Utan tradisjonsvenstre tapar venstresida Dei svenske høgrepartia har fordelt seg attmed global-/tradisjonsaksen. På venstresida har partia klumpa seg saman i globalfeltet.

Dei svenske høgrepartia har fordelt seg attmed global-/tradisjonsaksen. På venstresida har partia klumpa seg saman i globalfeltet.

Publisert

Du ser det ikkje i overskriftene, men framgangen til høgresida og tilbakegangen til venstresida er den tydelegaste tendensen mellom svenske veljarar. Styrketilhøvet ligg no kring 60/40 i favør av høgresida. Så seint som i valet i 1994 var det motsett.

Med stønad frå 58 prosent av veljarane har høgresida gjort sitt beste val på hundre år.

Veljarflukt

Den klare tendensen speglar sjølvsagt veljarflukta frå venstresida. Ser ein vekk frå Miljöpartiet (MD), fekk dei opphavlege venstrepartia berre 36 prosent av røystene i valet sundag. Etter valet i 1994 hadde Socialdemokraterna og Vänsterpartiet reint fleirtal aleine. Tar ein med MD, var dei raudgrøne i klart fleirtal så seint som ved valet i 2002.

Tendensen er tydeleg. Høgresida har berre vakse og vakse i dei sju siste riksdagsvala, med om lag 10 prosent i tiåret, frå kring 40 i 1994, via om lag 50 i 2006 til nær 60 prosent no.

Berre to gongar tidlegare har høgresida i fleire val på rad fått fleirtal. Det hende i 1920-åra, før arbeidarrørsla vart parlamentarisk sterk, og i 1970-åra, då borgarlege Centerpartiet fanga opp miljørørsla.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement