Utanriks

– Ideologiar er som narkotika for intelligente menneske

For lingvisten John McWhorter er den identitetspolitiske venstresida ei dogmatisk sekt som trugar meiningsfridomen og demokratiet.

Delar av venstresida har mutert til ei religiøs rørsle, hevdar John McWhorter.
Delar av venstresida har mutert til ei religiøs rørsle, hevdar John McWhorter.
Publisert

McWhorter har alltid vore vanskeleg å plassera. Fyrsteamanuensisen i ling­vistikk ved Columbia-universitetet i New York er tilhengar av Demokratane, men har samstundes kritisert trussetningane til den progressive leiren. Han har skulda antirasismerørsla i USA for å infantilisera svarte amerikanarar. Nyss har han skrive artikkelserien The Elect (Dei utvalde), der han argumenterer for at delar av venstresida i USA har forlate universalismens og empiriens grunn og mutert til ei religiøs rørsle.

– John McWhorter, for kort tid sidan åtvara den franske presidenten Emmanuel Macron mot ein venstredogmatisme som skvulpar over til Europa frå akademiske krinsar i USA og trugar meiningsfridomen. Er dei amerikanske universiteta i ferd med å bli ein fare for den frie verda?

– Så sterkt vil eg ikkje seia det. Men me opplever korleis fridomen til kunsten og den intellektuelle debattkulturen er i ferd med å bli avløyst av ei kvasireligiøs verdsåskoding, der alt dreier seg om kampen mot maktstrukturar. Ho rokkar ved kjernen i opplysingsprosjektet og er difor farleg. Denne nye religionen har ei djup mistru til fornufta. Ho blir erstatta av kjenslene til menneske som går for å vera offer for eit repressivt system.

Kansellerte røyster

– Fenomenet blir drøfta under ulike slagord: «woke-revolusjon», «cancel culture», «identitetspolitikk». Kan du forklara kva desse omgrepa tyder?

Woke var det ein fram til for fem år sidan kalla folk som trudde at dei gjennom analyse av makttilhøva hadde oppnådd eit heilt nytt og opplyst blikk på realitetane. Omgrepet har sidan endra seg. No syner det til den delen av venstresida som tykkjer det er naudsynt å bannlysa folk frå den offentlege samtalen. Slik vil dei tvinga gjennom verdsåskodinga si.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement