JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

– Oslo er nøytral grunn

Denne veka har ein delegasjon frå Taliban vore i dialog med aktivistar og diplomatar på Soria Moria hotell i Oslo. Heilt naturleg, meiner forskar Arne Strand.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Representantar for Taliban hadde denne veka samtalar om menneskerettar og naudhjelp på Soria Moria hotell i Oslo.

Foto: Torstein Bøe / NTB

5266
20220128

Samtalen

Arne Strand

seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt

Aktuell

Taliban-samtalar i Oslo

jesper@dagogtid.no

Sist sundag landa 15 representantar frå Taliban på Gardermoen. I tre dagar forhandla dei med både afghanske menneskerettsforkjemparar og internasjonale diplomatar før dei drog heim tysdag kveld. Det er første gong representantar for Taliban-regimet gjestar eit vestleg land etter at dei tok over makta.

Arne Strand er seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt i Bergen.

­– Kva meiner du om at Noreg legg til rette for ein dialog med Taliban i Oslo? Er det rett eller gale?

– Det er det einaste logiske. Ein dialog er inga anerkjenning av regimet, men ei pragmatisk løysing for å hindre at befolkninga lir. Samstundes handlar det om å konvertere ein krigarkultur inn i ein dialog. Me veit at dei er gode til å krige, no må me prøve dei ut på dialogfronten. Oslo vert lakmustesten på kor langt dei er villige til å strekkje seg.

– Kvifor gir me Taliban legitimitet ved å hente dei til Noreg? Kunne ein ikkje ført dialogen i nærområda?

– Slik møtet i Oslo var lagt opp, gav ikkje Noreg Taliban legitimitet. For å møte dei utfordringane Afghanistan står overfor, må ein snakke med makthavarane der. Når Noreg prioriterte deltaking frå det afghanske sivilsamfunnet, var Oslo den beste staden. Mange av dei vågar ikkje å reise til Kabul, og land som Pakistan, Iran eller Qatar vert ikkje sette på som nøytrale partar i denne konflikten.

– Kvifor er akkurat Noreg den rette staden?

– Oslo er nøytral grunn. Noreg har opparbeidd seg tillit over lang tid gjennom bistand og diplomati i Afghanistan. Samstundes har me vore ein pådrivar for fred og spesielt kvinnerettar internasjonalt.

– Kor mykje gjennomslag kan ein vente seg?

– Taliban vektlegg gode samtalar med USA, det trur eg er ein nøkkel for vegen vidare. Samstundes har dei lova å opne jenteskular opp til tolvte klasse. Mykje har handla om å eksponere Taliban for andre synspunkt i det afghanske sivilsamfunnet, mellom anna kvinnerettsorganisasjonar.

– EU vil betale lærarlønene i to månader om dei held lovnaden om å la jenter gå på skulen. Korleis følgjer ein opp det?

– Det er ikkje så vanskeleg. Nokre av skulane er drivne av internasjonale hjelpeorganisasjonar, så dei melder ifrå. Og med sosiale medium spreier ting seg raskt. Om ein har mekanismar for å finne ut kor mykje narkotika det er sør i landet, skal ein òg klare å finne ut om elevane går på skulen. Det handlar berre om vilje til å systematisere kunnskapen.

– Korleis er den humanitære situasjonen i Afghanistan no?

– Landet er prega av ei enormt stor humanitær krise. Over 20 millionar står ifølgje FN i fare for akutt svolt. Likevel må ein ha med seg at situasjonen hadde vore ille utan Taliban òg. Afghanistan har lenge vore plaga av tørke, noko som har ført til matmangel og intern flukt. Alt vart endå verre då vestlege land kutta bistanden.

– Kva slags følgjer fekk det?

– No er Afghanistan nesten totalt avhengig av bistand. På lang sikt har begge partar difor interesse av å få økonomien opp å gå igjen. Ein dialog er heilt naudsynt om det skal skje. Dilemmaet er at me har med ein stat å gjere. Når me gjev pengar til ein ikkje-statleg organisasjon, har me meir kontroll på pengebruken.

– Kva er vestlege land opptekne av i dialogen?

– Vesten er spesielt oppteken av to ting utover kvinnerettar: å hindre migrasjon og terrorisme. Det er enkle krav for Taliban å gå med på. For å sikre den stabiliteten må dei betre den humanitære situasjonen. Difor må begge partar kome kvarandre i møte. Taliban må levere på menneskerettar, og vestlege land må komme med naudhjelp.

– Handlar det ikkje no i hovudsak om å hindre ein svoltkatastrofe? Kvifor forhandlar ein då om kvinnerettar?

– Kravet om jente- og kvinnerettar har vore på dagsordenen sidan Taliban tok makta i august 2021. Då stengde dei jenteskular og hindra kvinner frå å arbeide i det offentlege. Kravet om sikring av grunnleggjande menneskerettar har halde fram også etter at svoltkatastrofen etter kvart vart tydelegare.

– Kva er vegen framover for Afghanistan?

– Det grunnleggjande spørsmålet er kva forhold me skal ha til dei framover. Dei kan snakke med andre land som ikkje har same forståing av sivilsamfunn eller menneskerettar som me, til dømes Russland og Kina. Då er det viktig å vere ein korreks til det.

– Men korleis kan vestlege land jobbe for å betre situasjonen i landet?

– Indre press er viktigare enn ytre press. Afghanarane må vilje det sjølv. Me kan ikkje tvinge dei til det, det var det som gjekk gale sist gong. Så er det viktig å hugse på at Afghanistan har endra seg enormt dei siste 20 åra. Det gjer det enklare å gjennomføre krav.

– Kva har skjedd?

– Befolkninga har vorte eksponert for den vestlege verda både gjennom skulegang og sosiale medium. I tillegg har det utvikla seg ein middelklasse som ikkje fanst den gongen. Det er eit heilt anna press på Taliban no enn før. Om dei trør feil, må dei rekne med eit opprør.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ein dialog er inga anerkjenning av regimet, men ei pragmatisk løysing for å hindre at befolkninga lir.

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis