JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

– Kan ha nytte av Prigozjin

Opprøret til Prigozjin trua ikkje berre Putin, men også Lukasjenka-regimet i Belarus, seier Arve Hansen, rådgjevar i Helsingforskomiteen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Wagner-leiar Jevgenij Prigozjin forlet Rostov-na-Donu 24. juni.

Foto: Alexander Ermochenko / NTB

4671
20230630

Samtalen

Arve Hansen

rådgjevar i Helsingforskomiteen

Aktuell

Opprøret til Wagner-leiar Prigozjin

4671
20230630

Samtalen

Arve Hansen

rådgjevar i Helsingforskomiteen

Aktuell

Opprøret til Wagner-leiar Prigozjin

sofie@dagogtid.no

Det var ei intens helg då Wagner-gruppa, med Jevgenij Prigozjin i spissen, marsjerte mot Moskva. Stod den russiske leiinga i fare for å bli styrta? Men så snudde Prigozjin. Den belarusiske presidenten Aljaksandr Lukasjenka hadde tatt rolla som meklar; korkje Wagner-sjefen eller leigesoldatane hans skulle stillast for retten. Tvert om vart dei inviterte til Belarus. Kva vil dette ha å seie for posisjonen til Belarus og Lukasjenka?

Arve Hansen er rådgjevar i Helsingforskomiteen. Han har studert i Minsk, arbeidd i Kyiv og Murmansk og drive med feltarbeid i Ukraina.

– Kvifor tok Lukasjenka rolla som meklar i denne situasjonen?

– Eg ser fleire moglege grunnar. Det viktigaste er nok at opprøret til Prigozjin ikkje berre trua Putin, men indirekte også Lukasjenka-regimet. I 2020, då store delar av Belarus protesterte mot valfusk og alvorlege brot på menneskerettane, var det berre med hjelp av politisk og økonomisk støtte frå Kreml at Lukasjenka overlevde. Skulle Putin bli styrta, er det slett ikkje sikkert at etterfølgjaren hans vil prioritere å beskytte den belarusiske diktatoren.

– Kva kan måten Lukasjenka handterte dette på, ha å seie for han på lengre sikt?

– Det kan vere med på å sikre posisjonen hans i framtida. Måten han handterte dette på, passar godt inn i Lukasjenkas framstilling av Belarus som ein uvurderleg alliert av Russland, slik Belarus var under andre verdskrigen. Lukasjenka har no klart å skape blest om seg sjølv og har scora mange PR-poeng på det som skjedde. Ikkje minst i Russland.

– Wagner-gruppa er ein hær av leigesoldatar. Kva nytte kan Lukasjenka ha av dei?

– Det kan godt vere at han, som han sjølv seier, ønskjer å gjere nytte av kunnskapane og Wagner-soldatane internt i Belarus. Prigozjin er ein skruppellaus krigsforbrytar som ikkje skyr noko middel for å oppnå måla sine. Den militære erfaringa han har frå Afrika, har gjort han til ein ekspert på opprør. Kanskje vil Lukasjenka bruke Prigozjin til å utslette opposisjonen i landet. I tillegg er det mange belarusarar som slåst på ukrainsk side i krigen, og dei har uttala at målet deira er å fri Belarus frå grepet til Lukasjenka. Dei har no fått mykje militær erfaring og har tilgang på våpen. Dette veit Lukasjenka.

– Korleis vil nærværet av Wagner påverke handlingsrommet til opposisjonen?

– Det er for tidleg å seie noko om det, men det er klart at opposisjonen følgjer nøye med på leigesoldatane. For éin ting er å slåst mot Lukasjenkas enorme, undertrykkjande maktapparat, noko som er vanskeleg nok i seg sjølv; det er noko ganske anna å vite at ei gruppe sadistar, torturistar og krigsforbrytarar, med brei militær erfaring, har blitt tilsette for å beskytte presidenten.

– Du seier at Lukasjenka kan ha nytte av Wagner-gruppa. Men Russland har jo også plassert atomvåpen i Belarus. Kan ikkje dette heller svekkje sjølvstendet til landet?

– Mange belarusarar meiner at landet allereie har mista alt sjølvstende og har vore under russisk okkupasjon sidan 2020. Dei har for så vidt rett i at Lukasjenka har bytt delar av suvereniteten til landet mot nokre fleire år ved makta.

– Putin har mista kontrollen over Wagner-hæren. Vil Lukasjenka klare å halde dei i taumane?

– Det er for tidleg å seie. Heile regionen har vore ustabil i fleire år, og det er særs vanskeleg å seie korleis krigen kjem til å verke inn på maktbalansen mellom desse krigsherrane. Det som er heilt sikkert, er at korkje Putin, Lukasjenka eller Prigozjin står støtt.

– Fleire seier at Putin er svekt etter opprøret til Prigozjin, men er det mogleg at han heller kan klare å bruke det til å styrkje sin eigen posisjon?

– Det er nokre som spekulerer i om dette er planlagt av Putin for å identifisere interne fiendar. Men i så fall er det eit ekstremt høgt spel han speler. Eg trur heller at Putin stod fram som svak og handlingslamma for mange russarar.

– Kva er ditt inntrykk av stabiliteten i den russiske staten i lys av det som skjedde i helga?

– Putin har over fleire år bygd eit politisk system basert på ei rekkje uavhengige tryggingsstrukturar som alle svarer til Putin. Wagner er unik fordi gruppa opererer i Russland heilt utan omsyn til russiske lover og reglar. Det at ein er avhengig av eit slikt system, er i seg sjølv eit teikn på store indre politiske problem. Men når Wagner snur seg mot si eiga leiing og truar med borgarkrig, er det klart at illusjonen av stabilitet har forsvunne.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis