Utanforpartiet inn i varmen
Sverigedemokraterna sit tett på den nye svenske regjeringa, men ikkje tettare enn at det kan vere eit tøft opposisjonsparti, og styrkje seg endå meir til neste val, seier Hilde Sandvik.
Fire partileiarar kom saman til Riksdagen for å presentere den nye trepartiregjeringa i Sverige. F.v. Johan Pehrson (L), Jimmie Åkesson (SD), Ulf Kristersson (M) og Ebba Bush (KD).
Foto: Jessica Gow/TT / NTB
Samtalen
Hilde Sandvik
programleiar i podkasten Norsken, svensken og dansken
Aktuell
Ny regjering i Sverige

eva@dagogtid.no
Ein månad etter valet er no den nye svenske regjeringa klar. Moderaterna-leiar Ulf Kristersson skal styre landet saman med Kristdemokraterna (KD) og Liberalerna, og Sverigedemokraterna (SD) er – for fyrste gong – teken inn i varmen som støtteparti i Riksdagen og skal ha politiske tenestepersonar i regjeringa.
Hilde Sandvik er programleiar i podkasten Norsken, svensken og dansken, og kjenner det svenske samfunnet godt.
– Kva tenkte du då du såg Sverigedemokraterna-leiar Jimmie Åkesson kome saman med Ulf Kristersson, KD-leiar Ebba Bush og Liberalernas leiar Johan Pehrson for å presentere regjeringa?
– Eg tenkte at det var på tide. Det handlar ikkje om at eg er begeistra for Åkesson, men eg meiner det å la så store delar av politikken handle om å halde eitt parti ute frå samarbeid, som det har gjort i Sverige, det går ikkje lenger. No får Sverigedemokraterna prøvd seg litt. Samstundes er Kristersson tydeleg på at dei ikkje kjem til å få den store makta det vert påstått at dei får. Dei er ikkje med i dei inste krinsane i regjeringa, men dei har fått fleire komitéleiarverv i Riksdagen.
– Kva inneber støttepartiposisjonen konkret?
– Dei får ei meir behageleg opposisjonsrolle der dei til dels styrer, eller regjeringa styrer på SD sin nåde, medan dei framleis kan vere det tøffe opposisjonspartiet. Dei kjem ikkje til å oppleve det Frp og SV opplevde med å verte shanghaia med i regjeringa og dermed tape brodd.
– Kor mykje makt får partiet?
– Det er tydelege avtrykk frå Sverigedemokraterna i regjeringsplattforma, ikkje minst i innvandringspolitikken. Sverige vert no eit av Europas strengaste land i innvandringspolitikken, etter å ha vore blant dei mest liberale. Partiet har òg fått gjennomslag i spørsmålet om kriminalitetsnedkjemping, der regjeringa no har føreslege meir utbreidd DNA-testing og å kunne utvise og sende tilbake utanlandske statsborgarar som gjer noko kriminelt. Desse forslaga er såpass radikale at det alt no går ein høglydt diskusjon om kor vidt dei trugar rettstryggleiken. Samstundes har Sverigedemokraterna òg fått gjennomslag i spørsmål om nivået på A-kassan (arbeidsløysetrygd, journ. merk.), som Moderaterna har ønskt å redusere.
– Kva trur du det gjer med partiet å vere medansvarleg for politikken som vert ført?
– Spørsmålet er i kor stor grad regjeringa får gjennomført det ho har sagt ho skal. Å gjere noko med kriminaliteten er jo til dømes ikkje gjort i ei handvending. Det er uansett ikkje lett å vekse på denne typen politikk når ein sit i regjering. Utanfor regjering treng ikkje Sverigedemokraterna å ta like mykje ansvar. Dei kan kome til å rope at dei ikkje vert høyrde, ikkje får ansvar og ikkje får gjennomslag, og så, ved neste val, få endå fleire røyster.
– Kva parti oppfattar du at Sverigedemokraterna er i dag?
– Det er jo eit høgrepopulistisk parti, samstundes som det er eit parti som ønskjer høge skattar. Dei har brukt mykje tid på å reinske ut ein del av dei brune isletta i partiet, men det er ikkje meir enn nokre få dagar sidan ein politikar vart kasta ut av partiet etter ein Instagram-kommentar om Anne Frank. Men det er reinska ut, og partiet har meir og meir vorte Jimmie Åkessons parti.
– Det har teke Kristersson ein månad å få på plass regjeringa. Kva har vore det mest utfordrande?
– Det er at Sverigedemokraterna ikkje har ønskt å samarbeide med Liberalerna og omvendt. Den 26 år gamle nye miljøministeren frå Liberalerna har jo i valkampen sagt at det ikkje kom på tale å samarbeide med Sverigedemokraterna.
– Kva har Liberalerna fått for å gå inn i denne konstellasjonen?
– Dei har mellom anna fått ministerpostar innan utdanning, arbeid og integrering, som er tunge og viktige felt for partiet.
– «Vårt enskilt största svenska ekonomiska och sociala problem beror på stor invandring i kombination med misslyckad integration». Det høyrest ut som eit sitat frå Sverigedemokraterna, men det er frå statsminister Ulf Kristersson då regjeringa vart presentert. Kva for parti kjem til å flytte seg lengst av dette samarbeidet?
– Heile det politiske feltet i Sverige, bortsett frå Vänsterpartiet og Miljöpartiet de gröna, har flytta seg kolossalt. Til og med Magdalena Andersson snakka i valkampen om somali-towns. Det ville vore heilt uttenkjeleg berre for eitt år sidan.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dei kjem ikkje til å oppleve det Frp og SV opplevde.
Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE