Kommentar
Urovekkjande om fransk muslimsk ungdom
Ei ny stor undersøking om muslimske tenåringar skakar den franske ålmenta.
6814 franske 15-åringar, elevar i andre klasse i den franske vidaregåande skulen som er muslimar, kristne eller religionslause (etter eigne opplysningar), har teke del i undersøkinga.
Foto: Jacques Brinon / AP / NTB scanpix
I fleire tiår har det vore vanskeleg å diskutere framvoksteren av islamisme i Frankrike, ikkje minst sidan det lenge har vore opportunt å sjå «radikalisering» av muslimar som uttrykk for at dei gjekk mot venstre og kunne gje tilskot til ein sosialistisk politikk. Dette har då også i stor grad forstyrra diskusjonane om terroren i landet, især sidan 2015. Uviljen mot å ta omsyn til religiøse oppfatningar som grunnlag for sosial handling, har også vore sterk, med di han støyter imot oppfatninga om kva ein medborgar i ein sekulær stat er.
Haldningar til islam
Ein fersk rapport skaper skrekk med di han brigdar det ein trudde var gjevne fakta om haldningar til islam. Det var uventa å få vite at i muslimske ungdomsmiljø er det mange ungdommar (81 prosent) som meiner at islam er sannare enn all vitskap (såleis evolusjonslæra), 32 prosent av unge muslimar meiner det ikkje er så farleg å bryte lova, 20 prosent av dei meiner det er rett å forsvare islam med vald, og 13 prosent kunne tenkje seg å gjere det sjølve. 70 prosent ville ikkje ha delteke i offentlege markeringar i sorg over offera for Charlie Hebdo-attentatet i januar 2015. Elles er over halvparten prega av eit lite liberalt syn på homofili, likestilling og det ein elles reknar som vanlege demokratiske haldningar i Frankrike.
Rapporten kom ut 30. mars med tittelen La tentation radicale. Enquête auprès des jeunes (Den radikale freistinga. Ei undersøking mellom ungdom), skriven av sosiologane Olivier Galland og Anne Muxel på oppdrag frå det franske Forskingsrådet (CNRS), i samarbeid med grupper på Sorbonne og Science-Po, to av dei mest ærverdige forskingsinstitusjonane i landet.
Materialet er svar frå 6814 franske 15-åringar, elevar i andre klasse i vidaregåande skule. Muslimar, kristne og religionslause (etter eigne opplysningar) har teke del i undersøkinga.
Sentral faktor
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.