Utanforpartiet inn i varmen
Sverigedemokraterna sit tett på den nye svenske regjeringa, men ikkje tettare enn at det kan vere eit tøft opposisjonsparti, og styrkje seg endå meir til neste val, seier Hilde Sandvik.
Fire partileiarar kom saman til Riksdagen for å presentere den nye trepartiregjeringa i Sverige. F.v. Johan Pehrson (L), Jimmie Åkesson (SD), Ulf Kristersson (M) og Ebba Bush (KD).
Foto: Jessica Gow/TT / NTB
Ein månad etter valet er no den nye svenske regjeringa klar. Moderaterna-leiar Ulf Kristersson skal styre landet saman med Kristdemokraterna (KD) og Liberalerna, og Sverigedemokraterna (SD) er – for fyrste gong – teken inn i varmen som støtteparti i Riksdagen og skal ha politiske tenestepersonar i regjeringa.
Hilde Sandvik er programleiar i podkasten Norsken, svensken og dansken, og kjenner det svenske samfunnet godt.
– Kva tenkte du då du såg Sverigedemokraterna-leiar Jimmie Åkesson kome saman med Ulf Kristersson, KD-leiar Ebba Bush og Liberalernas leiar Johan Pehrson for å presentere regjeringa?
– Eg tenkte at det var på tide. Det handlar ikkje om at eg er begeistra for Åkesson, men eg meiner det å la så store delar av politikken handle om å halde eitt parti ute frå samarbeid, som det har gjort i Sverige, det går ikkje lenger. No får Sverigedemokraterna prøvd seg litt. Samstundes er Kristersson tydeleg på at dei ikkje kjem til å få den store makta det vert påstått at dei får. Dei er ikkje med i dei inste krinsane i regjeringa, men dei har fått fleire komitéleiarverv i Riksdagen.
– Kva inneber støttepartiposisjonen konkret?
– Dei får ei meir behageleg opposisjonsrolle der dei til dels styrer, eller regjeringa styrer på SD sin nåde, medan dei framleis kan vere det tøffe opposisjonspartiet. Dei kjem ikkje til å oppleve det Frp og SV opplevde med å verte shanghaia med i regjeringa og dermed tape brodd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.