Urokkeleg i støtta si til predikantane

Same kva avsløringar som kjem om norske mirakel­predikantar, kan dei rekne med støtte frå avisa Norge IDAG.

Finn Jarle Sæle, Norge IDAG-redaktør, og Anita Apeltun Sæle overrekte ein heiderspris til Svein-Magne Pedersen under sommarstemnet til avisa på Bildøy i juni. Prisen er ein statuett som forestiller Moses med dei ti boda.
Finn Jarle Sæle, Norge IDAG-redaktør, og Anita Apeltun Sæle overrekte ein heiderspris til Svein-Magne Pedersen under sommarstemnet til avisa på Bildøy i juni. Prisen er ein statuett som forestiller Moses med dei ti boda.
Publisert

Det er tunge tider for norske mirakelpredikantar. TV-pastoren Jan Hanvold, mannen bak TV Visjon Norge, kom ikkje godt frå NRK-dokumentaren Pengepredikanten i 2016. Hanvold lova velsigningar til dei som gav pengar til Visjon Norge, samla inn over ein milliard og bygde opp eit eigedomsimperium. No strevar selskapet hans økonomisk.

I år har VG hatt fleire kritiske artiklar om predikantane Svein-Magne Pedersen og Tom Roger Edvardsen, som båe har tilbydd forbøn mot betaling og lova at Gud kunne kurere folk for sjukdomar med dei sjølve som mellommenn. Vennesla-baserte Pedersen dreiv fram til i sommar ei Teletorg-teneste der han tilbaud forbøn for folk til 14 kroner minuttet. Pedersen har mellom anna hevda at Gud kunne kurere kreft og HIV via bønene hans. Han har i tillegg kritisert skulemedisinen: I 2013 stod det på nettsida hans at «Kreftforskningen har stått nesten på stedet hvil de siste 60 årene, og kreftbehandling har vært lite vellykket.»

Gjennom stiftinga Misjonen Jesus Leger har Pedersen òg bede om pengar til 24 barneheimar i India der organisasjonen hadde «2000 munner å mette». VG avdekte i november at Pedersen berre har finansiert to barneheimar, og den einaste som er i drift, tilbyd berre leksehjelp.

Stiftingstilsynet har no opna sak mot Misjonen Jesus Leger. Etter VG-sakene i sommar la Pedersen og Edvardsen ned tenestene sine på Teletorget. Forbrukartilsynet meiner at dei to driv ulovleg marknadsføring for alternativ behandling i kvart sitt blad – «Legedom» og «Helbredet» – og trugar no predikantane med tvangsmulkt.

Full støtte

Men same kva avsløringar som har kome om predikantane: Avisa Norge IDAG, med Finn Jarle Sæle som redaktør, skriv aldri eit vondt ord om Pedersen, Edvardsen eller Hanvold, men forsvarer dei i tjukt og tynt. Sæle og Hanvold har òg eit forretningssamarbeid: I 2007 gjekk Kristen Mediaallianse, eigarselskapet bak Norge IDAG, saman med Visjon Norge om kjøpet av Forum Kino i Bergen, som skulle omgjerast til vekkingssenter. Da Svein-Magne Pedersen oppretta eit avdelingskontor i lokala i 2007, sa han til Bergens Tidende: «Vi skal fylle hele salen med folk som vil bli friske av kreft og alle andre sykdommer.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement