JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Åtti års atterhald

I Tyskland er jakta på ein ny utanrikspolitisk identitet i full gang. Spesielt regjeringspartiet SPD er midt i ei stor sjelegransking.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
SPD-sjef Lars Klingbeil (t.v.) saman med den ukrainske utanriksministeren Dmytro Kuleba tidlegare i år.

Foto: Michael Kappeler / AP / NTB

8412
20220708

Bakgrunn

Den 21. juni heldt SPD-leiar Lars Klingbeil ein tale på ein konferanse i regi av den sosialdemokratiske Friedrich-Ebert-stiftinga.

I talen la han fram sine tesar for den tyske utanrikspolitikken.

Klingbeil kravde at Tyskland må ta ei leiande rolle i den internasjonale politikken.

I tillegg kravde han ei «normalisering» av forholdet tyskarane har til militæret.

Talen vart møtt med mykje motstand i Klingbeils eige parti.

Kjelder: Die Zeit, Der Spiegel

Tyskland

jesper@dagogtid.no

«Tyskland må hevde å vere ei leiande makt», sa SPD-leiar Lars Klingbeil i ein tale til den partinære Friedrich Ebert-stiftinga for snart to veker sidan. «Etter knappe 80 år med atterhald har Tyskland i dag ei ny rolle i det internasjonale koordinatsystemet», hevda Klingbeil.

I eit land som sidan den andre verdskrigen har hatt ei pasifistisk haldning i ryggmergen, kom det reaksjonar. Leiaren av det sosialdemokratiske ungdomspartiet, Jessica Rosenthal, var raskt ute og slo fast at dette var ei «fullstendig feiloppfatning av Tysklands rolle i verda». Spesielt frå den sterke venstresida i partiet har det hagla kritikk.

Dermed har SPD-sjefen nådd det målet han hadde sett seg: debatt. For dei tyske sosialdemokratane er blant dei som i det lengste har halde seg fast til gamle utanrikspolitiske sanningar.

Russisk gass

I partiet står enno minnet etter Willy Brandt sterkt. Den tidlegare kanslaren tok imot Nobels fredspris for sin Ostpolitik – forsøket på å nære seg den gamle austblokka. Eit vellukka prosjekt som enda i gjenforeininga av dei to tyske statane, men som etter murens fall muterte til eit handels- og næringsprosjekt best illustrert gjennom at tyskarane har gjort seg avhengige av russisk gass. Det kostar ikkje berre tyske forbrukarar dyrt. (I desse dagar reklamerer den tyske regjeringa i dei største avisene for å ta klesvasken på 30 grader for å spare energi.) For dei baltiske statane og Polen var bygginga av to gassrøyrleidningar gjennom Austersjøen eit svik støypt i stål og betong, som Peter Dausend og Jörg Lau skriv i avisa Die Zeit. Eit spørsmål om eksistens.

Etter Russlands åtak på Ukraina er det ikkje lenger mogleg. Både Tyskland og SPD leitar etter ein ny utanrikspolitisk identitet. Det vekte oppsikt utover landegrensene då kanslar Olaf Scholz utropte eit «tidsskilje» i den tyske utanrikspolitikken berre tre dagar etter det russiske åtaket på Ukraina. Det innebar våpenleveransar til Ukraina og ei storstilt opprusting av det tyske militæret. Men utover det har det vore stille frå kanslaren. Tidsskiljet står der utan innhald. Riktig nok har stabssjefen til kanslaren, Wolfgang Schmidt, nyleg uttalt at ingen enno riktig veit kva tidsskiljet inneber – at det er eit dynamisk konsept. Det var Klingbeils tale meint å bøte på.

Knefallet

Førre veke drog så SPD-sjefen vidare til Polen, ein symboltung stad for den sosialdemokratiske utanrikspolitikken. Det var her, framfor minnesmerket over opprøret i gettoen i Warszawa, Willy Brandt fall på kne den 7. desember 1970 og tok på seg skulda for dei tyske brotsverka under den andre verdskrigen – eit viktig utgangspunkt for forsoninga mot aust. Den gongen var ikkje den nybakte partileiaren Klingbeil ein gong fødd.

I Polen ville Klingbeil synleggjere at SPD har teke ei ny vending i Russland-politikken. Vekk frå partnarskap og bindingar, mot ei meir konfronterande haldning. Det er frå aust kritikken mot den tyske utanrikspolitikken dei siste åra har vore hardast. For Russland-venleg og for vaneskapande har han vore – spesielt på energifronten. I fleire år åtvara austlege allierte mot bygginga av Nord Stream 2-røyrleidninga. Det er samstundes i aust frykta har vore størst mot eit sterkt Tyskland.

No krev både ukrainarar, polakkar og sterke røyster i dei baltiske statane meir tysk leiarskap. For sakte og for seint, det har vore stemninga i kritikken av den tyske statsleiinga den siste tida. Først same dag som Klingbeil heldt talen sin, valde det tyske forsvarsdepartementet å publisere ei liste over kva våpen landet har levert til Ukraina. Altfor seint i auga til fleire allierte.

På pressekonferansen i etterkant av nedlegginga av blomar på minnesmerket i Warszawa spurde ein tysk journalist Klingbeils polske partikollega frå partiet Nowa Lewica (Nye venstre) om han ikkje var redd for den militære opprustinga til nabolandet i vest. Tvert imot, svara partileiaren. Han ønskte seg fleire tyske stridsvogner. Også det er eit tidsskilje.

Demokratisamlaren

Kanslaren sjølv er verken ein stor retorikar eller ein mann av store ord. Som «den mumlande kanslaren» eller «Scholzomaten» – eit ordspel på ein kjedeleg maskin – vert han omtala. «Aldri hysterisk, aldri fornærma» – det er mottoet til den tidlegare borgarmeisteren i Hamburg. Det same gjeld i utanrikspolitikken. Der Klingbeil talar om Tyskland som «leiande makt», seier partifelle Scholz «etter avtale med våre partnarar».

Sjølv om kanslar Scholz til no har vore stille rundt sine strategiske, utanrikspolitiske val, har han vore aktiv på reise- og besøksfronten. I skuggen av Ukraina-krigen har Scholz reist rundt for å forhindre ein blokkonflikt mellom G7- og Brics-landa. Frankrike, Japan, Tyskland, Storbritannia, USA, Italia og Canada på den eine sida. Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika på den andre. Alle dei sistnemnde landa – unnateke Brasil – avstod eller røysta imot då FNs generalforsamling vedtok ein resolusjon som fordømde Russlands åtak på Ukraina tidlegare i år.

Alt i slutten av mai drog Scholz på statsbesøk til Senegal, Niger og Sør-Afrika. Aldri før har ein tysk kanslar reist til det afrikanske kontinentet så tidleg i valperioden. I Pretoria overhøyrde han at den sørafrikanske president Cyril Ramaphosa kalla han «kanslar Schulz». Han overhøyrde òg då presidenten kalla krigen i Ukraina ein «konflikt» mellom to statar. Men då presidenten sa at kanslaren hadde uttrykt sympati for dei landa som hadde avstått frå å fordømme krigen, vart Scholz uvanleg tydeleg: «Det er uakseptabelt, og det kan eg heller ikkje akseptere».

Skepsis i Sør-Afrika

I Sør-Afrika er skepsisen mot dei vestlege sanksjonane stor. Landet har alt sagt seg villig til å importere meir russisk olje – trass i sanksjonane frå både USA, EU og Storbritannia. Auka drivstoffprisar og ustabilitet i matforsyninga gjer at fleire afrikanske land er uroa som følgje av krigen i Ukraina.

I tillegg har Scholz søkt kontakt med statssjefen i verdas største demokrati, Narendra Modi. «Min første telefonsamtale med ein utanlandsk statsleiar var med min ven kanslar Scholz», sa den indiske statsministeren på vitjing i Berlin i mai – den første utanlandsreisa til den indiske statssjefen i år. India er ein av statane med tettast band til Russland.

«Vi må ikkje gå inn i fella til Putin når han seier at verda er delt mellom ein global vest – G7-landa og våre vener i nord – mot resten. Det er ikkje sant. Over heile verda finst det demokrati som har perspektiv som liknar veldig på vårt, sa Scholz i eit intervju med den tyske TV-kanalen ZDF på G7-toppmøtet i Bayern.

Difor vart fem land inviterte til samtalar med kanslaren og dei andre G7-landa i etterkant av toppmøtet. Både India, Indonesia, Senegal, Sør-Afrika og Argentina fekk kome til slottet i Elmau. Indonesia var ein spesielt viktig gjest, av di landet er arrangør av neste G20-møte som skal gå føre seg på Bali. Der har Vladimir Putin alt sagt han vil vere til stades – trass i forsøk frå USA og allierte på å halde den russiske presidenten vekke frå arrangementet. Landet er strategisk viktig med tanke på både Russland og Kina. Medan Kina lokkar med storstilte investeringar, er indonesiarane meir uroa for framgangen i det geografisk nære Sør-Kina-havet.

Prinsipp

Med den 44-år gamle SPD-sjefen og utanriksminister Annalena Baerbock frå partiet Dei grøne har ein ny politikargenerasjon innteke den tyske politiske scena. Dei krev ein meir prinsipporientert og handfast utanrikspolitikk. Baerbock skal snart gå i gang med arbeidet med ein heilskapleg nasjonal tryggleiksstrategi. Strategien vil sannsynlegvis gje meir svar på kva veg tyskarane vel å gå framover. Om han stadfestar ønsket om å vere ei leiande verdsmakt, er nok heller tvilsamt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Tyskland må hevde å vere ei leiande makt.»

SPD-leiar Lars Klingbeil

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis