Den lange marsjen til Taliban
Igjen herskar Taliban over Afghanistan. Korleis kunne denne rørsla reise seg etter det audmjukande nederlaget i 2001?
Taliban-krigarar på vakt utanfor flyplassen i Kabul 16. august 2021. Regjeringshæren ytte knapt nok motstand under den siste framrykkinga deira, og president Ashraf Ghani flykta frå landet.
Foto: Reuters / NTB
Taliban-krigarar på vakt utanfor flyplassen i Kabul 16. august 2021. Regjeringshæren ytte knapt nok motstand under den siste framrykkinga deira, og president Ashraf Ghani flykta frå landet.
Foto: Reuters / NTB
Utanriks
peranders@dagogtid.no
Når vi no ser dei kaotiske scenene frå evakueringa av Kabul og bileta av sjølvsikre, skjeggete krigarar som poserer i presidentpalasset, verkar det nær uskjønleg kor lett det var for amerikanarane og deira allierte å velte Taliban-regimet i 2001. Kombinasjonen av høgteknologiske åtak frå lufta og dei lokale bakkestyrkane til afghanske krigsherrar – inkludert krigarar på hesteryggen – dreiv styrkane til Taliban på flukt i løpet av nokre veker den hausten.
I dag står Taliban truleg sterkare enn nokon gong og har kontroll over så godt som heile Afghanistan – også område dei aldri erobra i 1990-åra. Det har skjedd etter nesten 20 år med krig mot ein overmektig fiende som var betre rusta på alle tenkjelege måtar, og som hadde langt fleire soldatar på bakken enn Taliban hadde. Men den afghanske hæren og politistyrkane som USA og andre vestlege land brukte nærare tusen milliardar kroner på å byggje opp, kollapsa nesten over natta da Taliban starta framrykkinga si for alvor. Og for å skjøne korleis alt dette er mogleg, er det verdt å sjå nærare på historia til Taliban-rørsla. Mykje av denne framstillinga byggjer på boka Taliban av den pakistanske journalisten Ahmed Rashid.
Ein hard skule
Taliban voks fram i løpet av borgarkrigen i Afghanistan i 1990-åra. Sovjetunionen hadde trekt seg ut av det øydelagde landet i 1989, men krigen heldt fram mellom det kommunistiske Najibullah-regimet og mujahedinane som hadde kjempa mot dei sovjetiske styrkane. Og så snart regjeringa fall, byrja dei ulike krigsherrane å krige mot kvarandre. Midt i dette kaoset dukka det i 1994 opp ei mystisk gruppe med djupt religiøse menn i områda kring Kandahar sør i landet, og dei gjorde rask framgang i krigen.
Taliban hadde røter i det sterkt religiøse mujahedinpartiet Harakat-e-Inqilab, som hadde kjempa mot Sovjetunionen, men ikkje var med i borgarkrigen som følgde. Den nye rørsla baserte seg på kommandantar med religiøs bakgrunn, og ein god del av Taliban-krigarane hadde vakse opp i flyktningleirar i Pakistan, der mange hadde bakgrunn frå koranskular. Ordet «talib» tyder elev, og desse elevane var indoktrinerte i ein ekstrem og puritansk versjon av islam som var nokså framand i store delar av det mangfaldige Afghanistan.
Etniske skilje
Ifølgje Ahmed Rashid visste mange av dei yngre Taliban-krigarane lite om det landet dei prøvde å erobre, og dei hadde lite erfaring frå krigen mot russarane. Men Taliban naut godt av økonomisk og militær hjelp frå Pakistan, der regjeringa og hæren såg på gruppa som ein reiskap for å sikre pakistanske interesser i det kaotiske nabolandet. I tillegg var etnisitet viktig: I borgarkrigen vart etniske og sekteriske skiljeliner ofte til skyttargraver. Taliban var ei nesten reint pashtunsk rørsle. Pashtunarane er den største folkegruppa i Afghanistan, og hadde vore politisk dominerande i landet gjennom 300 år. Men under borgarkrigen hadde andre folkegrupper, som usbekarar og tadsjikar, fått ein sterkare posisjon, og dette gjorde det lettare for Taliban å mobilisere lokale pashtunarar for saka si: Dei skulle få att den vande plassen sin som herrar i landet.
Vanstyret, korrupsjonen og herjinga til kommandantane i dei områda dei kontrollerte, gjorde det òg mogleg for Taliban å stå fram som ein slags redningsmenn: Taliban kunne tilby lov og orden i staden for kaos. Og for eit krigstrøytt folk kunne sjølv dei strengaste lover verke meir attraktive enn lovløyse. Alt i 1996 inntok Taliban Kabul, og dei vart visstnok godt mottekne av store delar av befolkninga, som vona at dette var slutten på lidingane. Det var det ikkje: Taliban ville ikkje dele makta med nokon, og innførte eit svært brutalt styresett som gjekk aller verst ut over kvinnene. I 1997 hadde rørsla fått kontrollen i det meste av Afghanistan. Unnataket var ein del nordlege provinsar, der krigsherrane i det som seinare vart kjent som Nordalliansen, klarte å halde stand.
Røvarkjøpet
Styret til Taliban fekk ein brå slutt i 2001. I borgarkrigen i Afghanistan hadde dei fått hjelp av krigarane til Osama bin Laden og al-Qaida, og det skapte eit lojalitetsband mellom Taliban-leiinga og terroristrørsla. Men å gje vern til bin Laden viste seg å vere eit fatalt mistak. Etter terroråtaka 11. september gjekk USA og andre Nato-land til krig i Afghanistan, og bombinga av Taliban-styrkane rydda vegen for krigarane til Nordalliansen. Ifølgje Ahmed Rashid mista Taliban kring 10.000 mann i denne krigen, omtrent ein femtedel av styrkane deira. President George W. Bush omtalte denne triumfen som «a bargain» – eit røvarkjøp, ein siger vunnen med liten kostnad for USA. Men den billege sigeren skulle koste dyrt. Fordi Nato-landa ikkje hadde sett inn nemneverdige bakkestyrkar, klarte både dei fleste al-Qaida-leiarane og mykje av hæren til Taliban å rømme til Pakistan, eller dei forsvann attende til landsbyane sine.
Den amerikanske regjeringa gjekk raskt over til å planleggje krigen mot Irak. I Afghanistan prioriterte USA «krigen mot terror», og dei første åra vart lite gjort for å etablere ein fungerande stat og ein effektiv hær i Afghanistan. Stadige bombeåtak og overgrep frå ein hær der tadsjikane var dominerande, forsterka misnøya blant pashtunarane. Og i ro og mak fekk Taliban byggje seg opp att i Pakistan, med hjelp frå den pakistanske hæren og etterretninga. I 2003 byrja rørsla igjen med spreidde åtak sør i Afghanistan, og dette auka på i åra som følgde.
Ny frammarsj
Igjen kunne Taliban hauste frukter av vanstyret til dei som herska i landet. I det «frigjorde» Afghanistan fekk dei gamle krigsherrane stort sett gjere som dei ville, så lenge dei ikkje utfordra den skøyre sentralmakta eller amerikanarane for mykje. På denne tida var det berre nokre få tusen utanlandske soldatar i landet, og Nato-soldatane heldt seg i Kabul. Den spinkle afghanske staten stødde seg på kommandantar med fryktelege rulleblad og tok somme av dei inn i regjeringa. Ein amerikansk senator som heitte Joe Biden, kritiserte denne lina i 2002 og kom med ei skarp åtvaring: «USA har erstatta Taliban med krigsherrane (...). Vi gjer dei faktisk til kjernen i strategien vår.»
Særleg blant pashtunarane sør i landet var mistilliten til sentralmakta stor, og Taliban voks seg stadig sterkare. Alt i 2004 kontrollerte dei mykje av landsbygda i sørlege provinsar som Helmand, og dei fekk igjen store inntekter frå skattlegging av opiumsproduksjonen. Og da Nato-landa til slutt erkjende faren, utvida Isaf-styrken så det mona og prøvde å ta kontrollen over landet, vart det igjen full krig sør i Afghanistan. Taliban gjekk slett ikkje berre etter militære mål. I 2006 åleine brende dei ned 187 skular og drap 85 lærarar og meir enn 600 politifolk, ifølgje tal frå FN. Og medan Taliban gjorde sitt beste for å øydeleggje det regjeringa og utanlandske gjevarar bygde opp, laga Taliban sin eigen skuggeadministrasjon og eigne domstolar i landsdelane der dei stod sterkt.
Den gode krigen
Da Barack Obama tok over som president i USA i 2009, erklærte han at Afghanistan var «den gode krigen», den USA måtte vinne, medan Irak var den dårlege krigen som måtte avsluttast. Men sjølv om USA og Nato-landa mangedobla styrkane sine i Afghanistan – på det meste var det over 150.000 utanlandske soldatar i landet – var det ikkje nok til å slå ned Taliban. Heller ikkje dei store investeringane i den afghanske hæren gav særlege resultat anna enn på papiret.
Også dei utanlandske forsøka på å omforme Afghanistan til eit demokrati, kosta dyrt og gav små resultat. Ahmed Rashid fortel om eit grelt døme frå Helmand-provinsen, der britiske styrkar kjempa i seks veker og mista 37 soldatar i strevet for å sikre området før presidentvalet skulle haldast i 2009. Ein av byane dei erobra, var Babaj, med kring 80.000 røysteføre. Av desse røysta berre 150 innbyggjarar i valet det året. Truleg var folk livredde for Taliban, og kanskje visste dei òg at det uansett var fåfengt å røyste: Hamid Karzaj vann som venta, og valjukset skal ha vore av enorme proporsjonar.
Taliban styrkte seg ikkje berre militært i desse åra, dei utvida òg repertoaret sitt. Da dei kom til makta i 1990-åra, forbaud Taliban fjernsyn, radio og alle andre massemedium. Men dei hadde lært ein del av al-Qaida og tok etter kvart i bruk både radiosendingar og internett i propagandaen sin. Og medan Taliban i starten hadde vore ei løyndomsfull og lukka rørsle, byrja talsmenn i Pakistan å gje intervju til journalistar for å få fram bodskapen. I 2009 var til dømes talsmann Zabiullah Mujahid svært tydeleg om amerikanarane i eit intervju med CNN: «Afghanistan blir eit nytt Vietnam for dei. Vi kjem til å vinne, og dei kjem til å døy.»
Ein repetisjon
Gjennom dei siste ti åra har Taliban arbeidd systematisk vidare for å styrkje posisjonen sin, både med ekstrem brutalitet og smidig posisjonering. Dei har spreidd frykt gjennom terroråtak, også i sentrum av Kabul, og har vist at regjeringa ikkje kan sikre folk tryggleik verken i hovudstaden eller på bygda. Taliban har bygd nye alliansar og har no vunne kontrollen også i dei nordlege provinsane som dei aldri klarte å erobre i 1990-åra. Dette tyder på at rørsla har klart å skape ein viss tillit også blant andre etniske grupper enn pashtunarane.
Ikkje minst har Taliban drege nytte av vanstyret og den ekstreme korrupsjonen i det statsapparatet som vestlege land har brukt så mykje pengar på å byggje opp. Og dei mange dødelege mistaka frå Nato-styrkane og regjeringshæren, mistak som har kosta mange sivile liv, har vore gåvepakkar for Taliban.
I mangt og mykje minner situasjonen no om stoda da Taliban kom til makta i 1990-åra. Afghanarane har levd med krig i over 40 år, og ingen kunne sjå nokon ende på krigen så lenge den utanlandskstøtta regjeringa til Ashraf Ghani sat ved makta. Kan hende verkar òg den harde puritanismen til Taliban meir attraktivt for mange afghanarar – i alle fall for mange mannlege afghanarar – enn det kleptokratiet som Vesten har finansiert dei siste 20 åra.
Motivasjon
Trass i alt dette er det ikkje lett å skjøne korleis Taliban kunne ta over landet så fort. Dei skulle i utgangspunktet vere klart underlegne militært. Kor mange soldatar dei har, er usikkert, men det amerikanske militæret meiner Taliban rår over kring 80.000 mann. Og sjølv om den afghanske regjeringshæren og politiet hadde mange «spøkjelsessoldatar» som berre fanst på papiret for å sikre offiserane ekstra pengar i lomma, skal den reelle styrken ha vore kring 250.000 mann. I tillegg var regjeringshæren langt betre utrusta enn Taliban. Men korrupsjonen undergrov òg kampevna og stridslysten til soldatane: Mange stader kom ikkje forsyningar fram til soldatane fordi pengane eller varene var blitt borte på vegen. Og utan mat kan ingen kjempe.
Men den viktigaste forklaringa ligg i motivasjonen til dei stridande, meiner Carter Malkasian, ein tidlegare rådgjevar for dei amerikanske styrkane i landet. Han tok nederlaget på forskot i boka The American War in Afghanistan som kom ut i juli, og gjer eit forsøk på forklare utfallet. Malkasian siterer ein religiøs leiar i Taliban-rørsla i Kandahar: «Taliban kjempar for tru, for himmelen og for å drepe vantru. Hæren og politiet slåst for pengar. (...) Korleis skal hæren og politiet kunne konkurrere?»
Tolmodet
I tillegg spelte Taliban effektivt både på religion og på afghansk historie, meiner Malkasian. Kampen mot utanlandske okkupantar har lange tradisjonar i Afghanistan, her har imperium etter imperium lidd nederlag, og den historia er ei kjelde til patriotisme for mange afghanarar. «Taliban klarte å knyte seg til afghansk religion og identitet på ein måte som ei regjering alliert med ikkje-muslimske utanlandske okkupantar ikkje kunne matche», skriv Malkasian.
Til sist er det ein faktor til som må nemnast. Både Taliban og sivilbefolkninga i Afghanistan kunne vere sikre på ein ting: Dei utanlandske styrkane kom ikkje til å bli verande i Afghanistan for alltid, og den overtydinga kan ha framskunda det mange såg på som det endelege utfallet uansett. Ei utsegn frå ein Taliban-leiar i Quetta i 2008 har blitt sitert så mykje at ho har blitt ein klisjé, men setninga kling sant i dag: «De har klokkene, men vi har tida.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.