– USA treng Europa
KØBENHAVN: Ja, den tryggingspolitiske situasjonen for Norden er meir usikker enn på lenge, men USA trekkjer seg neppe ut med det fyrste, seier Henrik Ø. Breitenbauch, som leier det danske Center for Militære Studier.
Donald Trump gjer dei fleste av oss nervøse, men Henrik Ø. Breitenbauch trur ikkje Trump vil trekkja seg attende frå Europa med det fyrste.
Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB scanpix
Dei fleste av oss er nervøse – i det minste om vi har ein hang til å vera negative – for vår eigen tryggleik. Vil USA under Donald Trump halda fram med å vera tryggingspolitisk reservebank for verda generelt og Skandinavia spesielt? Og har ikkje Trump eit poeng når han seier at vi betaler altfor lite for forsvaret vårt? Det varierer med kor sterk den norske krona er, og kor svak den russiske rubelen er, men i gjennomsnitt dei siste 20 åra har Noreg nytta meir på trygder enn det Kreml har nytta på det militære. I eit slikt perspektiv er Trumps irritasjon forståeleg. Er difor tida som Jona i den amerikanske kvalbuken over?
Vi treng trøyst. Henrik Ø. Breitenbauch er leiar for Center for Militære Studier ved Københavns universitet. I artikkelen «Det store nordiske rum: Trump, Putin og geopolitikkens uafvendelighed» – som vi har lånt omgrepet «tryggingspolitisk reservebank» frå – skriv Breitenbauch i konklusjonen: «Vil det gå så galt? Næppe. USA’s egeninteresse i den europæiske sikkerhed er for stor, inertien i den liberale verdensordens mekanismer i den amerikanske stats strukturer er for tung, til at selv en potentielt revisionistisk præsident hurtigt vil kunne lægge kursen så markant om.»
Feil røykjelaks
Men dette skreiv Breitenbauch for to år sidan. Meiner han det same no? Vi møter han til ein jolefrukost i København. Røykjelaksen vi et, er elles frå den russiske interessesfæren, inst i Austersjøen. Det er visst lenge sidan danskane brydde seg om Noreg. Det er no så. Breitenbauch er elles realist sjølv om han seier han saknar det dansk-norske riket. Den fyrste læresetninga til realistar er at statar gjer absolutt alt for å overleva. Han byrjar med å gjera oss nervøse.
– Eg trur det er all mogleg grunn til å vera særs uroleg for tryggleiken vår. Vi er ikkje lenger i den perioden vi kan definera som etterkaldkrigstida, som var prega av stadig aukande tryggleik. Vi har gått inn i ein ny æra med minkande tryggleik.
Inga trøyst der, altså. Men når det er sagt:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.