Underskot på 37 milliardar i Statoil
Hadde Statoil vore like godt drive som Exxon, kunne selskapet ha vore verdt dobbelt så mykje som det er.
Førre veke hadde Statoil kapitaldagar i London. Den dei fleste ville tala med, var sjølvsagt Helge Lund, Noregs truleg dyraste mann gjennom tidene. Men han møtte ikkje opp. Han har det travelt med å leggja til rettes for Shells oppkjøp av British Gas, som Lund er direktør for. Når fusjonen er gjennomførd, skal han gå av. Då vil han få med seg 400 millionar i sluttpakke, som må seiast å vera god betaling for eitt år i stillinga.
Men sidan Lund ikkje lenger er direktør for Statoil, fall oppgåva med å presentera årsresultatet for 2015 på sunnmøringen Eldar Sætre. Resultatet var frykteleg, det dårlegaste i soga til Statoil. Underskotet vart på 37,3 milliardar, som om lag svarar til det norske forsvarsbudsjettet. Atter var det den internasjonale delen som drog ned. Der vart tapet i 2014 på 19,5 milliardar, i 2015 på 67 milliardar. Norsk sokkel gjekk derimot i pluss med 57,6 milliardar. Det samla underskotet vart så stort av di Statoil har måtta taka enorme avskrivingar i USA; samla vart nedskrivingane for den internasjonale delen av Statoil på 59,3 milliardar. Alt i alt vart det i 2015 avskrive, tapt og nedskrive nær 17 milliardar dollar.
Med eit slikt frykteleg tap skulle ein tru at aksjekursen gjekk rett gjennom golvet, men det hende ikkje. Faktisk gjekk aksjekursen litt opp, for, synte det seg: Statoil har svært lett for å kutta kostnader. Alt før 2016 har Statoil makta å redusera den årlege kostnaden med 1,9 milliardar dollar. Sætre melde at dei no reknar med å spara nye 2,5 milliardar i 2016. Berre på nokre månader greier altså Statoil å redusera dei årlege kostnadene med vel 20 milliardar kroner.
Stadig betre
Men det stogga ikkje der: Dei investeringane som Statoil har planlagt, hadde før ein break-even pris på 70 dollar. Denne kostnaden har Statoil fått ned til 41 dollar, og dei har god von om å få kostnadene vidare ned. Ja, Sætre sa at om eit par år har han god von om å få driftskostnadene ned i under 30 dollar fatet. I klårtekst tyder dette at Statoil då vil vera attende til dei same kostnadsnivåa som dei hadde før oljeprisen byrja å gå opp for femten år sidan.
Og det er her vi vert sitjande å kleia oss i hovudet. For om Statoil har så lett for å kutta drifts–?og investeringskostnader, kvifor i alle dagar har dei ikkje gjort det før? Og kvifor i alle dagar har dei lånt så mykje pengar som dei har lånt? For jamvel om dei får driftskostnadene ned i 30 dollar fatet, så må dei likevel ha 50 dollar per fat for å betala gjelda og gje eigarane, i hovudsak oss, utbyte og overskot.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.