JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Unyansert

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2019
20220902
2019
20220902

Snart skjer det. Kanskje skjedde det alt seint i august, om ikkje skjer det no i september. Dei plar aldri venta heilt til oktober. Eg snakkar om meteorologar, journalistar og folk på sosiale medium som melder om at no er det indian summer.

Snart skjer det. Snart kjem far min, snikkar og flisespikkar, stabbande inn på kjøkenet medan han ristar oppgitt på hovudet over kor uvitande norske meteorologar, journalistar og nordmenn generelt er. For litt sol og varme i september, eller seint i august, er ikkje nødvendigvis indian summer.

Indian summer heiter det om gradestokken bikkar 21, fyrst etter at det har vore kuldegrader og frost. Det er i alle fall definisjonen i USA, der omgrepet kjem frå. Dette var tida urfolket nytta til å gå på bisonjakt før vinteren kom. Dagane med kuldegrader hadde teke knekken på myggen, så denne opninga med sommar var ypparleg til jakt utan å verta plaga av myggstikk.

Me brukar feile ord heile tida og misser nyansar når me tuklar med varmegradene.

Er du krenkt, eller er du snurt, forsmådd, lei deg, såra? Kanskje kjenner du deg treft?

Vart personen mobba? Var ein mobb – ein gjeng eller flokk – etter vedkommande? Eller vart han plaga, egla eller terga?

Hengde han seg? Altså, hang heile kroppen over bakken i eit tau festa om halsen? Eller kvelte han seg, sitjande eller i kneståande?

Det gjer ikkje nødvendigvis saka betre om ein plagar i staden for å mobba, eller kveler seg i staden for å hengja seg, men det er meir presist.

Dessutan må me vera påpasselege når me tek ord frå USA. Me seier scooter om ein liten motorisert moped, så når me fyrst får ein scooter på marknaden, altså det som på engelsk heiter scooter, må me kalla han sparkesykkel.

I staden for å tvihalda på indian summer kan me gå over til å kalla det husmannssommar, som alt er eit norsk ord for denne tida me meiner.

Eller me kan gje blaffen. I Noreg et me svin, drikk alkohol, me mobbar og hengjer oss, og seier indian summer når det er litt høgtrykk om hausten. Snart skjer det.

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis