Goor og læresveinen og kunstnaren Guy Yousphan på ein av takterrassane.

– Bibi er ei bølle.

Ilana Goor, kunstnar

Ekstraordinært

Den rustikke gamlebyen i Jaffa har vorte ein samlingsstad for israelske kunstnarar, nett no dominert av 7. oktober-utstillingar, om lag som Utøya-utstillingane heime.

7. oktober samla israelarane, unge og gamle, liberale og konservative. For tjueåringane er det ekstraordinært. For Benzion Macka, fødd i 1950, er det ekstraordinært. Jamvel Ilana Goor – som var tolv år då staten Israel vart skipa, og kring ti år då holocaust vart kjend – kallar det «ekstraordinært».

Holocaust råka dei i framandt land, 7. oktober råka dei i det millionar reknar som heimland.

Yafa bokkafé

Berre 500 meter frå galleria i gamlebyen går eg i støyande arabiske basargater, og som ein oase midt i asfaltørkenen: ein bokkafé.

Når eg nemner for eigaren, Michel El Rabat, at eg kjem frå gamlebyen i «Tel Aviv», rettar han meg, lett irritert:

– Jaffa.

Dei to byane har vakse saman, med Tel Aviv-Jaffa som offisielt namn.

I fjor stod ein reportasje om bokkafeen i Al Jazeera. Overskrift: «Cafe Yafa – ein palestinsk bokhandel som bringar ein litterær kultur attende». Ingress: «Cafe Yafa gjev liv til ein rik palestinsk litterær kultur, tiår etter at Nakba øydela dei palestinske biblioteka.» Opningsavsnitt: «’Jaffa skal verta ein jødisk by. Å tillata arabarane å vende attende til Jaffa er ikkje rettferd, men idioti’, skreiv David Ben-Gurion i dagboka si i juni 1948. Israels fyrste statsminister, som kom til Palestina via Jaffa hamn i 1910, noterte det etter at høgreorienterte Irgun-styrkar jamna Jaffa med jorda i april og dreiv ut nær 70.000 palestinske innbyggjarar.»

Michel er mild, men mistenksam.

– Me slit med å lita på framande, skal eg sidan få høyra av Maram, som driv ein bokhandel på Vestbreidda. Mistrua syner seg fleire gonger. Palestinarane har gått vidare til 8. oktober. Dette hende: Eg synte Ahmed, ein palestinar som arbeider i ein bokhandel i Aust-Jerusalem, bøker eg hadde funne i Yafa bokkafé. Men: Eg hadde forveksla namnet til eigaren, Michel, med namnet til ein kunde, Toni.

–?Michel kalla seg Toni? Kvifor? Trudde han du kom frå etterretninga?

Ahmed roa seg etter kvart.

Frå ei 7. oktober-utstilling i gamlebyen i Jaffa.

Ofer

Eg roar meg på takterrassen til hotellet. I baren står Ofer, 25 år gamal. Han har budd sju av dei i Tel Aviv, men kjem frå nord, frå Galilea.

– Kva er ei frigjeringsrørsle, og kva er ei terrorrørsle, spør filosofiske Ofer, og held fram:

– Bestefar min var med i Irgun. Han fortalde aldri noko, men dei sprengde jo hotell. Det budde britiske offiserar der, men mange sivile vart drepne òg.

Irgun, kjend som Etzel, opererte i 1930- og 40-åra, høyrde til høgresida og dreiv åtakskrig mot arabarar og britar, medan meir moderate Haganah høyrde til venstresida og dreiv meir med forsvarskrig.

– Kva skil Irgun og Hamas?

– Eg veit ein viktig skilnad. Irgun drap aldri jødar. Hamas drep sine eigne òg.

Ofer tenkjer. Stundom siterer han frå bøkene til den israelske historikaren Yuval Noah Harari, Sapiens og Homo deus.

– Bestefar min og dei andre i Irgun hadde eit sams mål. Sionisme. Eit land lyt ha eit mål. Kva er eit sams mål for dykk i Noreg?

Ein fobi som heiter von

Dagen etter dreg eg til Irgun- og Haganah-musea, men båe er stengde.

Eit år før Ben-Gurion kom til Tel Aviv, vart byen skipa, i 1909, nær førti år før staten. Eg et lunsj med ein skandinav som har budd her så lenge at han les den hebraiske menyen. Han kommenterer:

– Det var difor dei vann over arabarane og britane. Då krigen braut ut, hadde Tel Aviv alt ein avansert infrastruktur.

Om kvelden les eg i ei av bøkene frå Yafa bokkafé, diktsamlinga House Dresses and Wars (2016), av den palestinske forfattaren Maya Abu Al-Hayyat, som bur i Jerusalem og held skriveverkstad i Ramallah, to av byane eg skal til. Dikta er omsette frå arabisk til engelsk av lyrikaren Fady Joudah.

Eg lid av ein fobi som heiter von

Kvar gong eg høyrer ordet

hugsar eg vonbrota

som kom i namnet von:

borna som ikkje kjem att,

lidingane som ikkje vert lækte,

minnet som ikkje vert sløva,

alle desse vona smadra

under vengjene medan eg mosar

myggen på hovudet til dotter mi

Flyalarmen går ikkje den natta heller, og fyrst når eg har reist vidare, vert eg roa av ein fredsforhandlar som jamleg pratar med Hamas-leiarar:

– Du hadde lite å frykta i Tel Aviv. Dei har få rakettar att.

Men når han høyrer at ferda går mot Nord-Galilea, gjev han ingen garantiar.

Gatebilete frå Tel Aviv.

Gatebilete frå Tel Aviv.

Foto: Håvard Rem

Kanarifuglen

7. oktober er eit israelsk traume. Grensesamanbrot er eit vestleg mareritt, skildra i dystopiske framtidsromanar. Sør bryt inn over nord, og nord bryt folkeretten og svarar umenneskeleg, som Israel etter 7. oktober.

Det hende. Gløym eit minutt moralen. Om det var rett eller ikkje, fortent eller ikkje. Om dei i sør er vonde og vil øydeleggja nord, eller om dei i nord er vonde og fortener overfallet.

7. oktober var eit grense­samanbrot. Israel er nattutgåva av Vesten, av nords møte med sør. Israel er den framande fuglen i europeiske tevlingar som Eurovision og Meisterligaen. Israel er kanarifuglen i Vestens mørkaste gruvegangar. Undergangsfrykta i Vesterlanda er den nye røyn­domen i Israel.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis