– Vert dramatisk for Maduro
– Fleire og fleire kjem til å anerkjenne Guaidó som president,
seier professor Benedicte Bull.
Lukkast opposisjonen med å ta over makta i Venezuela, vil dei kunne løyse nokre av problema i landet ganske fort, trur professor Benedicte Bull.
Foto: Carlos Garcia Rawlins/Reuters
Samtalen
Benedicte Bull
professor ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo
Aktuell
Utviklinga i Venezuela

eva@dagogtid.no
Opposisjonsleiar Juan Guaidó prøver å ta makta i Venezuela, og president Nicolás Maduro nektar å gå av. Benedicte Bull er professor ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo og leiar for Norsk nettverk for Latin-Amerika-forsking.
– Kva trur du skjer i landet i dagane og vekene framover?
– Eg trur opposisjonen held fram med å byggje parallelle styresmakter. Dei har utnemnt ambassadørar og byggjer mellom anna eit alternativt valråd. I tillegg trur eg at USA kjem til å øve stadig sterkare press mot landet, økonomisk og med ulike typar militære truslar, og at andre land følgjer etter. Fleire og fleire kjem til å anerkjenne Guaidó som president og gje opposisjonen tilgang til pengar og økonomisk samarbeid. Det vert dramatisk for Maduro.
– Så Guaidó kjem til å vinne fram på sikt?
– Kvar det endar, er framleis litt vanskeleg å sjå, men det dei internasjonale aktørane håpar på, er at Maduro vert så pressa at han må gå med på nyval og ei overgangsregjering. Maduro seier han vil ha dialog, men han er jo ikkje interessert i å forhandle om eiga makt, så det verkar berre som uthaling av tid. Det kjem ikkje opposisjonen til å gå med på.
– Presidentvalet var i mai. Kvifor er det fyrst no Guaidó utfordrar Maduro?
– Vanlegvis held Venezuela val i desember, og det er konstitusjonelt bestemt at presidentperioden byrjar 10. januar. Men dette valet vart gjennomført i eit slags institusjonelt vakuum, sidan det var nedsett ei grunnlovgjevande forsamling året før som overstyrer alle andre institusjonar. Valet var òg fullt av irregularitetar. Det er vanskeleg å hevde at valet var demokratisk og i tråd med grunnlova. Likevel var det fyrst frå 10. januar opposisjonen kunne hevde at Venezuela ikkje har ein lovleg valt president og dimed kan velje presidenten i nasjonalforsamlinga som mellombels president fram til eit nyval. I tillegg var opposisjonen svært fragmentert og svekt gjennom heile fjoråret.
– Maduro seier forsøket på maktovertaking er USA-leidd. Er det noko rett i det?
– Det er støtta av USA, ja, og USA har vore informert og hatt dialog med opposisjonen på førehand. Eg trur ikkje dei hadde kome nokon veg utan.
– Kva har USA å vinne på å støtte Guaidó?
– Amerikanarane har mellom anna interesser i oljesektoren. Dei er interesserte i å få landet på fote att og ser ikkje at Maduro kjem til å gjere det. Det er òg ein sterk lobby av venezuelanarar i USA, og Venezuela er av geopolitisk interesse. Når det er sagt, trur eg ikkje interessene er så sterke at USA vil risikere å gå inn militært. Det ville gjeve eit langvarig blodbad og kosta enormt.
– EU har enno ikkje anerkjent Guaidó som mellombels leiar.
–?EU vil anerkjenne Guaidó om det ikkje vert skrive ut nyval innan åtte dagar. Det trur eg ikkje kjem til å skje, så slik sett står ikkje EU langt frå lina til USA. Kanskje har dei valt strategien for å syne ei sjølvstendig line og gje Maduro sterkare grunn til å forhandle.
– Kva følgjer trur du innblandinga utanfrå får på sikt, internt i landet?
– Det kjem an på kva rolle internasjonale aktørar spelar i ein overgangsperiode. Syter dei for at chavistane òg får ein rettvis avtale og sit att med æra i behald, kan det gå bra. Om ikkje vil dette halde fram den djupe polariseringa og gje store problem framover.
– Kor stor tilhengjarskare har Maduro?
– Snittet av målingane siste tida tyder på at rundt 20 prosent vil støtte han uansett. Nokre målingar seier 30 prosent. Det går litt opp og ned avhengig av inflasjonen og om det er mat å få i butikkane, heilt grunnleggjande ting.
– Korleis kan opposisjonen få landet ut av økonomisk krise og mangel på mat og medisinar?
– Eg trur dei kan få skikk på nokre ting ganske fort. Dei vil nok lette pris- og valutakontrollar som reduserer inflasjonen og dimed kunne importere mykje meir. Eit nyval vil òg gjere at sanksjonane vert oppheva. På lang sikt må dei byggje opp heile produksjonsapparatet i landet. Det vil ta tid og vere vanskeleg i ein overgangsperiode.
– Opposisjonen har vore splitta internt og er prega av høgreorientert politikk. Kva tilseier at alt vert betre?
– Dei har alt samla seg om å lage ein ny økonomisk strategi for landet. Eg meiner òg det er ein myte at dei er så frykteleg høgreorienterte. Dei har folk frå både ytre høgre og ytre venstre. Dei siste åra har mange tidlegare chavistar gått over til opposisjonen, og tyngdepunktet er flytta mot venstre. I Venezuela handlar dessutan politikk mindre om ideologi enn om fordelinga av oljepengar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ein myte at opposisjonen er så frykteleg høgreorientert.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.