Ustadige kvinner og lystne menn
«På møyar-ord er uvisst å lite og på det som kvendi kved.»
Den siste boka til Helene Uri, Hvem sa hva? Kvinner, menn og språk, handlar om korleis språk er forma av forholdet vårt til kjønn. Språk gjev oss roller og fordeler makt.
Og det lærer både menn og kvinner kven som har makta, kven som har stemma, kven som har rett til å vurdera, kva kriterium som ligg til grunn for ei vurdering – og kven som er objektet som skal vurderast.
Dei fleste omtalane av boka til Uri løftar fram kjønnsladde uttrykk i kvardagsspråket, slik som «sutrekjerring», og «å manna seg opp». At språk formar forholdet vårt til kjønn, dreier seg om langt meir enn dette, og handlar om kjensler, fornuft, stemmer og blikk. Ikkje minst handlar det om at språket fortel oss kva som er forventa av oss ut frå kva kjønnsorgan me tilfeldigvis måtte ha.
Hjarte og hjerne
Kva slags roller vert me fortalde at me skal fylla? For vel hundre år sidan skreiv språkforskaren Cederschiöld at «hos kvinnan dominerar känslan, hos mannen förståndet». Det logiske framhaldet er at ein kjenslevar mann er umandig, medan ei forstandig kvinne er ukvinneleg.
Når vitskapsfolk har meint at det finst eit eige «kvinnospråk», er dette akademisering av kjønnsoppfatningar som finst på latin hos Ovid for heile 2000 år sidan, og på gammalfransk hos hoffpoeten Chrétien de Troyes på 1100-talet.
Oppfatninga av kvinner som ustadige og upålitelege finst også i det norrøne visdomsdiktet Håvamål, nedskrive på 1200-talet, men sannsynlegvis langt eldre enn det. Strofe 84 fortel at «På møyar-ord er uvisst å lite og på det som kvendi kved.» Det ungjenter eller kvinner seier, skal du altså ikkje stola på.
Kven er så mottakaren, denne «du»? Dette kan ikkje vera anna enn råd frå ein mann til andre menn. Strofa har ein mannleg avsendar, ein mannleg mottakar, og eit mannleg blikk, og held fram med: «For på kvervande hjul deira hjarto var skapte, brigd i brjost var lagd.» Hjartet vårt er skapt i det som er i evig rørsle – og brigde, det som er ustadig, vart lagt i oss frå starten.
Individ eller kollektiv
Ein fransk kollega spøkte med at desse tekstane var skrivne av menn som nettopp hadde blitt dumpa av kjærasten. Det er for lettvint å plassera dette som eldre tids hemnporno, hatmeldingar og offentleg uthenging i digitale medium. At det er kvinnefiendtlege oppfatningar som framleis gjer skade, rår det ikkje tvil om.
Men desse tekstane er slett ikkje åtak på enkeltkvinner, dei er reine generaliseringar om kva kvinnenaturen er. Me er skapte på kvervande hjul, veit ikkje vårt eige beste, og seier nei når me eigentleg meiner ja. Det er dermed ingen grunn til å respektera orda våre – og det finst mellomaldertekstar som instruerer menn til å ignorera kvinners nei, leggja handa i skrittet på dei og oversjå motstanden, fordi begge snart kjem til å vera nakne og mennene tilfredsstilte.
Det kling av 2000 år med #metoo og førestillingar om ustadige kvinner, og menn som veit best og lystar mest.
Ingvild Brügger Budal er førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen i Bergen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Desse tekstane er slett ikkje åtak på enkeltkvinner, dei er reine generaliseringar om kva kvinnenaturen er.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.