Forsvar på felgen
Manglande jakker, helikopter på bakken. Det tyske forsvaret er langt frå klart til innsats.
Det tyske forsvaret er kjent for byråkratiske prosessar. Her er kanslar Olaf Scholz på vitjing i forsvarets hovudkvarter Schwielowsee.
Foto: POOL / Reuters / NTB
Bakgrunn
Kanslar Olaf Scholz har løyvd 100 milliardar euro ekstra til det tyske forsvaret. Samstundes vil han grunnlovsfeste Natos 2 prosent-mål.
Materielt er Bundeswehr i dårleg stand. Under halvparten av helikoptera deira er til kvar tid innsatsklare. André Wüstner, leiar for interesseorganisasjonen til tyske soldatar, meiner den materielle beredskapen ligg på om lag 50 prosent.
Kjelder: Bundeswehr, Sipri, Verdsbanken, Der Spiegel, Die Zeit

Tyskland
jesper@dagogtid.no
I slutten av februar kunngjorde forbundskanslar Olaf Scholz eit tidsskifte for den tyske tryggingspolitikken. I sentrum av dette tidsskiftet står ei fornying av det tyske forsvaret – Bundeswehr. Tiår med underfinansiering er slutt, og det kjem ei tilleggsløyving på 100 milliardar euro berre i år. På sikt skal Tyskland nytte langt meir enn 2 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) på forsvar.
Vi treng skip som flyt og fly som flyg, sa forbundskanslaren i talen sin. Det høyrest banalt ut for eit moderne forsvar, men det er altså der det tyske militæret står.
Sist veke presenterte spesialrapportør for militærspørsmål i den tyske forbundsdagen, Eva Högl, rapporten sin om tilstanden i det tyske militæret. Resultatet var nedslåande. «På kvar einaste vitjing melder soldatane om manglar», sa Högl på pressekonferansen.
Til og med ute i felt manglar det utstyr. I Litauen leier tyskarane Natos militære nærvær Enhanced Forward Presence (EFP) – dit Noreg nyleg sende 350 soldatar. Der manglar dei tyske soldatane alt frå vasstette jakker til varmt undertøy. Investering i forsvar handlar ikkje berre om militær opprusting.
«Vi er meir eller mindre blanke», skreiv øvstkommanderande i den tyske hæren, Alfons Mais, dagen etter at Russland gjekk til åtak på Ukraina. «Sjansane vi har til å hjelpe alliansepartnarane våre er ekstremt avgrensa», heldt hærleiaren fram i innlegget som vart lagt ut på LinkedIn-nettverket. Korleis har det seg at det tyske forsvaret er så skralt?
Allianse
Bundeswehr vart skipa i november 1955. Etter den andre verdskrigen vart Tyskland i utgangspunktet heilt demilitarisert. Men etter kvart som spenninga mellom aust og vest auka, fekk Tyskland likevel lov til å ruste opp.
Føresetnaden vart at dei skulle inngå i vestlege alliansar. Spesielt Frankrike ivra for å underleggje tysk militærmakt felleseuropeisk kontroll. Opphavleg vart det difor lagt planar om eit europeisk forsvarsfellesskap med felles leiing. Det franske parlamentet stilte seg til slutt på bakbeina – dei ville ikkje sjølv underkaste seg ein framand kommando. Løysinga vart eit tysk Nato-medlemskap i staden. Sidan skipinga av den suverene vesttyske staten har «vestbindinga» stått sentralt i den tyske utanrikspolitiske mentaliteten.
På høgda av den kalde krigen hadde Tyskland eit moderne forsvar med 2225 Leopard 2-stridsvogner og Gepard-stridsvogner som luftvern. Landet danna ryggrada i Natos europeiske forsvarsevne. I 1983 hadde Bundeswehr ein troppestyrke på heile 495.875 soldatar.
Etter kvart forsvann den sovjetiske fienden i aust. Og med det forsvann ein stor del av forsvarsbudsjettet. Berre mellom 1990 og 2005 gjekk Tyskland frå å nytte 2,5 til å nytte 1 prosent av BNP på forsvar. Tungartilleriet vart redusert med mellom 80 og 90 prosent. Tyngdepunktet gjekk over frå territorialforsvar til spesialoperasjonar i utlandet.
Dei siste Gepard-stridsvognene vart fasa ut i 2010 og sette på lager for å spare pengar. Nokre har hamna i Brasil og Romania. Av Leopard 2-stridsvognene har tyskarane igjen rett over 220. Og talet på soldatar er nede i 183.725 – mellom dei både yrkessoldatar og friviljuge vernepliktige. Den allmenne verneplikta vart nemleg avskaffa i 2011. Ein er ikkje lenger der at ein kan oppfylle allianseoppgåvene, åtvarar fleire militærekspertar.
militære utgifter
Pengemangel
Ein til dels «morken» infrastruktur, slik skildrar spesialrapportør Eva Högl tilstanden til det tyske forsvaret i dag. Grunnen er manglande investeringar som skriv seg attende til dei tidlege 2000-åra. Sist Tyskland låg over Nato-målet om å bruke over 2 prosent av BNP på forsvarsmateriell, var som nemnt i 1990.
Trass i at berre 1,4 prosent av BNP i dag vert nytta til forsvarsmateriell, er det ikkje slik at det tyske forsvaret har mangla pengar dei siste åra. Tyskland står for til saman 2,7 prosent av dei globale forsvarsutgiftene. Det held til ein sjuandeplass internasjonalt. Forsvarsbudsjettet har auka kontinuerleg frå lågpunktet i 2005 – spesielt i kjølvatnet av Krim-krisa.
Over halvparten av forsvarsbudsjettet går i dag til personell og vedlikehald av alt eksisterande materiell. I 2021 vart rett over 12 prosent av forsvarsbudsjettet nytta til å kjøpe inn nytt utstyr. Nato-målet på 20 prosent investering i nytt materiell i året har tyskarane aldri nådd. Skal tyskarane nå målet om å fornye forsvaret, må det omfattande omstrukturering til.
Det tyske forsvaret har nemleg med åra vorte ein topptung og ineffektiv organisasjon, meiner Georg Löfflmann, professor i krigsstudiar ved universitet i Warwick. I magasinet The Spectator skriv han at «Bundeswehr er rigga meir for administrasjon enn for krig».
Sidan den kalde krigen er den tyske troppestyrken halvert. På same tid har talet på generalar stort sett vore det same. Tysk byråkrati og regulering, ein tendens til overambisiøse prosjekt og hyppig strid i rettsvesenet mellom våpenleverandørar fører til ei treg utvikling i våpenteknologien.
Sjølve innkjøpa er det ein føderal organisasjon med det monstrøse namnet Bundesamt für Ausrüstung, Informationstechnik und Nutzung der Bundeswehr (BAAINBw), tilsvarande norske Forsvarsmateriell, som står for. BAAINBw er notorisk kjend for å bryte både tidsfristar og pengegrenser. I samband med bygginga av eit nytt tankskip gjekk organisasjonen nyleg 300 millionar euro over budsjettet – trass i fleirfaldige åtvaringar frå både politikarar og riksrevisjon.
«Panikk i BAAINBw», twitra ein SPD-politikar rett etter at dei 100 milliardar euroane ekstra til forsvaret vart løyvde.
Ammunisjon
Det tyske forsvaret har ei lang ønskeliste klar. For mykje av utstyret deira er forelda. I dag har det tyske luftvåpenet 93 jagarar av typen Tornado. Dei vart 40 år gamle fjor. 15 milliardar euro er sette av til nye jagarfly. Og transporthelikopteret CH-53 er over 50 år gamalt. I praksis ubrukeleg av di ein ikkje lenger får tak i reservedelar. 5 milliardar er sette av til innkjøp av eit nytt.
Tornado-flya skal erstattast av 35 nye F-35. Innkjøpet av dei amerikanskproduserte F-35-flya er ikkje minst eit bidrag til atomberedskapen i Nato. I ein liten landsby i Eifel-dalen vert ein femtedel av atombombene amerikanarane har stasjonert i Europa – 20 i talet – lagra. F-35-flya kan frakte dei inn i krigssona om naudsynt. På toppen kjem minst 13 nye fly av typen Eurofighter – eit samarbeidsprosjekt mellom Tyskland og Frankrike.
Trass i nyinvesteringar kjem luftforsvaret på sikt til å verte svekt. For seinast i 2030 går dei siste Tornado-flya ut av drift. Det inneber at det tyske forsvaret kjem til å ha 45 færre jagarfly enn før. Samstundes har det tyske luftvåpenet teke på seg patruljeoppdrag i både rumensk og polsk luftrom. Enno har ikkje det tyske luftvåpenet pilotar som kan flyge F-35.
Den aller største posten vert likevel ammunisjon. Kvart Nato-land skal ha nok ammunisjon til å halde ut 30 dagar i strid. Tyskland har ifølgje ekspertar nok til å halde ut eit par dagar. Den største posten på opprustingsprogrammet vert difor 20 milliardar berre for å fylle opp ammunisjonslagera igjen.
Motstand
Dei 100 milliardar euroane skal gå gjennom ein statleg «spesialformue» – politikarspråk for meir lån. 2 prosent-målet skal dessutan få forankring i den tyske grunnlova.
På grasrota spør mange i dei pasifistiske miljøa i både Dei grøne og SPD seg kvar desse pengane var då ein forhandla om klimatiltak eller utdanning. Likevel har dei nye tiltaka vorte vinka gjennom utan murring frå leiinga i regjeringspartia.
Spesielt i ungdomspartia har motstanden vore stor. Leiaren for ungdomspartiet til Dei grøne, Timon Dzenius, seier at «dette er ikkje tida for ein debatt om langsiktig opprusting, men for konkret støtte til menneska i Ukraina».
Difor ønskjer mange i dei to partia eit utvida tryggingsomgrep. Finanspolitisk talsmann for Dei grøne, Sven-Christian Kindler, presiserte i starten av mars at dei 100 milliardar euroane må gå til tiltak som utviklingshjelp, sivil krisehjelp og diplomati.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tyskland har berre nok ammunisjon til å halde ut eit par dagar i strid.
Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.