USAs eineståande kjendispolitikkMedan politikken i Noreg held fram med å vere grå og tåkefyrsteprega, vil amerikanarane erstatte éin urøynd kjendispresident med ein annan.

Medan politikken i Noreg held fram med å vere grå og tåkefyrsteprega, vil amerikanarane erstatte éin urøynd kjendispresident med ein annan.

Publisert

Korleis blir ein statsminister i Noreg? Du må berre melde deg inn i et parti, gå gradane og få deg kompetanse og erfaring. Ja, og så bør du ikkje tafse så mykje på andre i partiet, då.

Korleis blir ein så president i USA? Du må berre inn i eitt av to store parti, skaffe deg mektige støttespelarar og bygge deg opp solid erfaring over tid. Ja, og så bør du bli kjendis fyrst – då kan du til og med stryke nokre av punkta over.

Medan norsk politikk stadig blir meir profesjonalisert utan at det plagar oss stort, har amerikanarane løyst elitepolitikkproblemet sitt med å velje inn ein kjent forretningsmann og TV-profil. No ryktast det at berre ein like kjent person kan slå den sitjande presidenten, og at kjendispolitikken markerer eit skilje i amerikansk politisk historie.

Fleire kommentatorar meiner demokratane ikkje lenger kan sitte på elitegjerdet sitt og himle med auga. I 2020 må dei møte eld med eld, kjendis med kjendis, Donald Trump med Oprah Winfrey.

Men er det eigentleg nytt at kjendisar utan erfaring trer inn i amerikansk politikk? Og kvifor kan ikkje ein kjendis bli statsminister i Noreg? For å finne svaret må vi langt ned i korleis nasjonane forstår seg sjølv.

Starte verda på ny

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement