JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Folkevognene som rullar for Kina

Volkswagen har lenge ignorert menneskerettsbrota i Xinjiang. Men det er ikkje lenger så lett å stikke hovudet i sanden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Herbert Diess (nummer tre frå høgre), toppsjef i Volkswagen, var til stades da modellen I.D. Vizzion vart synt fram på ei stor bilmesse i Beijing 25. april 2018. Kina er ein svært viktig marknad for Volkswagen.

Foto: Andy Wong / AP / NTB

4097
20220603
4097
20220603

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Tyske storselskap med fabrikkar i den kinesiske provinsen Xinjiang møter no aukande kritikk, skriv Der Spiegel.

Dei siste dagane har det kome ny dokumentasjon for den brutale undertrykkinga av dei muslimske uigurane i provinsen, og i Tyskland har dette ført til debatt om fabrikkane som tyske storselskap driv i Xinjiang. Eitt av desse selskapa er Volkswagen, som har ein bilfabrikk i provinshovudstaden Urumqi.

Journalistar frå Der Spiegel har vore på staden og skildrar fabrikken som eit anonymt utsjåande anlegg bak høge murar, under strengt statleg vakthald og med brakkene til ein væpna politistyrke som næraste nabo. Volkswagen har drive fabrikken i Urumqi sidan 2013, i partnarskap med det statlege kinesiske selskapet SAIC. Slike samarbeid med staten er vanlege for vestlege selskap som vil inn i Kina.

Heilt ukjent

Da Der Spiegel bad konsernet om ein kommentar til dei mange avsløringane av undertrykkinga i Xinjiang, og fortalde at satellittfoto synte det som truleg er kinesiske interneringsleirar berre 25 kilometer frå fabrikken, svarte Volkswagen-leiinga at dette er ukjent for selskapet.

«Så vidt vi kjenner til, er det ingen slik leir i nærleiken av fabrikken», heitte det.

Denne responsen er typisk for dei tyske industrikjempene som har bygd fabrikkanlegg i Xinjiang, ifølgje Der Spiegel. Også Bosch, BASF og Siemens har etablert seg med fabrikkar i provinsen. Ingen av dei er særleg interesserte i å snakke om undertrykkinga av uigurane, men forsikrar at det ikkje er slavearbeid verken i fabrikkane deira eller hos underleverandørane.

– Folkemord

Men det den kinesiske staten driv med i Xinjiang, blir stadig vanskelegare å ignorere. Etter at det braut ut valdelege opptøyar i provinsen i 2009, og uigurar stod bak terroraksjonar andre stader i Kina, har styresmaktene drive ei undertrykking i svært stor skala i Xinjiang. Fleire hundre tusen uigurar skal ha vore sette i interneringsleirar, mange har blitt torturerte, og uigurisk kultur og religionsutøving blir undertrykt av staten.

Amerikansk UD meiner dei kinesiske forsøka på å utslette den uiguriske levemåten kan kallast eit folkemord. Så kvifor vel eit selskap som Volkswagen å leggje ein fabrikk til ein provins der det går føre seg slike grove brot på menneskerettane?

VW seier sjølv at fabrikken er «ein integrert del av SAIC Volkswagens strategiske planer i Kina». Ifølgje Der Spiegel gjev ikkje anlegget i avsidesliggande Urumqi særleg god forretningsmessig meining i seg sjølv. Men for Volkswagen er den kinesiske bilmarknaden særs viktig: 40 prosent av salet til selskapet skjer i Kina, og Der Spiegel spekulerer på om det å leggje ein fabrikk til Xinjiang er ein måte å syne lojaliteten sin på overfor kinesiske styresmakter.

Mykje står på spel. Toppsjef Herbert Diess har sagt at «framtida til Volkswagen blir avgjort i Kina». Og dersom selskapet skulle velje å stenge fabrikken på grunn av press frå menneskerettsaktivistar og tyske politikarar, vil kinesiske styresmakter «tolke det som ei fiendtleg handling», seier Ferdinand Dudenhöffer, direktør for Center for Automotive Research i Duisburg.

Nytt press

Men etter dei siste avsløringane om interneringsleirane i Xinjiang har trykket auka på Volkswagen heime i Tyskland, og det kjem ikkje berre frå menneskerettsaktivistar. Også fondsforvaltarar og andre investorar i selskapet har stilt seg kritiske til Kina-politikken, og den tyske regjeringa trugar med å trekkje dei økonomiske garantiane sine for vidare Volkswagen-investeringar i Kina.

Det vil i så fall auke den økonomiske risikoen for selskapet. I tillegg kjem ei ny lov til å drive opp presset vidare neste år. Den nye lova gjer tyske selskap ansvarlege for menneskerettsbrot også i heile leverandørkjeda som selskapet nyttar seg av, noko som neppe blir lett å leve opp til for VW-fabrikken i Xinjiang.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Toppsjef Herbert Diess har sagt at «framtida til Volkswagen blir avgjort i Kina».

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis