Ut i ureint farvatn

Brexit endrar spelereglane i fiskeria i Europa. Norske fiskekvotar kan kome under press frå både Storbritannia og EU.

?Statsminister Boris Johnson har gjeve store lovnader til britiske fiskarar om velsigningane med brexit. Utmeldinga frå EU kan få følgjer også for norske fiskarar.
?Statsminister Boris Johnson har gjeve store lovnader til britiske fiskarar om velsigningane med brexit. Utmeldinga frå EU kan få følgjer også for norske fiskarar.
Publisert

Internasjonal fiskeriforvalting er særs kompliserte saker, ei usalig blanding av storpolitikk, bytehandel, økonomi og biologi. Men i nokre tiår har forvaltinga av fiskebestandane i dei nordeuropeiske hava vore imponerande stabil. No fører den britiske utmeldinga av EU til at mange av korta i spelet må delast ut på nytt. Og det er ikkje gjeve at denne omstokkinga vil vere til fordel for den største spelaren ved bordet – det vil seie Noreg.

Vi kjem attende til norske interesser, men først må vi innom det britiske perspektivet. Om ein ser reint økonomisk på saka, er det underleg at fiskeria fekk spele så stor rolle i kampanjen for brexit – og det er underleg at fiskeria nett no ser ut til å vere ei av dei største hindringane for ein brexit-avtale mellom Storbritannia og EU. Dette er ei marginal næring: Dei britiske fiskeria og fiskeindustrien på land står ikkje for meir enn 0,12 prosent av BNP – det er mindre enn kjøpesenteret Harrods i London, har uromantiske britiske kommentatorar påpeika.

Men Storbritannia er ei gammal verdsmakt på havet og ei tidlegare fiskeristormakt, og striden om fiskeressursane har djup historisk klangbotn. Og territoriell strid av dette slaget vekkjer ofte sterke kjensler. Også i nokre av dei attverande EU-landa har det gått prestisje i kampen om fisk og skaldyr – særleg i Frankrike.

Dårleg deal

Det er liten tvil om at britane har kome dårleg ut av den felles fiskeripolitikken til EU. Ingen andre EU-land har så store marine ressursar i den økonomiske sona si, og britane har hatt lite å hente i andre EU-farvatn: I 2019 var fangstane til fiskarar frå andre EU-land i britisk sone verd seks gonger så mykje som fangstane britiske fiskarar tok i farvatna til andre EU-land.

Korleis fiskerisamarbeidet blir når Storbritannia får rå over sin eigen økonomiske sone, er heilt uvisst. Kanskje vil dei byte bort nokre fiskekvotar mot innrømmingar frå EU på andre felt. Men at britiske fiskarar kjem betre ut enn dei gjorde i EU, kan vi ta for gjeve. Statsminister Boris Johnson kan ikkje gå attende på alle dei store lovnadene han har gjeve fiskarane. Men britane kan òg prøve å hente kvotar frå ein annan motpart enn EU: Noreg, landet som rår over dei desidert største fiskeressursane i Europa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement