Utanriks
Det som blir feia under teppet
Utan debatt om utanrikspolitikken blir det heller inga læring, meiner historikar Hilde Henriksen Waage.
– Mange uheldige konsekvensar av norsk utanrikspolitikk blir aldri problematiserte, fordi debatten uteblir, meiner Hilde Henriksen Waage.
Ho er professor i historie ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Institutt for fredsforsking og har mellom anna arbeidd mykje med fredsprosessen mellom palestinarane og Israel.
– For å bruke eit døme eg kjenner godt: Noreg har i årevis prøvd å byggje opp infrastrukturen til ein palestinsk stat som aldri blir noko av. Det er ingen debatt om pengebruken, om kvifor vi gjer dette, eller kva rolle Noreg har spela i fredsprosessen mellom Israel og palestinarane. Vi har ikkje hatt nokon diskusjon om konsekvensane av det norske bidraget i krigen mot IS, og lite debatt om kva den norske innsatsen i Afghanistan eigentleg førte til. Det er mange døme på ting som nærast har blitt feia under teppet, seier Waage.
– Når det ikkje er debatt om utanrikspolitikken, lærer vi heller ikkje noko av det vi har gjort. Det handlar ikkje berre om negative ting, men òg om det som har gått bra.
– Det er neppe sunt om utanrikspolitikken blir eit sjølvgåande system utan politisk diskusjon heime?
– Nei. Men dei som jobbar i UD, Forsvaret eller bistandsorganisasjonane har investert mykje av si tid og store ressursar. Når det går så dårleg som det gjorde i Afghanistan, er det veldig ubehageleg for dei som er i posisjon til å debattere det. Dei er ikkje interesserte i ein diskusjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.