Uroa av aggressiv ungdom

Autoriteten til politiet er på eit minimum, meiner politileiar i Stor-Bergen Morten Ørn. Bråket kring Sian-demonstrasjonen sist helg var eit illustrerande døme.

Politiet var ikkje førebudd på aggresjonen dei møtte frå motdemonstrantar under Sian-markeringa på Festplassen i Bergen førre laurdag. Foto: Eivind Senneset / NTB scanpix
Politiet var ikkje førebudd på aggresjonen dei møtte frå motdemonstrantar under Sian-markeringa på Festplassen i Bergen førre laurdag. Foto: Eivind Senneset / NTB scanpix

Førre laurdag vart leiaren av Sian (Stopp islamiseringen av Norge), Lars Thorsen, angripen av motdemonstrantar under ein lovleg demonstrasjon på Festplassen i Bergen sentrum. Motdemonstrantane retta òg aggresjonen sin mot politiet, som var til stades for å sikre ytringsfridommen og tryggleiken på staden. Til tider var situasjonen ute av kontroll.

– Kvifor var det nødvendig å bruk tåregass når mange av motdemonstrantane var ungdommar?

– Det var for skape både tid og rom. På dette tidspunktet vart sperringane dytta mot scena. Det hagla med stein og gjenstandar mot dei som jobba der. Vi skulle ivareta Sian-personen som vart skadd og få dei andre Sian-medlemmane og utstyret inn i bilar. Samstundes måtte vi omrokere personale på ein ordentleg måte. Det mest hensiktsmessige då var å bruke tåregass. Det ga effekt, slik at vi fekk den arbeidsroa vi ønska. Vi hadde heller ikkje tid til å sjekke legitimasjon og alder på ungdommane.

– Det høyrest ut som om mykje skjedde på ein gong. Unge folk demonstrerte også utanfor politihuset i Bergen. Trur du at angrepa var planlagde og koordinerte, eller er det snakk om ei rekkje sjølvstendige hendingar?

– Vi har ein arbeidshypotese om at det som skjedde på Festplassen er koordinert. Alt skjedde så fort og på same tid. Dette må vi undersøkje og avkrefte eller stadfeste. Det som skjedde kring politihuset, var at barn og ungdommar opptredde i flokk. Vi veit at det vart sendt meldingar og bilete i sosiale medium til folk som ikkje var der, som ein kan oppfatte som oppfordring om at dei må komme seg til byen. Det ser ut som om dei meiner dette var ein slags leik, og at dei var under massesuggesjon. Våre mannskap nådde ikkje fram til dei. Om det var ein eller fleire leiarar, har eg ikkje nokon oppfatning om, men vi såg at enkelte personar var veldig aktive. Dei tok vi hand om.

– Bergensavisa (BA) skriv at elleve arresterte var i alderen 13 til 17, og at nokre av dei fekk hendene stripsa. Kvifor skjedde det?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement