Reportasje

Gamle søner av Noreg

DEL 5: Vi køyrer ti mil for å ete pizza, og treffer ein etterkomar av sluppefolket.
 

Dette er Norway i Illinois, og det var her – langs Fox River – sluppefolket til slutt enda opp. Bygget bak bensinpumpene er Norway Store, og like bakom der igjen ligg kyrkja som i dag husar Norsk Museum. Vegen forbi har fått namnet Cleng Peerson Memorial Highway.
Publisert Sist oppdatert

Så stille her er.

Sola heng alt høgt på himmelen over den tette lauvskogen av eik og bøk og lønn, men enno er det nattkjøle og glitterdogg i graset. Fuglane kvitrar og syng, det er ein framand song. Eit vindpust, lauvet raslar, ei bie stangar mot glaset.

Dette er jo presis dei same lydane som sluppefolket høyrde då dei vakna i Fox River-dalen i 1835, for noko endrar seg ikkje over hundreår, noko vil alltid vere ved det same.

Ein grasklippar startar opp, Vetle vaknar. Eg slår på fjernsynet, og rommet på Holiday Inn Club Resort fyllest av skrål.

This is Fox News...

Det er måndag. Yeehaw!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement