JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Ein spire til borgarkrig

Den kanadiske regjeringa har fått råd om å vurdere å førebu seg på eit scenario med borgarkrig i USA. ­Ikkje heilt usannsynleg, seier fleire USA-ekspertar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Donald Trump-tilhengjarar storma den amerikanske kongressen 6. januar 2021. Vi må vere budde på nye og liknande åtak i USA framover, seier USA-kjennar Hilde Restad, som er fyrsteamanuensis ved Oslo Nye Høyskole.

Foto: John Minchillo / AP / NTB

10733
20240628
10733
20240628

USA

eva@dagogtid.no

– Dei ideologiske splittingane, den demokratiske erosjonen og den innanlandske uroa i USA eskalerer og kastar landet ut i borgarkrig.

Dette er ikkje ei oppsummering av Alex Garland-filmen Civil War, som går på norske kinoar. Det er eit scenario skildra i rapporten Disruptions on the Horizon (2024) som den kanadiske regjeringa i vår har fått utarbeidd frå sin eigen tenkjetank.

Blant 34 andre scenario av typen «antibiotika verkar ikkje lenger», «folk kan ikkje skilje kva som er sant og ikkje sant», «biologisk mangfald går tapt og økosystema kollapsar», «nedgåande sosial mobilitet er norma», «nettåtak set ut kritisk infrastruktur» og «vitale naturressursar er knappe», står punktet der, som noko den kanadiske regjeringa bør vurdere å førebu seg på: at «borgarkrig bryt ut i USA».

Punktet er ikkje lista opp blant scenarioa tenkjetanken vurderer som dei ti mest trulege, men det er like fullt omtalt som noko det er ein viss sjanse for at kan skje seks–åtte år fram i tid.

Og vurderinga frå tenkjetanken er ikkje så eineståande heller.

Annankvar venta krig

Svært mange amerikanarar ser det sjølv som truleg at USA nærmar seg ein ny borgarkrig. Det går fram av ei online spørjeundersøking som vart gjennomført som del av Ipsos KnowledgePanel, sommaren 2022 – halvtanna år etter storminga av Kongressen.

50,1 prosent av dei spurde sa seg då samde i at det kom til å vere borgarkrig i USA i løpet av dei neste få åra. Éin av fem meinte også at politisk vald innimellom kunne forsvarast, og blant desse igjen, var det 12,2 prosent som svarte at dei var viljuge til å ty til politisk vald sjølv for å truge eller skremme nokon, medan 10,4 prosent var viljuge til å bruke vald for å skade ein annan person og 7,1 prosent for å drepe ein annan person. 

I og med dei sjokkerande resultata vart undersøkinga følgd opp året etter, og då hadde både trua på borgarkrig og forsvaret for politisk vald generelt gått noko ned i befolkninga. Blant dei som framleis svarte at politisk vald innimellom kunne forsvarast, var det derimot fleire enn før som svarte at dei sjølv kunne vere viljuge til å ty til vald for å oppnå politiske mål. 

Så kva er det vi – inkludert kanadiarane – bør vente oss?

Undervurdering

Ifølgje Amy Cooter, som er forskingsdirektør ved Senter for terrorisme, ekstremisme og terrornedkjemping ved Middelbury Institute of International Studies, er ikkje borgarkrig nær føreståande. Ho seier styresmaktene, både føderalt og på delstatsnivå, kjem til å verte verande organiserte nok til å kontrollere og handtere ulike væpna militante grupper på lovleg vis, også om desse byr opp til bråk. Det gjekk fram av eit intervju forskingsdirektøren gjorde med National Public Radio nyleg.

I same intervju vedgjekk ho samstundes at ho trur styresmaktene vurderer storminga av Kongressen 6. januar 2021 som ei enkelthending, og undervurderer risikoen for at både statlege bygningar og enkeltpolitikarar kan kome under åtak i månadene framover mot presidentvalet.

Ho sa også følgjande:

– Vi er i ei tid med ekstrem politisk splitting, som eg trur vert verre før det vert betre. Og det finst absolutt personar som trur at dei og familien deira kjem til å verte sette i ein posisjon der dei må forsvare seg sjølv, anten mot regjeringa eller mot andre fraksjonar, som dei ser som motstandarar av deira interesser.

Donald Trump-tilhengjarar storma den amerikanske Kongressen 6. januar 2021. Vi må vere budde på nye og liknande åtak i USA framover, seier USA-kjennar Hilde Restad, som er fyrsteamanuensis ved Oslo Nye Høyskole.

Foto: House Select Committee / AP / NTB

– I skarpare retning

Hilde Restad, som er fyrsteamanuensis ved Oslo Nye Høyskole, seier vi i fyrste omgang bør vere budde på eit nytt 6. januar, i alle fall dersom Trump taper valet.

– Det skjer ikkje nødvendigvis på same måte som i 2021, og det er heller ikkje sikkert at det skjer i Washington DC. I 2021 var det òg tilløp til åtak på delstatskongressar, så det kjem an på korleis vala går i ulike delstatar. Men at det kan skje liknande åtak, kan vi ikkje sjå vekk frå, seier ho til Dag og Tid.

Restad har sjølv budd i USA i ni år, og ho har doktorgrad i amerikansk utanrikspolitikk frå University of Virginia. Ho syner til at USA har hatt problem med terror sidan landet vart grunnlagt, og at det alltid har vore politisk og til dels militær kamp om kven som skal få vere med og ha politisk makt og påverknad.

Slik ho ser det, er landet no inne i ein æra – som strekkjer seg tilbake til borgarrettsrørsla på 50- og 60-talet, via 90-talet, då kristenkonservative byrja å ta over Det republikanske partiet, og til Barack Obama vart fyrste farga president – og som har leidd til at Det republikanske partiet sakte, men sikkert har vorte eit parti i aukande grad for kvite kristne, medan det demokratiske partiet famnar fleire grupper.

– Og denne æraen har drege seg til i alt skarpare retning sidan 2016, då Trump vart vald til presidentkandidat, seier ho.

– Men er det truleg, eller i det heile teke mogleg, at det kan utvikle seg til borgarkrig?

– Det har skjedd før, og amerikansk historie er valdeleg. Det er også valdeleg i USA i dag, og difor går det ikkje å seie at det ikkje er mogleg. Men meir truleg enn ein klassisk borgarkrig er det at det bryt ut politisk vald mellom ulike grupper, seier ho.

Hilde Restad er førsteamanuensis.

Hilde Restad er førsteamanuensis.

200 militsgrupperingar

Forskarar ved Senter for ekstremismeforsking ved Universitetet i Oslo har anslått at det i dag finst over 900 aktive hatgrupper i USA, inkludert 200 militsgrupperingar.

Ulike militsar finst over heile USA, men står sterkare i nokre av delstatane i sør, i Midtvesten og i vest enn andre stader, ifølgje Restad. Ho legg til at mange av dei høgreekstreme gruppene òg er sterkt væpna.

Thomas Seltzer er sjølv halvt amerikansk og står bak fleire dokumentarseriar om USA. Han poengterer at militsrørsla eksploderte i samband med avindustrialiseringa av området som vart kalla stålbeltet, no betre kjent som rustbeltet, nordaust i USA.

– Der arbeidsplassar vart kibba ut, blomstra militsrørsla opp. Misnøye vart gjort om til væpna organisering og motstand mot det folk opplever at har øydelagt livet og livsgrunnlaget deira: føderale styresmakter, styrt av storkapital og globalistar, som også styrer og eig media, seier han til Dag og Tid.

– Mange av desse militsrørslene kjem til å verte elda opp om Trump vinn valet, og om han taper, kjem dei til å vere overtydde om at det er snakk om valfusk, legg han til.

Thomas Seltzer er USA-kjennar.

Thomas Seltzer er USA-kjennar.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Nordirske tilstandar

Slik Seltzer ser det, er USA alt godt på veg mot noko som liknar ein borgarkrig. I boka Amerikansk karmageddon. Tanker om mitt fordømte fedreland, som han gav ut i 2022, skildrar han ein krig som geografisk kjem til å ha frontline mellom by og land, mellom den føderale militærmakta på den eine sida og milits- og ekstremistgrupper på den andre.

Han skriv at det i fyrste omgang vert snakk om opprør frå grupperingar som The State of Jefferson og American Redoubt, som begge ønskjer sjølvstende i eit område i nordvest, men at opprøret deretter kjem til å spreie seg til grupperingar i Midtvesten og i delar av sørstatane.

– Kor sterke er grupperingane du siktar til, og kva kan dei oppnå, slik du ser det?  

– Dei kjem aldri til å slå det amerikanske forsvaret. Ingen militsrørsler kan hamle opp med det. Og det kjem heller ikkje til å vere snakk om ein fullskala borgarkrig, slik som på 1860-talet. Men, spesielt om Trump taper valet, trur eg amerikanarane står overfor ein kvardag ikkje ulik det som har vore tilfellet i Nord-Irland i mange år: ein militarisert kvardag, med væpna folk overalt og med helikopter og dronar i lufta. Då kjem sterke militsgrupper til å drive lågintensiv terror, med sprenging av kraftstasjonar, bruer, vegar og annan infrastruktur for å svekkje staten, som mange av militsane meiner driv ei upatriotisk maktutøving i strid med grunnlova, seier han.

– Og dersom Trump vinn?

– Vinn Biden, vil vi heilt sikkert sjå ei oppskalering mot det som kan vere ein borgarkrig. Vinn Trump, startar opprøret ovanfrå. Han har jo sagt rett ut at han vil fjerne folk i ulike stillingar, i rettsvesen og føderale domstolar, og luke ut folk han ser som fiendar. Då kjem det til å verte bråk frå andre sida, og ikkje berre frå venstreaktivistar, men også frå eit breiare lag av befolkninga, seier Seltzer, og legg til:

– Det er viktig å ha med her at Trump i løpet av presidentperioden fekk innsett tre høgsterettsdommarar med bakgrunn frå den høgreradikale aktivistgrupperinga The Federalist Society, og at han sjølv har synt i både ord og handling at han ikkje bryr seg om grunnlova. Både Trump og resten av Det republikanske partiet jobbar hardt for å innskrenke tilgangen til valurnene for grupperingar der partiet tradisjonelt har låg oppslutning, og i tillegg har mange republikanskstyrte statar innført restriksjonar på offentlege protestar. Dei førebur seg med andre ord utvilsamt på motstand frå grasrota, seier han.

– Mykje farlegare

At det er ein viss fare for at det vert bråk uansett kven som vinn det amerikanske presidentvalet, er Civita-rådgjevar og USA-kjennar Eirik Løkke òg overtydd om.

– Sjå føre deg at Trump vinn med svært knapp margin, til dømes. Kva vil venstresida og demokratane gjere då? Biden kjem til å vere ansvarleg, men kva med elementa rundt? Det finst ytterleggåande og radikale rørsler på venstresida òg. Desse har tradisjonelt hatt mindre våpen, men dei kan likevel – i kraft av mistillit og demonstrasjonar – bidra til valdelege opptøyar, dei òg, seier han.

Men sjølv om det er fare for bråk og vald frå begge sider, kan ikkje dei to situasjonane jamførast, understrekar han.

– Trump er den største og mest alvorlege trugselen. Før fanst det ansvarlege politikarar, også i Det republikanske partiet, som tok klar avstand frå høgreekstreme synspunkt og grupperingar. At Trump no både omfamnar dei, og i tillegg har fått med seg etablissementet på sterke åtak på demokrati og rettsstat – gjennomsyra av autoritært tankegods og valdeleg retorikk – gjer at USA står i ein ekstremt mykje farlegare og alvorlegare situasjon enn på 1960-talet, då det var politiske attentat og gateslag, seier han.

– Men er det truleg at det kan utvikle seg til borgarkrig, slik du ser det?

– Det er litt avhengig av definisjonen. Ein borgarkrig som i 1861, med store massive hærar på kvar side, er lite truleg, men ein situasjon med aukande politisk vald, slik som situasjonen var i Nord-Irland, er ikkje heilt utenkjeleg, seier Løkke.

Restad kallar det forfriskande at ein byråkratisk rapport som den Canadas regjering no har fått, nyttar omgrepet «borgarkrig» om det som kan vente i USA.

– Det er veldig bra at rapporten gjer det, for vi må ikkje vere blinde for at USA er inne i ein svært spesiell periode. Vi kan ikkje gå rundt og late som om Trump er normal og det han seier og gjer, er normalt, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis