Unnasluntring med den store resesjonen
Kvifor nedturen vara så mykje lenger enn han skulle.
Figur 1.
Illustrasjon: Federal Reserve of St. Louis
Det har gått ti år sidan Lehman Brothers-konkursen sende det globale finanssystemet ut i fritt fall. Kvifor er denne datoen annleis enn kva annan dato som helst? Inga særskilt årsak. Men jubileum ved runde tal har evne til å gje folk ein grunn til å sjå attover på røynsler, og kan hende til og med lære av det. Så korleis tek svaret på krisa seg ut ti år etter? Tja, det kunne ha vore verre. Men det kunne – og skulle – ha vore mykje betre.
Og spørsmålet er: Skjønar vi det? Og svaret på det er: Kva meiner du med «vi», kvite mann? Nokre av oss skjønar det utilstrekkelege med krisehandsaming – men det har vi i grunnen alltid gjort. Men dei som stod i vegen for å gjere det som burde vore gjort, med svært få unntak, har ikkje sett feila dei gjorde, og konsekvensane det fekk, i auga.
Lat oss starte med det som gjekk bra, på eit vis. Stilte overfor ei overhengande finansiell nedsmelting gjorde politikarar stort sett det som måtte gjerast for å avgrense skaden. Tiltaka deira omfatta bergingspakkar til bankane, som burde vore meir rettvise – altfor mange bankfolk vart berga saman med bankane sine – men som var effektive. Det var òg mange naudforsyningar med kreditt, som var lite kjende, men viktige – til dømes det å oppretthalde kredittrammene for dollar til sentralbankar utanfor USA.
Resultatet var at den akutte fasen til finanskrisa, som eg framleis tenkjer på som «herregud, vi kjem til å døy alle i hop»-fasen, var relativt kortvarig. Han var skremmande og gjorde enorm skade – USA mista seks og ein halv millionar jobbar i løpet av året etter Lehman-konkursen. Men som du kan sjå i figur 1, vart graden av finansielt stress snøgt mindre i 2009, og var meir eller mindre attende til det normale i løpet av sommaren.
Likevel, kjapp finansiell betring skapte ikkje kjapp betring for økonomien som heilskap. Som figuren syner, var arbeidsløysa høg i mange år; vi kom ikkje attende til noko som likna full sysselsetjing før langt ute i den andre perioden til Obama.
Kvifor gav ikkje finansiell stabilitet ei rask vending attende til det normale? Fordi finansielt samanbrot ikkje var det viktigaste i den kraftige nedgangen. Den verkeleg store faktoren var bustadbobla – som bankkrisa var eit symptom på. Då bustadbobla sprakk, leidde det direkte til eit dramatisk fall i bustadinvesteringar, som det går fram av figur 2. Det var i seg sjølv nok til å skape ein djup resesjon, og vegen opp att var både langsam og ufullstendig.
Fallet i bustadprisane øydela òg mykje av økonomien til hushalda, og svekka forbruket allment.
Så kva skulle vi ha gjort for å kome på beina snøggare? Det private forbruket var krympa; den monetære politikken var ineffektiv ettersom renta var i nærleiken av null. Difor trong vi fiskal ekspansjon, ein kombinasjon av å bruke pengar og skattekutt.
Og vi fekk The American Recovery and Reinvestment Act (ARRA) – Obamas tiltakspakke, ofte kalla «Obamas stimulus». Men han var for liten, og endå viktigare, han vart fasa ut altfor tidleg; sjå figur 3.
Du kan seie at ingen kunne sjå for seg ein slik vedvarande nedtur. Du kan seie det – men du ville ta feil om du sa det. Mange, meg sjølv inkludert, spådde ein langsam opptur, fordi dette var ein annleis type resesjon enn dei på 70- og 80-talet – ein som kom fordi den private sektoren tok seg vatn over hovudet, ikkje på grunn av inflasjon.
Kvifor fekk vi ikkje då den fiskale politikken vi skulle hatt? Det var, vil eg påstå, fleire skurkar i historia.
For det første kan vi diskutere om Obama-administrasjonen kunne ha fått til meir; det er ein debatt vi aldri vil sjå ei løysing på. Det som likevel er klart, er at nøkkelpersonar kring Obama var aktivt mot å gje økonomien den støtta han trong. «Stimulus er sukker,» snerra Tim Geithner til Christina Romer då ho argumenterte for ein større tiltaksplan.
For det andre var det mange som tidleg slutta å bry seg om arbeidsløysa – kan hende hadde dei ikkje evne til slikt – for heller å øse seg opp over statsunderskotet. I 2011 var arbeidsløysa framleis over 9 prosent, men alt folka i Washington ønskte å snakke om, var gjeldsfaren.
For det tredje blokkerte republikanarar freistnader på å redde økonomien, og prøvde å kvele pengebruk frå regjeringa si side heile vegen. Dei hevda at dette var fordi dei hadde omsut for fiskalt ansvar – medan det var openbert for alle (diverre så godt som ingen i nyhendemedia) at dette var eit hyklersk argument. Som vi no har sett, bryr dei seg ikkje om gjeld i det heile teke så lenge det sit ein republikanar i Det kvite huset og underskotet er motstykket til skattekutt for dei rike.
Det endelege resultatet var at politikken raskt og nokså effektivt berga bankane, for så å vende ryggen til massearbeidsløysa. Det er ei historie som er både trist og stygg. Og det er all grunn til å tru at om det kjem ei ny krise, vil det same skje om att.
Paul Krugman
Einerett: New York Times / Dag og Tid.
Omsett av Lasse H. Takle
Niall Fergusson og Paul Krugman skriv denne spalta annakvar veke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som vi no har sett, bryr dei seg ikkje om gjeld i det heile teke så lenge det sit ein republikanar i Det kvite huset.
Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.