Utanriks

«Don't mention the war!»

Det kan sjå ut som fleirtalet av ukrainarar har lite frykt for noko som helst – korkje for Russland eller for covid-19.

Kievbuarar på julemesse ved St. Sofia-katedralen.
Kievbuarar på julemesse ved St. Sofia-katedralen.
Publisert

Kvar 31. desember, ti til femten minutt før det nye året tek til, vert det ukrainske folket lykkønskt av presidenten på TV. Denne sovjetiske tradisjonen har slege rot i Ukraina, til liks med somme andre sovjetiske vanar og ritual. Inntil 2015 lytta mange ukrainarar først til helsingane til det russiske folket frå den russiske presidenten Vladimir Putin klokka 22.50. Ein time seinare lytta dei til den ukrainske presidenten.

Etter utbrotet av krigen i Donbass og annekteringa av Krim vart russiske fjernsynskanalar slegne av i Ukraina, og med det nyttårshelsingane frå Putin. Sidan er det berre den ukrainske presidenten som har snakka om det nye året. I 2019, på ein av dei mest populære fjernsynskanalane, eigd av den største oligarken i Ukraina, Igor Kolomoisky, vart det ukrainske folket ønskt til lykke, ikkje av den daverande presidenten Porosjenko, men av TV-komikaren Volodymyr Zelenskyj, som samstundes kunngjorde at han stilte som presidentkandidat.

Krigen ikkje nemnd

Denne gongen, før byrjinga på 2022, på kanalen som tidlegare tilhøyrde den femte presidenten i Ukraina, Petro Porosjenko, og no er eigd av journalistane sjølve, lykkønskte Petro Porosjenko ukrainarane med det nye året, medan talen til Volodymyr Zelenskyj vart kringkasta rett etter midnatt. Den kringkasta nyttårstalen til Volodymyr Zelenskyj vara i 21 minutt.

Presidentkontoret innsåg at ikkje alle ville ha tolmod til å høyre heile talen, og la difor ut heile teksten på nettsida si. Meir som ein rapport om (politiske) sigrar og uløyste problem omfattar talen lister over dei viktigaste profesjonane i staten: militæret, legar, lærarar, idrettsfolk, gruvearbeidarar og så bortetter. I tillegg uttrykte presidenten, med openberr referanse til Russland, ønske om at «naboar ville kome med ei flaske (vodka) og kjøt i aspik, ikkje brase inn med våpen».

Dette var den einaste gongen krig vart nemnd. Denne gongen sa ikkje presidenten noko om at Russland på grensa til Ukraina har samla ein stor offensiv hær med logistikktenester, feltsjukehus og mobile drivstoffbasar meint for stridsvogner og anna utstyr. Men så er da dette også allmenn kunnskap, og ei påminning om ein mogleg militæroffensiv mot Ukraina ville neppe vore noko populært samtaleemne ved festbordet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement